Ot.prp. nr. 91 (2004-2005)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

4 Føresegna om faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap

4.1 Gjeldande rett

KRL-faget har formål og innhald bestemt i opplæringslova § 2-4, første til tredje ledd, med denne ordlyden:

«Undervisninga i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap skal

  • gje grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv og evangelisk-luthersk tru,

  • gje kjennskap til andre kristne kyrkjesamfunn,

  • gje kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn, etiske og filosofiske emne,

  • fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar og

  • fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.

Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

Den som skal undervise i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, skal ta utgangspunkt i grunnskolen sin føremålsparagraf i § 1-2 og presentera kristendommen, dei ulike religionar og livssyn ut frå sin eigenart. Dei same pedagogiske prinsipp skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emne.»

4.2 Høringsforslaget frå departementet

I høringsforslaget la departementet fram forslag om å gjere endringar i føresegna om faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap.

4.2.1 KRL-faget: innhald og arbeidsmåtar

Dagens føresegn gir kvantitativ prioritet til kristendommen, men legg samtidig opp til at dei ulike verdsreligionane og livssyna skal presenterast etter dei same pedagogiske prinsippa. I gjeldande føresegner om KRL-faget kjem eit større kvantitativt omfang m.a. til uttrykk ved at beskrivinga av innhaldet i kristendommen inneheld ordet «grundig», og ved at føresegna om kristendommen har fleire innhaldsmoment enn andre verdsreligionar og livssyn.

I høringsbrevet peikte departementet på at det er viktig at dei ulike verdsreligionane og livssyna blir sikra kvalitativt likeverdig behandling. Departementet meinte at det likevel er naturleg at kristendommen har ein større kvantitativ del, slik Stortinget tidlegare har gått inn for i behandlinga av St.meld. nr. 32 (2000-2001). Der føresette fleirtalet at fagstoffet skulle vektast slik at kristendommen beheldt ein større kvantitativ del, slik det er angitt i læreplanen i L97. I høringsbrevet peiker departementet på at fråsegna frå FN-komiteen ikkje er til hinder for at kristendomskunnskap framleis kan ha eit større kvantitativt omfang.

Departementet foreslo å sikre eit større kvantitativt omfang av kristendomsfagleg lærestoff ved at den betydning Bibelen og kristendommen har hatt for utviklinga av norsk historie og kultur, får ei eiga grunngiving i eit eige punkt i føresegna, og dessutan ved at ordet «grundig» blir behalde i dei to ledda om kristendomskunnskap. I høringsutkastet vart eit større kvantitativt omfang grunngitt m.a. med den betydning Bibelen og kristendommen har hatt for utviklinga av norsk historie og kultur.

Det første leddet i dei gjeldande føresegnene inneheld omgrepet «evangelisk-luthersk tru». Framleis er meir enn 85 % av befolkninga medlemmer i Den norske kyrkja, som er evangelisk-luthersk. Departementet peikte derfor på at det kan vere rimeleg å behalde vektlegginga av evangelisk-luthersk kristendomsforståing, både fordi det er den dei fleste elevar og skolar vil kunne studere i sitt lokalmiljø, og fordi ho har prega det norske samfunnet sidan reformasjonen. Derimot kan bruken av ordet «tru» utelukkande i samanheng med omgrepet «evangelisk-luthersk» gi inntrykk av at evangelisk-luthersk tru skal givast forrang i høve til trusoppfatningar i andre kyrkjesamfunn og andre religionar. Departementet foreslo å behalde vektlegginga av evangelisk-luthersk kristendomsforståing. For å sikre kvalitativt likeverdig behandling av religionar og livssyn, og fjerne inntrykket av eit truselement, vart det foreslått å endre omgrepet «evangelisk-luthersk tru» til «evangelisk-luthersk kristendomsforståing».

