Ot.prp. nr. 97 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

6 Særskilde merknader

Til § 5

Kravet om inflasjonssikring er foreslått innarbeidd i § 5 som eit nytt tredje ledd. Med kapitalen er meint kapitalfondet. Det er elles den bokførte verdien av kapitalfondet ved utgangen av det året da lovregelen om inflasjonssikring tek til å gjelde, som skal sikrast mot inflasjon, jf. pkt. 4.3.

Til § 6

I første punktum er innarbeidd føresetnaden om at inflasjonssikring av kapitalen har same prioritet som fondet sine utgifter ved bruken av avkastninga.

Regelen om korleis inflasjonssikringa skal gjennomførast, er formulert i eit nytt andre punktum.

I siste punktum er innarbeidd eit tillegg om at det kan leggjast midlar frå avkastninga til disposisjonsfond. Det omtalte bufferfondet under pkt. 4.3.2 er eit slikt disposisjonsfond. Det er naturleg at slik disponering av avkastninga er omtalt i lova.