Ot.prp. nr. 91 (2004-2005)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for forslaget om lovendring

2.1 Historikk

Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL) vart innført i grunnskolen som obligatorisk fag frå hausten 1997, jf. lovvedtak 19.06.1997 nr. 83 og Innst. O. nr. 95 (1996-97). Faget var innført på alle klassetrinn i skoleåret 1999 - 2000. Det opphavlege utgangspunktet for utviklinga av faget ligg i NOU 1995:9 Identitet og dialog.

Det er lagt til grunn at KRL-faget er eit ordinært skolefag på linje med dei andre faga i skolen. Faget skal gi kunnskap om religionar og livssyn, ikkje opplæring til ei bestemt tru. Faget skal vere ope, medverke til innsikt, respekt og dialog på tvers av trus- og livssynsgrenser og fremje forståing og toleranse i religiøse og moralske spørsmål. Formålet er å få til eit samlande skolefag, der elevane så langt som mogleg deltek i ei felles undervisning. Dette skal gi eit vesentleg bidrag til det felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlaget dagens samfunn byggjer på, med innslag frå ulike kulturar, religionar og livssyn. Undervisninga skal gjennomførast med respekt for livssynsbakgrunnen til elevane, stimulere til allsidig danning og vere med på å skape felles kulturelle referanserammer.

Faget har vore behandla av Stortinget i fleire samanhengar, m.a. er spørsmål knytte til fritaksretten blitt vurderte fleire gonger. I Innst. S. nr. 103 (1995-96) om St.meld. nr. 14 (1995-96) om KRL-faget bad fleirtalet om å få ei oversikt over praktiseringa av fritaksretten etter at fritaksreglane hadde vore i bruk i ein treårsperiode. På grunnlag av m.a. to uavhengige evalueringar av KRL-faget, sette i gang av Noregs forskingsråd, vart det vedteke å gjennomføre ein omfattande revisjon av læreplan og fritaksordning. St.meld. nr. 32 (2000-2001) og Innst. S. nr. 240 (2000-2001) gav grunnlaget for revisjonsarbeidet. Reglane for fritak vart gjorde tydelege, og innhaldet i sjølve faget vart forenkla med verknad frå høvesvis oktober 2001 og skoleåret 2002/03. Namnet på faget vart endra til kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, m.a. for å klargjere den kvalitative likestillinga mellom dei ulike delane av faget.

Dei siste åra har det vore auka internasjonal merksemd om det bidrag skolen gir til å styrkje den interkulturelle dialogen mellom nasjonar og religionar. Manglande kunnskap om den kulturelle og trusmessige bakgrunnen hos andre har vore brukt for å skape konfliktar. Derfor har m.a. UNESCO og Europarådet sett på den rolla skolen har i å medverke til dialog, forståing og toleranse i religiøse spørsmål.

2.2 Rettsbehandlinga i Noreg

KRL-faget førte til kritikk frå ulike livssynssamfunn, og i 1998 vart staten saksøkt med krav om rett til fullt fritak frå faget, med den grunngivinga at gjennomføringa av faget med avgrensa rett til fritak representerer brott på FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og på Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Saka er behandla i alle norske rettsinstansar. Borgarting lagmannsrett frifann staten og fann at det innanfor dei formelle rammene om faget er mogleg å gjennomføre ei avgrensa fritaksordning slik det er føresett. Den 22. august 2001 stadfesta Høgsterett dommen i lagmannsretten.

Etter avgjerda i Høgsterett klaga saksøkjarane Noreg inn for FNs menneskerettskomité og for Den europeiske menneskerettsdomstolen, med påstand om at faget og mangelen på fullt fritak er i strid med konvensjonen om sivile og politiske rettar og med Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

2.3 Fråsegna frå FNs menneskerettskomité

På grunnlag av klagen har FNs menneskerettskomité i fråsegn av 3. november 2004 retta kritikk, mot fritaksordninga, mot påstått religionsutøving i faget og mot forholdet mellom faget og uttrykket «kristen og moralsk oppseding» i opplæringslova § 1-2 om formålet med opplæringa.

Komiteen har fremja synspunkt om at ramma rundt KRL-faget er i strid med artikkel 18 nr. 4 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som omhandlar den fridom foreldre har til å sørgje for den religiøse og moralske oppsedinga av barna sine. Fråsegna er formelt sett ikkje bindande for Noreg som ein dom, men komiteen er det einaste internasjonale organ som uttaler seg autoritativt om konvensjonen, som er ein del av norsk lov.

Eit vesentleg punkt i fråsegna frå FNs menneskerettskomité var om obligatorisk undervisning i KRL utan fullt høve til fritak er i strid med artikkel 18 i konvensjonen.

