Ot.prp. nr. 84 (2008-2009)

Om lov om endringar i helsepersonelloven m.m. (oppfølging av born som pårørande)

Til innhaldsliste

6 Barneansvarleg i spesialisthelsetenesta

6.1 Gjeldande rett

Det finst i dag inga rettsleg regulering av korleis spesialisthelsetenesta skal organisera arbeidet med å ta hand om behova til borna til pasientane. Det er inga plikt til å følgja opp borna, og dermed heller inga plikt til å ha barneansvarleg personell.

Teieplikta til helsepersonell gjeld normalt også overfor anna personell. I dag vert det berre opna for å gje informasjon til anna personell dersom dette er nødvendig for å kunna gje forsvarleg helsehjelp og pasienten ikkje motset seg det, jf. helsepersonelloven § 25 fyrste leden. Dette inneber at personell i utgangspunktet må delta i behandlinga av pasienten for å få tilgang til nødvendige opplysningar om pasienten.

6.2 Forslaget i høyringa

Departementet føreslo ei ny føresegn i lov om spesialisthelsetenester § 3-7 a som skulle påleggja helseinstitusjonar i spesialisthelsetenesta å ha tilstrekkeleg helsepersonell med ansvar for å følgja opp mindreårige born til psykisk sjuke, rusmiddelavhengige og alvorleg somatisk sjuke eller skadde pasientar. Dette omfatta helseføretak, private sjukehus og rusinstitusjonar, men ikkje privatpraktiserande spesialistar.

Etter høyringsnotatet skulle det i utgangspunktet vera opp til kvar einskild spesialisthelseteneste å vurdera omfanget av arbeidet ut frå lokale forhold, men departementet skulle få ein forskriftsheimel til å presisera oppgåver med vidare. Føremålet med ordninga skulle vera å sikra at behova til borna vert tekne hand om, at pasientar får tilbod om hjelp til å meistra foreldrerolla og gje grunnlag for betre koordinerte tenester mellom spesialisthelsetenesta og tenester i kommunane. Departementet la til grunn at det ikkje skulle krevjast oppretta ei eiga stilling for å fylla funksjonen. Departementet fann det ikkje tenleg at stillinga som barneansvarleg skulle knytast til ei definert yrkesgruppe.

For å sikra det barneansvarlege helsepersonellet nok informasjon til å fylla funksjonen sin, føreslo departementet at dei utan hinder av teieplikta skulle få «informasjon som er strengt nødvendig for å ivareta behovene til pasientens barn». Med strengt nødvendig informasjon meiner ein opplysningar om at pasienten har born, alder, andre omsorgspersonar, generell informasjon om tilstanden til pasienten og andre opplysningar som er nødvendige for å koordinera det avdelinga må gjera for å ta vare på borna. Det skulle såleis ikkje etter forslaget gjevast detaljert informasjon om behandlinga eller helsetilstanden til pasienten.

6.3 Høyringa

Høyringsinstansane gjev brei støtte til å lovfesta plikt for verksemder til å ha barneansvarleg helsepersonell og til at den som er utpeika må få den informasjonen som er strengt nødvendig for å ta hand om dei behova borna til pasienten har. Det vert understreka at den som får ansvaret må få nødvendig opplæring for å gjennomføra oppgåva.

Sørlandet sykehus HF, Sykehuset Asker og Bærum HF og Diakonhjemmet sykehus viser til eigne positive røynsler med barneansvarlege og stør forslaget.

Fellesorganisasjonen, Helsetilsynet i Hordaland, Borgestadklinikken og Rogaland A-senter åtvarar mot at ansvaret for borna vert konsentrert på ein eller få personar. Dei viser til at det å ta vare på borna bør vera ei grunnleggjande holdning hos alt helsepersonell som arbeider med psykisk sjuke, rusmiddelavhengige og alvorleg somatisk sjuke pasientar, og at dei som er barneansvarlege helsepersonell ikkje nødvendigvis treng vera dei som utfører arbeidet i dei einskilde familiane.

