Ot.prp. nr. 9 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna og lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn

Til innhaldsliste

4 Departementets vurdering

For å kunne handtere tilskotsordninga på forsvarleg vis, finn departementet at det er nødvendig å krevje at trudoms- og livssynssamfunna må sende inn oversikter over fødselsnummer for alle medlemmer dei søkjer om statleg eller kommunalt tilskot for.

Som tidlegare vil det vere mogeleg å vere medlem utan å opplyse om fødselsnummer, men det vil då ikkje bli gitt tilskot for vedkomande. Trudoms- og livssynssamfunn vil ikkje bli pålagt å informere sine medlemmer om at fødselsnummer vil bli kontrollerte mot andre trudomssamfunn, Det sentrale folkeregister og medlemsregisteret til Den norske kyrkja.

Religiøs oppfatning er ei sensitiv personopplysning, jf. lov 14. april 2000 nr. 31 om behandling av personopplysninger § 2 første ledd punkt 8, og behandling av personopplysningar vil skje i samsvar med dei krava som er fastsette av Datatilsynet. Alle oversikter over fødselsnummer for medlemmene skal slettast fysisk når den årlege kontrollen er gjennomført. Kultur- og kyrkjedepartementet legg til grunn at oversikter med fødselsnummer ikkje vil bli gjort tilgjengelege for Statistisk sentralbyrå.

Kultur- og kyrkjedepartementet vil i startfasen medverke til å skaffe fram fødselsnummer. Det er likevel kvart enkelt trudoms- og livssynssamfunn som er ansvarleg for å skaffe fram fødselsnummer for dei medlemmene samfunnet søkjer om støtte for. Løyvinga til medlemsregistret til Den norske kyrkja ligger inne i tilskotsgrunnlaget for trudoms- og livsynssamfunn.Trudoms- og livssynssamfunna skal som følgje av omlegginga sende inn fødselsnummer i 2004. Ved eventuelle feil i innrapporterte medlemsoversikter er det nødvendig at dei trudoms- og livssynssamfunna dette gjeld og Den norske kyrkja får tilstrekkeleg tid til å rette opp medlemsoversiktene. Tilskot til trudoms- og livssynssamfunn vil følgjeleg bli utbetalt på grunnlag av fødselsnummer tidlegast frå 2005.

Statleg og kommunalt tilskot til dei trudomssamfunna som høyrer til dei nordiske folkekyrkjene vil, slik det har vore praksis til no, bli rekna ut frå det statistiske talet på borgarar frå det landet det gjeld og prosentdelen av befolkninga som tilhøyrer folkekyrkja i det respektive landet.

Omlegginga vil innebere at trudoms- og livssynssamfunna ikkje lenger treng søkje kommunar om tilskot. Det kommunale tilskotet vil etter omlegginga bli utbetalt når kvar kommune har fått oversikt frå Kultur- og kyrkjedepartementet over talet på medlemmer som høyrer til dei ulike trudoms- og livssynssamfunna i den respektive kommunen. Kommunane vil følgjeleg få ein forenkla administrasjon av tilskotsordninga. Endringa vil også styrkje personvernet, fordi medlemsoversikter ikkje lenger vil bli sende til kommunane.