Komiteen uttaler at religionsundervisning og livssynsundervisning i den offentlege skolen ikkje vil vere i strid med artikkel 18, dersom det skjer på ein nøytral og objektiv måte, men at offentleg opplæring som omfattar undervisning i ein særskild religion eller ei særskild tru, vil vere i strid med artikkel 18, med mindre det er opna for ikkje-diskriminerande høve til fritak eller andre alternativ som kjem foreldra sine ønske til møtes.

I den konkrete vurderinga av om undervisninga i KRL-faget «blir gjennomført på ein nøytral og objektiv måte» føretek komiteen ei heilskapsvurdering. Komiteen viser til sambandet mellom paragrafane 2-4 (om KRL-faget) og 1-2 (formålsparagrafen) i opplæringslova. Komiteen viser vidare til at enkelte aktivitetar i KRL-faget tilsynelatande ikkje berre er religionsundervisning, men også religionsutøving. Komiteen konkluderer derfor med at undervisninga i KRL-faget ikkje kan seiast å vere nøytral eller objektiv, med mindre fritakssystemet faktisk inneber at den undervisninga som blir tilboden til desse barna, er nøytral og objektiv.

Komiteen går deretter over til å vurdere om ordninga med delvis fritak kan sjåast på som ikkje-diskriminerande fritak eller alternativ som kan komme foreldra sine ønske til møtes, og kjem til at det ikkje er tilfelle. Komiteen ser det slik at den gjeldande ordninga med delvis fritak ikkje kan aksepterast ettersom ho pålegg foreldra ei betydeleg byrde ved at dei må setje seg inn i dei enkelte delane av faget for å finne ut kva dei måtte føle behov for å søkje om - og grunngi - fritak for. Komiteen uttaler vidare at ei eventuell belastning for barna ved delvis fritak kan innebere at foreldre kvir seg for å nytte dette høvet. Komiteen peiker også på at religionsorientering og religionsutøving i dagens praksis er så lite åtskilde at fritaksordninga ikkje er praktiserbar.

Komiteen pålegg Noreg å gi klagarane ei effektiv og formålstenleg utbetring. Vidare blir det påpeikt at Noreg er forplikta til å unngå liknande brott i framtida.

2.4 Regjeringa sitt forslag til oppfølging

Regjeringa har teke fråsegna frå FN-komiteen til etterretning, og foreslår å gjere dei endringane i føresegnene om faget kristendoms-, religions- og livssynsorientering, reglane for fritak og i læreplanen for faget, som er nødvendige for å komme synspunkta til komiteen, til møtes:

  1. Føresegna i § 2-4, om at den som skal undervise i faget, skal ta utgangspunkt i formålet i § 1-2, blir fjerna.

  2. Dei ulike religionar og livssyn får same kvalitative omtale i måla for faget. Dagens fordeling av sentralt lærestoff mellom ulike religionar og livssyn blir halden ved lag.

  3. Føresegna i § 2-4 om fritak blir skild ut som eiga føresegn. Fritaksordninga må ta tilstrekkeleg omsyn til foreldra sine rettar / minoritetsvernet. Reglane for melding om fritak blir forenkla, og den plikt skolen har til å gi informasjon, blir teken inn i lova. Det skal sendast informasjon til skolane om praktiseringa av fritaksordninga.

  4. Læreplanen blir endra slik at det blir eit tydelegare skilje mellom element som kan oppfattast som religiøs utøving og element som ikkje kan det. Ny læreplan blir utvikla som ein del av oppfølginga av St.meld. nr. 30 (2003-2004). Det blir halde fast ved den fastsette fordelinga mellom delane i faget.

  5. Vala av arbeidsmåtar skal presiserast i innleiinga til læreplanen og i ei eiga rettleiing for faget, for å avgrense moglegheitene for at delar av opplæringa skal kunne opplevast som utøving av religion. Varierte og engasjerande arbeidsmåtar skal framleis medverke til å formidle alle sider ved faget, og bestemte arbeidsmåtar skal ikkje utelukkast. Det skal presiserast at arbeidsmåtar som kan opplevast slik at dei ligg tett opptil religionsutøving, krev spesiell varsemd frå lærarane si side, under dette tilbod om tilpassa opplæring.

  6. Ein bør vere romsleg når det gjeld ønske frå foreldre om tilpassa opplæring for barna deira. Om nødvendig skal det likevel opnast for mellombels fullt fritak for foreldre som ønskjer det, inntil den foreslåtte, varige ordninga trer i kraft. Dei foreslåtte endringane blir sette i verk frå skoleåret 2005/06.

  7. Iverksetjinga av tiltaka frå hausten 2005 medfører behov for styrkt kompetanse hos lærarane. Regjeringa vil starte kompetanseutviklinga så snart den nye læreplanen ligg føre.

Til forsida