Føresegna om KRL-faget fastslår at kristendommen og dei ulike religionar og livssyn skal presenterast ut frå deira eigenart, og at dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn. FN-komiteen peiker på at praktiseringa av faget i konkrete tilfelle har hatt preg av å vere utøving av religion. Det tyder på eit behov for å presisere at skolane må vise særleg aktsemd ved praktisering og val av arbeidsmåtar, og sjå til at når elevar får fritak frå delar av den ordinære undervisninga, må det følgjast opp med eigna tilbod om tilpassa opplæring.

I høringsbrevet peikte departementet på at vala av arbeidsmåtar i KRL-faget skal følgje dei same prinsippa som i all anna opplæring, og medverke til variert og tilpassa opplæring. Undervisninga må gi elevane kjennskap til forskjellige religionar og livssyn, også den funksjon dei har som tradisjon og som kjelde til tru, moral og livstolking. Lærarane må møte alle elevar med respekt for deira trus- og livssynsbakgrunn. Når skolane utformar sine lokale undervisningsplanar, må det takast omsyn til samansetnaden av den elevgruppa ein faktisk skal undervise. Ei slik lokal tilpassing er heimla for faget og er spesielt viktig på småskoletrinnet.

I høringsutkastet foreslo departementet at varierte og engasjerande arbeidsmåtar framleis skal medverke til å formidle alle sider ved faget, og at bestemte arbeidsmåtar ikkje skal utelukkast. Det vart presisert at arbeidsmåtar som kan oppfattast slik at dei ligg tett opptil religionsutøving, krev spesiell varsemd frå lærarane si side, eventuelt tilbod om tilpassa opplæring. Val av arbeidsmåtar vil bli klart omtalte i innleiinga til læreplanen og i ei eiga rettleiing for faget, for å hjelpe skolane og så langt som mogleg å unngå at delar av opplæringa skal kunne opplevast som utøving av religion.

4.2.2 Føresegna om å at den som underviser i KRL-faget, skal ta utgangspunkt i formålsparagrafen for grunnskolen

I fråsegna peiker FN-komiteen på spenningar og motsetning mellom formålsparagrafen for skolen og § 2-4. Føresegna i § 2-4 slår fast at undervisninga i faget ikkje skal vere forkynnande. Samtidig seier føresegna at den som skal undervise i faget, skal ta utgangspunkt i formålet i § 1-2. Departementet peikte i høringsutkastet på at denne føresegna kan skape uklare oppfatningar av kva det inneber at faget ikkje skal vere forkynnande, og gi rom for motsetningsfylte tolkingar.

Departementet gjekk derfor inn for å fjerne tilvisinga til formålet i § 1-2 frå føresegna om KRL-faget i § 2-4. Dermed vil faget si rolle som eit ordinært og samlande fag for kunnskap, forståing og dialog, blir tydelegare. Ei slik endring vil samtidig komme fråsegna frå FN-komiteen på dette punktet til møtes.

Formålet med opplæringa i grunnskolen er fastsett i opplæringslova § 1-2 og gjeld for alle fag og all opplæring i skolen. I høringa viste departementet til at KRL-faget skal vere eit ordinært skolefag på linje med andre fag. Etter forslaget om å fjerne tilvisinga til formålet i § 1-2 frå føresegna om KRL-faget i § 2-4, meinte departementet at formålsparagrafen ikkje har noka særeiga betydning for det nye KRL-faget sett i høve til andre fag. § 1-2 i opplæringslova vart derfor ikkje teken opp til nærmare behandling i høringsbrevet. Dersom denne paragrafen skulle takast opp til nærmare vurdering, måtte det etter departementet si meining vere i ein annan og atskilleg breiare samanheng enn i høve til KRL-faget aleine.

4.2.3 Namnet på faget

I St.meld. nr. 32 (2000-2001) om evaluering av det daverande faget Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering vart det peikt på at namnet kunne gi feil signal om intensjonane med faget. Det kunne argumenterast for at namnet ikkje samsvarte med den kvalitative likebehandlinga av dei ulike trus- og livssyn som låg til grunn for faget.

