Ot.prp. nr. 97 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

2 Samandrag av proposisjonen

Lova om Opplysningsvesenets fond § 5 har i dag reglar om at eigedommane og kapitalen som høyrer til fondet, ikkje kan brukast opp eller givast bort. Det er ikkje eit lovfesta krav om at kapitalen, dvs. pengekapitalen, skal sikrast mot inflasjon. Det siste tiåret har kapitalen hatt ein verdiauke som er større enn inflasjonen, mest som følgje av at vinstane ved sal av verdipapir (aksjar og obligasjonar) har vore sette av til kapitalen. Etter den seinaste endringa av § 5 i lova om fondet, jf. Ot.prp. nr. 90 (2000-2001) og Innst. O. nr. 97 (2000-2001), er det ikkje lenger eit lovfesta krav at desse vinstane skal setjast av til kapitalen. Vinstane er å rekne som avkastning og kan brukast, jf. i denne samanhengen St.meld. nr. 14 (2000-2001) og Innst. S. nr. 187 (2000-2001) der dette spørsmålet vart drøfta. Med bakgrunn i den seinaste endringa i lova om Opplysningsvesenets fond, og i lys av stortingsvedtaket om inflasjonsjustering av kapitalen, foreslår departementet at det i lova om Opplysningsvesenets fond § 5 vert innarbeidd eit krav om at kapitalen skal sikrast mot inflasjon.

Til fondet høyrer det ingen historisk grunnkapital som kan identifiserast. Det som i dag må reknast som grunnkapitalen, dvs. den urørlege delen av finanskapitalen, er kapitalfondet, som per 31. desember 2001 hadde ein bokført verdi på 1 462 mill. kroner. Det er denne kapitalen kravet om inflasjonssikring vil gjelde, og utgangspunktet vil vere den bokførte verdien av kapitalfondet ved utgangen av det året lovendringa tek til å gjelde. Departementet foreslår at lovfestinga av kravet om inflasjonssikring vert gjennomført ved at det av avkastninga frå fondet kvart år vert sett av eit beløp til kapitalen som svarer til inflasjonen dette året. Regelen om dette bør vere med i lova.

I samanheng med lovregelen om inflasjonssikring vil det vere nødvendig å bygge opp eit disposisjons- eller bufferfond, dvs. ein fri eigenkapital. I år med sviktande avkastning skal bufferfondet trygge inflasjonssikringa av kapitalen og sikre stabilitet i dei utgiftsoppgåvene fondet elles har. Utjamnings- eller disposisjonsfond med oppgåve som bufferfond har vore etablert frå før. Resultatet for fondet i 2001 førte til at denne frie eigenkapitalen vart redusert til 10 mill. kroner per 31. desember 2001. Ved at vinstane ved sal av verdipapir vert rekna som avkastning, og etter eit krav no om inflasjonssikring av kapitalen, må bufferfondet - eller den frie eigenkapitalen - byggjast opp til det har nådd eit nivå som gir stabilitet ved eventuell svikt i finansinntektene. Denne oppbygginga må ha prioritet i åra framover. Departementet vil drøfte med styret for Opplysningsvesenets fond kva som bør vere storleiken på bufferfondet, retningslinjer for oppbygginga av dette fondet, korleis midlane her bør plasserast mm., og vil komme tilbake til dette spørsmålet seinare.

Å lovfeste inflasjonssikringa er i seg sjølv ingen garanti for at sikringa kan gjennomførast det einskilde året. Risikoen for at inflasjonssikringa det einskilde året ikkje kan oppfyllast, vil vere særleg stor fram til bufferfondet er bygd opp, men vil aldri kunne eliminerast heilt. Dersom det over fleire år ikkje har vore mogleg å inflasjonssikre kapitalfondet fullt ut, vil det naturlege vere å fastsetje eit nytt utgangspunkt for inflasjonssikringa. Dersom dette vert ei aktuell problemstilling i åra som kjem, vil departementet komme tilbake til den konkrete behandlinga av spørsmålet.

Lovfesting av inflasjonssikringa, oppbygging av eit bufferfond og vidareføring av dei utgiftsoppgåvene fondet har i dag, vil føre med seg bindingar på bruken av avkastninga i åra framover. Departementet kan ikkje sjå at det no er grunnlag for å ta opp spørsmålet om ei fast utviding av dei utgiftsoppgåvene fondet har. Først må avkastninga og den finansielle situasjonen for fondet gi grunnlag for det. Dersom grunnlaget er til stades, vil departementet komme tilbake til spørsmålet om utvida bruk av avkastninga. Departementet legg elles til grunn at det finansielle tilskottet som fondet kvart år yter til felleskyrkjelege tiltak, i framtida skal gå av den avkastninga fondet har hatt året før. Det same prinsippet må gjelde for eventuelle finansielle tilskott frå fondet til andre kyrkjelege formål. Når avkastninga av fondet blir brukt til denne typen formål, bør avkastninga vere spart opp og kjend før ho vert disponert.