Ot.prp. nr. 97 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

3 Opplysningsvesenets fond

3.1 Generelt

Opplysningsvesenets fond har sitt grunnlag i Grl. § 106, som handlar om det benefiserte godset, dvs. eigedommar som frå gammalt av høyrde til det einskilde presteembetet som underhald for presten. I Grl. § 106 heiter det:

«Såvel Kjøbesummer som Indtægter af det Geistligheden benefiserede Gods skal blot anvendes til Geistlighedens Bedste og Oplysningens Fremme.»

Opplysningsvesenets fond vart danna ved lov i 1821 av det i Grl. § 106 omhandla benefiserte godset. Fondet er no regulert i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. O. nr. 45 (1995-96) og Ot.prp. nr. 68 (1994-95) Om lov om Opplysningsvesenets fond.

Opplysningsvesenets fond er eigar av skog- og jordbrukseigedommar, tomter, bygningar og pengekapital. Ved årsskiftet 2001/2002 er fondet eigar av om lag 600 eigedommar fordelte på 380 kommunar, med eit samla areal på om lag 1 million dekar. Fondet er eigar av 460 prestebustader.

I rekneskapen for fondet har verdien av eigedommane i lengre tid vore ført opp med 1 000 kroner. Dette har som bakgrunn at eigedommane i det store og heile har høyrt til fondet frå eldre tid. I 1999 vart det gjort eit overslag over verdien av eigedommane. Salsverdien vart da rekna til 2,4 mrd. kroner dersom alle eigedommane skulle ha vore avhenda.

Den bokførte verdien av heile penge- eller finanskapitalen til fondet var 1 469 mill. kroner per 31. desember 2001. Finanskapitalen er i hovudsak plassert i norske og utanlandske verdipapir og utlånt til kyrkjelege formål.

Frå 1. januar 2001 vart det under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet etablert eit forvaltningsorgan som fekk den daglege forvaltninga av Opplysningsvesenets fond som oppgåve. Ansvaret for denne forvaltninga vart lagt til eit styre med kyrkjeleg representasjon. Dei organisatoriske endringane er omtalte i St.prp. nr. 61 (1999-2000), jf. Innst. S. nr. 220 (1999-2000).

3.2 Historisk utvikling av kapitalen

Da Opplysningsvesenets fond vart skipa ved lov i 1821, var kapitalen fordelt på hovudfondet, dvs. kapitalfondet, med ei rekkje underfond som kvar for seg var omfatta av særskilde reglar. Seinare vart mange av desse fonda samla i kapitalfondet. Sikre rekneskapstal om storleiken på kapitalfondet går tilbake til 1957. Kapitalfondet var da nær 45 mill. kroner. Pengane var den gongen plasserte som bankinnskott og i obligasjonar. Per 31. desember 1990 var kapitalfondet 143 mill. kroner. Realverdien av kapitalfondet minka i denne perioden som følgje av inflasjonen.

Ved inngangen til 1990-talet var kapitalen fordelt på tre fond. I tillegg til kapitalfondet hadde ein Særfondet, danna ved lov i 1923 om bruken av visse prestegardsinntekter, og Særfond II, danna i 1985 med bakgrunn i at delar av eigedommane til fondet no skulle seljast i større omfang enn før, jf. Innst. S. nr. 222 (1984-85) og St.meld. nr. 64 (1984-85). Særfondet og Særfond II vart avvikla og lagde til kapitalfondet 1. januar 1997 i samband med at den nye lova om Opplysningsvesenets fond tok til å gjelde. Den bokførte verdien av kapitalfondet, Særfondet og Særfond II var 237 mill. kroner per 31. desember 1990. Aktiv forvaltning av kapitalen, særleg ved kjøp av aksjar, tok til i 1991.

Den bokførte verdien av kapitalfondet, medrekna Særfondet og Særfond II, steig frå 237 mill. kroner per 31. desember 1990 til 1 462 mill. kroner per 31. desember 2001. Marknadsverdien 31. desember 2001 var 1,5 mill. kroner høgare (kursreserven). Auken i denne perioden er eit resultat av sal av eigedommar, av avsetningar av vinstar ved sal av verdipapir (aksjar og obligasjonar) og av avsetning av overskott, dvs. den delen av avkastninga som ikkje vart nytta til forbruk eller sett av til disposisjonsfond. Figur 3.1 viser utviklinga av kapitalfondet i den aktuelle perioden, medrekna Særfondet og Særfond II. Figuren viser kva auken har bakgrunn i. I perioden vart det sett av 651 mill. kroner til kapitalfondet etter sal av eigedom, 529 mill. kroner vart sett av som vinstar etter sal av verdipapir og 102 mill. kroner var avsetning av overskott.

Figur 3.1 

Figur 3.1

Den bokførte finanskapitalen per 31. desember 2001, i alt 1 469 mill. kroner, representerer ein nedgang på om lag 43 mill. kroner i høve til den bokførte verdien per 31. desember 2000. Marknadsverdien av finanskapitalen per 31. desember 2001 er 1 470 mill. kroner. Dette representerer ein nedgang på nær 143 mill. kroner i høve til marknadsverdien per 31. desember 2000. Resultatet for 2001 har særleg samanheng med nedgang i finansinntektene og tap ved sal av verdipapir. I 2001 var tapet ved sal av verdipapir 32,4 mill. kroner. Til samanlikning var det i 1998 vinstar på 67 mill. kroner, i 1999 vinstar på 134 mill. kroner, og i 2000 vinstar på 177 mill. kroner ved sal av verdipapir. Det samla resultatet for fondet i 2001 førte med seg at den frie eigenkapitalen, som var på nær 70 mill. kroner per 31. desember 2000, er redusert til 10 mill. kroner per 31. desember 2001. Nedgangen i finansinntektene i 2001 samanlikna med tidlegare år, har særleg bakgrunn i den generelle nedgangen i aksjemarknaden i 2001.

3.3 Innst. S. nr. 187 (2000-2001) og St.meld. nr. 14 (2000-2001)

I St.meld. nr. 14 (2000-2001) Børs og katedral - Om økonomien i Den norske kyrkja, var det med ein brei omtale av Opplysningsvesenets fond, mellom anna med presentasjon av korleis bruken av avkastninga fordeler seg mellom dei ulike forretnings- eller utgiftsområda. Departementet viser til presentasjonen der. Bruken av avkastninga vart drøfta i meldinga, i tillegg til prinsipp og retningslinjer for forvaltninga av fondet. I meldinga vart det foreslått at vinstane ved sal av verdipapir skulle reknast som avkastning, ikkje som ein del av den urørlege kapitalen, for slik å opne for at fondet kunne få det finansielle ansvaret for fleire kyrkjelege oppgåver. I Innst. S. nr. 187 (2000-2001) slutta fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen seg til forslaget om at vinstane ved sal av verdipapir skulle reknast som avkastning, og § 5 i lova om fondet vart deretter endra, jf. Innst. O. nr. 97 (2000-2001) og Ot.prp. nr. 90 (2000-2001). Vinstane ved sal av verdipapir er etter dette no å rekne som avkastning.