Evalueringa av det daverande faget førte til revisjon av læreplanen, forbetring av fritaksordningane og til at det reviderte faget fekk nytt namn. I Innst. S. nr. 240 (2000-2001) bestemte Stortinget at namnet på det nye faget skulle vere Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap.

I høringsbrevet vart det vist til at ei eventuell ny namneendring i dag først og fremst ville ha ein symbolfunksjon. Dessutan er namnet godt innarbeidd i skolen, ikkje minst forkortinga KRL. Namnet atterspeglar hovudinnhaldet i faget, slik det er foreslått i ny § 2-4, og det går direkte fram av namnet at formålet er å gi kunnskap. Departementet fremja derfor ikkje forslag om endring av fagnemninga.

4.3 Fråsegner frå høringsinstansane

Eit fleirtal av høringsinstansane har ikkje merknader, eller støttar i hovudtrekk, høringsforslaget til ny føresegn om KRL-faget og innhaldet i denne. Dei kommunane som uttaler seg, er i hovudsak positive og støttar forslaga. Trus- og livssynssamfunn utanfor den kristne kyrkja er i hovudsak kritiske til forslaga. Det same er instansar som særleg arbeider med spørsmål om rettar.

4.3.1 KRL-faget: innhald og arbeidsmåtar

Seks av høringsinstansane ønskjer i ulik grad endringar i dagens fordeling mellom kristendomskunnskap og dei andre emna. Human-Etisk Forbund og Høgskolen i Vestfold peiker på at kvantitativ forrang for kristendomskunnskap også kan gi kvalitativ forrang, slik at dei ulike religionar og livssyn ikkje får kvalitativ lik behandling med dagens fordeling. Human-Etisk Forbund uttaler at

«Dermed blir «grundig» vel så mye en beskrivelse av dybde og nærhet og beskriver dermed også klare kvalitative forskjeller.»

Islamsk Råd foreslår at historiske og kulturelle sider ved kristendommen kan takast opp i andre fag, og at det derfor ikkje er behov for at kristendomskunnskap har større kvantitativt omfang.

Universitetet i Oslo og Fylkesmannen i Østfold meiner omgrepet evangelisk-luthersk bør gå ut, og knyter det saman med konfesjonsbindinga, som tidlegare gjaldt for kristendomsfaget. Endringa av «tru» får ingen motbør. Senter mot etnisk diskriminering og Fylkesmannen i Sør-Trøndelag peiker på at omgrepet «kristne» i setninga «fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar» bør endrast til «religiøse og humanistiske verdiar». Islamsk Råd peiker i den samanhengen på at gode verdiar bør omtalast som fellesverdiar. To høringsinstansar peiker på at formuleringa «Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande» er lite presis pedagogisk sett, og Institutt for Kristen Oppseding forslår ei meir omfattande formulering.

Fleire av høringsinstansane understrekar på ulike måtar at aktsemd er nødvendig i valet av arbeidsmåtar. Islamsk Råd og Human-Etisk Forbund meiner at enkelte arbeidsmåtar må utelukkast for å hindre forkynning, og Islamsk Råd ønskjer lovregulering av arbeidsmåtane:

«Islamsk Råd ser behov for lovregulering av pedagogiske metoder som fritt kan benyttes i KRL».

Andre fråsegner støttar samtidig at aktsemda ikkje må hindre at det blir brukt varierte arbeidsmåtar som kan gi variert undervisning og formidle faget sin eigenart, samtidig som dei gir nødvendig distanse.