Rogaland A-senter og Helse Sør-Øst RHF stør forslaget frå departementet om at rolla som barneansvarleg bør kunna utøvast av kvalifisert helsepersonell frå alle profesjonar. Fellesorganisasjonen meiner likevel at kompetansekravet til slikt personell må vera minimum ei bachelorutdanning innanfor helse- og sosialfag med relevant vidareutdanning eller klinisk godkjenning som er retta inn mot utsette born og unge. Fagrådet innen rusfeltet i Norge meiner at dei som vert utnemnde til barneansvarlege bør ha nødvendig kompetanse om familieteori og korleis alvorleg sjukdom kan påverka kommunikasjon og samhandling i ein familie.

Bergen kommune peikar på at det også bør vera ein barneansvarleg i primærhelsetenesta.

Helsetilsynet i Hordaland meiner at den barneansvarlege bør ha tilgang på den same informasjonen som dei andre i behandlingsteamet og at forslaget frå departementet vil kunna verta oppfatta som for restriktivt i praksis.

6.4 Departementet si vurdering

6.4.1 Barneansvarleg

Ei ordning med barneansvarleg personell ved helseføretak, private sjukehus og private institusjonar som har avtale med helseføretaka er ei viktig organisatorisk løysing for å styrkja den rettslege stillinga til borna ved alvorleg sjukdom osb. hos foreldra. Ei slik ordning vil setja lovpålagde oppgåver i system, men kan også tena som ei plattform for utvikling av lokale initiativ. Høyringsinstansane gjev brei støtte til forslaget.

Det bør etter departementet si oppfatning ikkje stillast særskilde kvalifikasjonskrav til rolla som barneansvarleg. Det er eit ansvar for arbeidsgjevaren å finna fram til rett person slik at det ansvaret og dei oppgåvene som vert lagde til stillinga kan utførast på ein forsvarleg måte. Det er heller ikkje nødvendig at den barneansvarlege er personell med helsefagleg utdanning. Også sosionomar og andre yrkesgrupper vil difor kunna vera naturlege val. Ei slik løysing vil gje større fleksibilitet i helsetenesta og kan opna for ei arbeidsdeling mellom dei ymse barneansvarlege innanfor same helseføretaket. Trongen for kompetanseheving må vurderast av arbeidsgjevar.

I mange tilfelle vil pasientar ha kontakt både med spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta samstundes. Samhandling mellom ymse offentlege tenester har mykje å seia for å kunna ta hand om behova til borna som pårørande på ein god måte over tid. Barneansvarleg personell kan ta hand om samarbeidsrutinane mellom sjukehuset og vaksenpsykiatrien, barne- og ungdomspsykiatrien, barneverntenesta, kommunehelsetenestene og andre eventuelle samarbeidspartnarar, så som skule, barnehage og PP-tenesta. I samband med utskriving frå spesialisthelsetenesta og overføring til kommunen sitt ansvar er slikt samarbeid spesielt viktig. Dei barneansvarlege kan også koordinera kontakten mellom spesialisthelsetenesta og borna og syta for at sjukehuset tilbyr samtalar med borna og foreldra.

Plikta til å medverka overfor borna skal ikkje berre kvila på dei barneansvarlege. Ansvaret vert i utgangspunktet lagt på helsepersonell som har ansvar for behandling av den sjuke forelderen, jf. forslaget til ny helsepersonellov § 10 a, medan dei barneansvarlege fyrst og fremst skal setja arbeidet i system, halda helsepersonellet oppdatert og fremja barnefokuset. Praksis vil kunna variera, men i mange verksemder vil nok behandlande helsepersonell ta ansvar for samtalane med borna.

Det vil i utgangspunktet vera opp til den einskilde spesialisthelsetenesta å vurdera dei nærare arbeidsoppgåvene til den barneansvarlege ut frå lokale forhold, men departementet føreslår å gje ein forskriftsheimel for å kunna gje nærare reglar.

