Ot.prp. nr. 84 (2008-2009)

Om lov om endringar i helsepersonelloven m.m. (oppfølging av born som pårørande)

Til innhaldsliste

7 Forholdet til internasjonale menneskerettar

Lovforslaget medverkar etter departementet si meining til å gjera det lettare å ta vare på sentrale menneskerettar som rett til deltaking og medbestemming, privatliv, omsorg og familieliv.

FNs barnekonvensjon med tilleggsprotokollar vart inkorporert i norsk rett gjennom menneskerettslova i 2003. Foreldra skal ha hovudansvaret for å følgja opp borna, men helsepersonell skal etter lovforslaget medverka til å styrkja foreldra si evne til å ta på seg omsorga. Dette er i tråd med artiklane 3. nr. 2, 5 og 18 i konvensjonen.

Barnets beste skal etter artikkel 3 nr. 1 i barnekonvensjonen vera eit grunnleggjande omsyn i alle saker som har med born å gjera. Det å nytta dette prinsippet inneber at ein skal vurdera konkret og individuelt kva som er best for det einskilde barnet. Det er ikkje sikkert at det som er best for eitt barn er best for eit anna barn i same situasjonen. Føremålet med forslaget til lovendringar er å sikra barnet sine interesser og behov når foreldra er sjuke. Helsepersonellet skal difor ta utgangspunkt i behova til barnet ved samtalar, rådgjeving og vurdering av tilvising til andre tenester. Når det gjeld spørsmålet om kor mykje informasjon om pasienten barnet skal få mot pasienten sin vilje, er det svært vanskeleg på generelt grunnlag å konkludera med kva som vil vera til barnets beste. I nokre tilfelle vil det å dela informasjon vera til barnets beste, medan det i andre tilfelle kan føra til større splitting i familien. Uansett vil det i dei aller fleste tilfella vera mogleg å dela nødvendig informasjon etter dialog med foreldra eller ved å halda seg til informasjon som ikkje ligg under teieplikta. Departementet reknar difor at det å halda oppe teieplikta som no gjeld for helsepersonellet overfor borna og omsorgspersonane deira ikkje er i konflikt med omsynet til barnets beste, sjå kapittel 5.4.3.

Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8 regulerer retten til privatliv og familieliv. Det å vidareføra teieplikta til helsepersonellet inneber at det ikkje vert gjort inngrep i retten foreldra har til privatliv. Lovforslaget sitt fokus på samtalar og rettleiing med utgangspunkt i behova til barnet legg til rette for at samvær kan gjennomførast i fleire tilfelle og med eit betre utbyte for foreldre og born. Slik er lovforslaget eigna til å fremja familielivet til dei det gjeld.

Det følgjer av barnekonvensjonen artikkel 12 om respekten for borns synspunkt at barnet skal ha rett til å gje uttrykk for synspunkta sine i saker som vedkjem det, og at det skal leggjast rimeleg vekt på synspunkta til barnet i samsvar med alder og kor moge barnet er. Retten er gjennomført i barnelova § 31. Helsepersonellet skal medverka til at det vert lagt vekt på borna sine synspunkt når ein klårgjer kva behov barnet har og vurderer tiltak. Dette vil vera eit av føremåla med dei samtalane helsepersonellet har med borna, pasienten og andre omsorgspersonar som skal gjennomførast etter forslaget til ny helsepersonellov § 10 a tredje leden. Forslaget til lovendring vil difor kunna gjera det lettare for borna å uttala seg og verta høyrde når foreldra er pasientar.

Til forsida