4.3.2 Føresegna om at den som underviser i KRL-faget, skal ta utgangspunkt i formålsparagrafen for grunnskolen

Departementet foreslo at føresegna om at den som underviser i KRL-faget, skal ta utgangspunkt i formålet i § 1-2, blir fjerna frå føresegna om KRL-faget i § 2-4. Dette vart foreslått for at den rolla faget har som ordinært og samlande fag for kunnskap, forståing og dialog, skulle bli tydelegare. Ingen av høringsinstansane går imot forslaget, og det blir støtta av eit fleirtal. Høringsinstansar som har merknader, går ikkje imot forslaget, men peiker på at endringa ikkje er tilstrekkeleg til å sikre nøytral og objektiv undervisning. Norsk senter for menneskerettigheter uttaler mellom anna:

«Forslaget om å fjerne henvisningen vil ikke i seg selv føre til at undervisningen blir nøytral og objektiv. Skolens kristne formålsparagraf vil gjelde som en generell retningslinje for all undervisning, også KRL-faget».

Eit betydeleg mindretal av høringsinstansane fremjar forslag om endring av formålsparagrafen når det gjeld leddet «kristen og moralsk oppseding». Dette gjeld særleg høringsinstansar i universitets- og høgskolesektoren og høringsinstansar med tilknyting til trus- og livssynssamfunn, både med kristen og med anna religiøs og livssynsmessig tilknyting. Fleire av forslaga er grundig grunngitt, med forslag til nye formuleringar. Det blir m.a. peikt på at dagens formål er eit hinder for eit samlande KRL-fag.

4.3.3 Namnet på faget

I høringsbrevet drøfta departementet namnet på faget, og konkluderte med at ei eventuell namneendring først og fremst ville ha ein symbolfunksjon. På bakgrunn av at namnet er godt innarbeidd i skolen, fremja ikkje departementet forslag om endring.

Fleire av høringsinstansane foreslår nytt namn på faget. Mellom andre Utdanningsforbundet peiker på dette:

«Den symboleffekten eit nytt namn kan ha, kan vere verdfull for oppslutninga om faget».

Human-Etisk Forbund meiner på den andre sida at dei foreslåtte endringane er så lite omfattande at det ikkje er grunnlag for å endre namnet.

4.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Ifølgje fråsegna frå FNs menneskerettskomité, protokollen pkt. 14.2, kan undervisning i religion og etikk vere i samsvar med FN-konvensjonen dersom undervisninga fyller visse vilkår: «[A]rtikkel 18.4 tillater offentlig skoleundervisning i fag som generell religionshistorie og etikk dersom den gis på en nøytral og objektiv måte», og «offentlig opplæring som omfatter undervisning i en særskilt religion eller tro, er ikke i samsvar med artikkel 18 nr. 4 med mindre det er sørget for ikke-diskriminerende fritak eller alternativer som kan imøtekomme ønskene til foreldrene eller vergene.» Det går fram av fråsegna at det berre er når faget ikkje blir undervist på ein nøytral og objektiv måte, at det er behov for fritak.

Departementet vil presisere at KRL-faget, i samsvar med føresegna, ikkje skal vere forkynnande. I denne samanheng er det særleg viktig at undervisninga blir om den religiøse praksisen. Faget skal følgjeleg ikkje gi rom for religionsutøving, men gi kunnskap om tru, religionar og livssyn. Dei foreslåtte endringane i § 2-4 om KRL-faget skal medverke til å presisere dette. Saman med Regjeringa sitt vedtak om oppfølging av fråsegna frå FN-komiteen, vil føresegna leggje rammene for utarbeiding av ein ny læreplan i faget og gjere rammene for skolens praksis tydelege.

Høringsbrevet peikte på at arbeidsmåtane vil ha sentral betydning for om innhaldet i faget kan opplevast som religiøs utøving eller vere støytande på andre måtar. Skolane må vere medvitne om dette i den praktiske tilrettelegginga av opplæringa, og vise særleg varsemd ved undervisning i emne som handlar om religiøs praksis, som bønn, gudsteneste og andre former for tilbeding.

