Ot.prp. nr. 91 (2004-2005)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

7.1 Endringar i opplæringslova

Til ny § 2-3a

Tidlegare føresegn i § 2-4 fjerde og femte ledd, om fritak frå opplæring, er skild ut som eiga føresegn i ny § 2-3a for å gjere det tydeleg at høvet til fritak ikkje berre er knytt til faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, men til heile grunnskoleopplæringa, som er regulert i § 2-3. Det er teke inn enkelte presiseringar og endringar i fritaksføresegna. Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 5.4.

Orda «religiøse aktivitetar» i overskriftatil føresegna er endra til «aktivitetar» fordi tidlegare ordlyd misvisande gav inntrykk av at det er tillate med undervisning som er forkynnande.

Første ledd i føresegna presiserer at det kan meldast fritak frå aktivitetar som av den enkelte blir oppfatta som støytande eller krenkjande ut frå eigen religion eller eige livssyn, i tillegg til aktivitetar som blir oppfatta som religionsutøving eller tilslutning til anna livssyn.

Andre ledd presiserer at det ikkje kan krevjast fritak frå kunnskap om dei ulike emna i læreplanen. Fritaksretten gjeld fritak frå aktivitetar som med rimeleg grunn kan opplevast som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn, eller som støytande eller krenkjande.

Andre ledd presiserer vidare at forvaltningslova skal gjelde dersom skolen ikkje godtek meldinga om fritak. Tredje ledd presiserer at skolen har ansvar for å sjå til at fritak blir gjennomført når det er meldt om fritak. Lovteksten viser til at eleven har rett til tilpassa opplæring når det er meldt om fritak frå aktivitetar og ulike arbeidsmåtar, jf. opplæringslova § 1-2 femte ledd. Det vil seie at eleven skal få same kunnskapen som dei andre elevane, men på ein annan måte.

Føresegna i fjerde ledd er ny og slår fast at kommunen årleg har plikt til å informere elevane og foreldra til elevar under 15 år om reglane for fritak. Femte ledder ei vidareføring av § 2-4 femte ledd.

Til § 2-4 første ledd

Omgrepet «evangelisk-luthersk tru» er endra til «evangelisk-luthersk kristendomsforståing» for å fjerne inntrykket av truselement og for å sikre kvalitativt likeverdig behandling av religionar og livssyn. Omgrepet er flytt frå strekpunkt éin til strekpunkt to, og ordet «grundig» er teke inn i strekpunkt to. Departementet viser til pkt. 4.2.1 og vurderingane og forslaget frå departementet i punkt 4.4.1. Orda «etiske og filosofiske emne» er flytte frå strekpunkt tre til nytt strekpunkt fire for betre å synleggjere at kristendomskunnskap og kunnskap om andre religionar og livssyn skal givast kvalitativt lik behandling. Forslaget inneber ingen substansielle endringar.

Som følgje av at det er tilføydd eit nytt strekpunkt fire, er dei etterfølgjande strekpunkta blitt forskyvde.

Til § 2-4 tredje ledd

Orda «ta utgangspunkt i grunnskolen sin føremålsparagraf i § 1-2 og» er tatt bort. Sjå vurderingane og forslaget i punkt 4.4.2. Ordet «religionar» er erstatta med «verdsreligionar» for å bringe teksten i samsvar med første ledd, strekpunkt tre.

Til § 2-12 andre ledd

Endringa inneber at ny § 2-3a er teken inn i lista over dei reglar i lova som gjeld private grunnskolar.

7.2 Endringar i friskolelova

Til § 3-12

Endringa inneber at tilvisinga til opplæringslova § 2-4 fjerde og femte ledd er fjerna og erstatta med tilvising til ny § 2-3a i opplæringslova.

Tidlegare andre ledd i § 3-12, som viser til at forvaltningslova gjelder ved vedtak etter føresegna, er fjerna. Tilvising om bruk av forvaltningslova er teken inn i opplæringslova § 2-3a, som gjeld tilsvarande for friskolar.

For friskolar må ordet «skoleeigaren» i opplæringslova § 2-3a fjerde ledd forståast som «styret for skolen», fordi det er skolestyret som er den øvste ansvarlege for den enkelte friskolen.

Til forsida