Ot.prp. nr. 91 (2004-2005)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringa i opplæringslova § 2-4 og fritaksreglane kan medføre auka behov for informasjon til skolane og skoleeigarane, men departementet føreset at dette kan dekkjast innanfor eksisterande budsjettrammer. I samband med iverksetjinga av Kunnskapsløfteter det allereie sett av midlar til utvikling av nye læreplanar. Ny læreplan i KRL-faget vil derfor ikkje medføre kostnader utover det som alt er sett av til formålet. Derimot vil iverksetjinga av læreplanen allereie frå hausten 2005 forsere eit behov for styrkt kompetanse hos lærarane. Departementet vil starte kompetanseutviklinga umiddelbart når ny læreplan ligg føre. Dette vil medføre kostnader til kompetanseheving på eit tidlegare tidspunkt enn føresett. Departementet vil komme tilbake til dette i dei ordinære dokumenta til Stortinget om statsbudsjettet.

Til forsida