4.4.1 KRL-faget: innhald og arbeidsmåtar

Departementet meiner det er viktig at dei ulike verdsreligionane og livssyna får kvalitativt likeverdig behandling. I høringa er det ikkje komme innvendingar mot departementet sitt syn. Departementet har merkt seg at størsteparten av høringsinstansane støttar eller ikkje har merknader til forslaget om framleis å gi kvantitativ prioritet til kristendommen. I forslaget til lovtekst i høringsbrevet er dette foreslått teke vare på ved at beskrivinga av innhaldet i kristendommen inneheld ordet «grundig». Høringa har i hovudsak gitt støtte til at den betydning kristendommen har hatt for utviklinga av norsk historie og kultur, får ei eiga grunngiving i eit eige punkt. Departementet foreslår derfor, i samsvar med høringsutkastet, at den betydning Bibelen og kristendommen har hatt for kulturarven, får eit eige punkt i føresegna. Den kvalitativt likeverdige behandlinga er foreslått teken vare på ved at dei ulike verdsreligionane og livssyna skal presenterast etter dei same pedagogiske prinsippa.

Departementet har merkt seg fråsegnene om at kvantitativ forrang også kan bety kvalitativ forrang. På den andre sida har kunnskap om kristendommen grunnleggjande betydning for forståinga av norsk og samisk kulturarv. Vidare vil kristendommen framleis vere den religionen som i praksis vil vere mest synleg i samfunnet. På dette grunnlaget meiner departementet at kunnskap om kristendommen skal ha kvantitativ forrang, og at dette blir teke vare på gjennom føresegna slik denne er foreslått i høringsutkastet.

I samsvar med høringsutkastet foreslår departementet å endre omgrepet «evangelisk-luthersk tru»til «evangelisk-luthersk kristendomsforståing».Ved å endre omgrepet tru vil det bli tydelegare at faget er objektivt og nøytralt, og det vil samtidig medverke til å sikre kvalitativt likeverdig behandling av religionar og livssyn. Departementet har merkt seg at enkelte høringsinstansar meiner evangelisk-luthersk kristendomsforståing ikkje bør framhevast. Med bakgrunn i at evangelisk-luthersk kristendomsforståing er den dei fleste skolar og elevar vil møte i sitt lokalmiljø, og dessutan at denne forståinga har prega det norske samfunnet sidan reformasjonen, foreslår departementet å behalde formuleringa i samsvar med høringsutkastet.

Departementet er oppteke av at arbeidsmåtane i faget skal medverke til likeverdig undervisning om religionar og livssyn. Skolane skal i sine val av arbeidsmåtar ikkje velje aktivitetar som har preg av religiøs utøving. Arbeidsmåtane skal medverke til å presentere dei ulike religionar og livssyn ut frå deira eigenart, og dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn.

Samtidig er det viktig at skolane bruker engasjerande og varierte arbeidsmåtar, slik at undervisninga ikkje verkar teoritung og abstrakt. Departementet vil understreke at vala av arbeidsmåtar i KRL-faget skal følgje dei same prinsippa som all anna opplæring og medverke til variert og tilpassa opplæring. Undervisninga må gi elevane kjennskap til forskjellige religionar og livssyn, både som tradisjon og som kjelde til livstolking.

For å understreke betydninga av at skolane er medvitne om varsemd i samband med val av arbeidsmåtar, kan det vere nyttig å vurdere konkrete eksempel. Kunnskap om ulike gudstenester er sentrale læringsmål. Dersom skolen vel som arbeidsmåte å dra til gudshus for å studere korleis gudstenester går føre seg, har det mykje å seie korleis kunnskapsformidlinga skjer. Å delta i gudstenesta gjennom deltaking i bønn, resitasjon, song m.m. vil normalt bli opplevd som religiøs utøving. Å observere gudstenesta vil normalt vere kunnskap om utøving. Det kan vere at elevar og foreldre likevel føler seg utrygge ved at elevane er til stades som observatørar. Da vil elevane kunne melde fritak og få opplæring om den aktuelle gudstenesta på annan måte. God dialog mellom skole og heim kan medverke til å redusere slik utryggje og dermed redusere behovet for fritak.