På denne bakgrunnen føreslår departementet at helseinstitusjonar i spesialisthelsetenesta skal ha tilstrekkeleg barneansvarleg personell med ansvar for å fremja og koordinera oppfølging av mindreårige born til psykisk sjuke, rusmiddelavhengige eller alvorleg somatisk sjuke eller skadde pasientar.

Departementet føreslår ikkje ei tilsvarande lovpålagt plikt for kommunane til å utnemna barneansvarleg helsepersonell. Det er opp til kommunane å velja korleis dei vil leggja til rette for at borna skal møtast på best mogleg måte. Dei vil difor kunne velje å utnemne barneansvarlege om det er behov.

6.4.2 Informasjon til anna personell

Behandlande helsepersonell og anna helsepersonell som er direkte involvert i helsehjelpa til pasienten bør normalt ta hand om interessene til det einskilde barnet. Dette kan også vera ei aktuell oppgåve for personell som har fått spesielt ansvar for oppfølging av pasienten, familien og borna som går ut over det som tradisjonelt vert rekna som helsehjelp. Den barneansvarlege vil, i tillegg til den koordinerande rolla si, kunna hjelpa til med vurderingar i einskildsaker og delta i samtalar når det trengst. Dette tilseier at det ikkje berre er helsepersonell som bør få informasjon som er nødvendig for å ta hand om interessene til barnet. Slik informasjon bør kunna gjevast til alt personell som skal ha ei rolle i oppfølginga.

I dag kan opplysningar som ligg under teieplikta gjevast til samarbeidande personell når dette er nødvendig for å kunna gje forsvarleg helsehjelp, med mindre pasienten motset seg det. Dette følgjer av helsepersonelloven § 25. Likevel er det ikkje gjeve eit tilsvarande høve til å gje anna personell opplysningar når det er nødvendig for å ta hand om behova til borna til pasienten. Dette inneber at pasienteni kvart einskilt tilfelle må gje samtykketil at den barneansvarlege eller anna personell følgjer opp barnet. Dette kan vera ei praktisk hindring for drøfting av korleis helsepersonellet skal bera seg åt i einskildsaker og for korleis det kan vera mogleg for anna enn behandlande personell å medverka overfor barnet og familien. Teieplikta vil mellom anna gjera det vanskeleg for ei avdeling å utnemna ein felles barneansvarleg person.

Departementet ynskjer å leggja til rette for at borna til pasientane skal kunna følgjast opp på ein tenleg måte utan at det vert gjort store inngrep i teieplikta. Departementet føreslår på denne bakgrunnen å lovfesta at helsepersonell kan gje anna personell informasjon som er nødvendig for å ta hand om behova til borna til pasienten. Etter mønster frå helsepersonelloven § 25 føreslår departementet at samarbeidande personell kan få informasjon som er nødvendig for å ta vare på borna til pasienten, med mindre pasienten motset seg dette. I så fall må det behandlande personellet handtera situasjonen utan å involvera anna personell, noko som kan innebera at det vert mindre høve til å følgja opp barnet.

Helsepersonellet vert i forslaget til ny helsepersonellov § 10 a gjeve ei generell plikt til å følgja opp behova til barnet og må sjølv velja korleis denne plikta skal utførast. Helsepersonellet bør difor ikkje påleggjast plikt til å dela informasjon med anna personell, heller ikkje barneansvarleg personell, dersom vedkomande sjølv tek ansvar for forholdet til pasienten og barnet. I staden for ei plikt bør helsepersonellet dermed få rett til å dela informasjon med anna personell.

Det vil vera nok å avgrensa informasjonstilgangen til det som er «nødvendig», slik at høyringsforslagets bruk av omgrepet «strengt nødvendig» ikkje vert vidareført. Teieplikta til helsepersonellet og samarbeid om barnets beste tilseier dette.

Helsepersonell er bunde av teieplikta etter helsepersonelloven. Det er ikkje anna personell, med mindre det uttrykkjeleg går fram av lova. Departementet føreslår difor at alt personell som får informasjon om ein pasient i samband med oppfølging av borna til pasienten skal ha same teieplikta som helsepersonell.

Til forsida