På same måten kan enkelte teikneaktivitetar opplevast som støytande for elevar og foreldre frå religionar med biletforbod. Oppgåver som føreset teikning av hendingar der personar inngår, vil gi grunnlag for fritak. Ved større valfridom i oppgåver kan skolen medverke til å redusere fritak. Desse to eksempla viser korleis val av arbeidsmåtar stiller skolen overfor utfordringar om å vise aktsemd og varsemd, slik at formidlinga av kunnskapsstoffet medverkar til objektiv og nøytral undervisning som kan samle alle elevane.

Høringsfråsegnene underbyggjer betydninga av arbeidsmåtane og kravet om at skolane er medvitne i vala av arbeidsmåtar. Departementet foreslår derfor å behalde lovteksten i samsvar med høringsutkastet når det gjeld prinsippa for opplæringa. Gjennom ny læreplan og rettleiing til skolane vil det bli presisert at skolane må vise særleg aktsemd ved val og praktisering av arbeidsmåtar, og sjå til at når elevar får fritak frå delar av den ordinære undervisninga, blir det følgt opp med eigna tilbod om tilpassa opplæring.

4.4.2 Føresegna om at den som underviser i KRL-faget, skal ta utgangspunkt i formålsparagrafen for grunnskolen

Departementet har merkt seg at ingen av høringsinstansane har gått imot forslaget frå høringsutkastet om å fjerne tilvisinga til formålet i § 1-2 frå føresegna om KRL-faget i § 2-4. Etter departementet si vurdering vil denne endringa medverke til at faget si rolle som eit ordinært og samlande fag for kunnskap, forståing og dialog blir tydelegare. Samtidig vil moglege spenningar og motsetning mellom skolens formål og § 2-4 bli fjerna, noko som vil komme fråsegna frå FN-komiteen på dette punktet til møtes. Departementet vil derfor fjerne tilvisinga til formålet i § 1-2 frå føresegna om KRL-faget i § 2-4, i samsvar med høringsutkastet.

Departementet har også merkt seg at fleire av høringsinstansane foreslår å endre formålet for skolen når det gjeld leddet «kristen og moralsk oppseding». Departementet tek desse synspunkta til etterretning, men held fast ved at KRL-faget er eit ordinært skolefag på linje med andre fag. Dette er ytterlegare understreka gjennom forslaget til ny § 2-4, der det ikkje er noka spesiell tilvising til formålet med opplæringa. Departementet meiner at om formålet med skolen skal takast opp til vurdering, må det vere i ein annen og atskilleg breiare samanheng enn i høve til KRL-faget aleine. Departementet foreslår derfor ingen endringar i formålsføresegna i opplæringslova § 1-2.

4.4.3 Namnet på faget

Namnet på faget, slik det er i dag, vart fastsett av Stortinget i behandlinga av Innst. S. nr. 240 (2000-2001). Evalueringa av det daverande faget førte til revisjon av læreplanen og til forbetring av fritaksordninga.

Departementet viser til at eit fleirtal av høringsinstansane ikkje har merknader til, eller i hovudtrekk støttar, høringsforslaget om å behalde namnet på KRL-faget slik det er. Samtidig har departementet merkt seg synspunkta frå enkelte høringsinstansar om at ei namneendring vil ha symboleffekt og vere verdifull for oppslutninga om faget.

Departementet er samd i at ei eventuell ny namneendring i dag først og fremst ville ha ein symbolfunksjon. På den andre sida er namnet godt innarbeidd i skolen, ikkje minst forkortinga KRL. Namnet atterspeglar dessutan hovudinnhaldet i faget, slik det er foreslått i ny § 2-4, og det går direkte fram av namnet at formålet er å gi kunnskap. Vidare meiner departementet at namnet, slik det er, kan medverke til kvalitativ likebehandling av dei ulike trus- og livssyna, samtidig som det understrekar det kvantitative fortrinnet kristendomskunnskapen skal ha.

Departementet vil derfor ikkje fremje forslag om endring av namnet på faget.

Til forsida