Prop. 109 L (2012–2013)

Endringar i inndelingslova

Til innhaldsliste

6 Nokre spørsmål om økonomiarbeidet før samanslåing og før ein kommune eller fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke

6.1 Gjeldande rett

Lovlegkontroll

Etter gjeldande rett skal Fylkesmannen gjere lovlegkontroll av budsjettvedtak når ei utgreiing om samanslåing er sett i gang, jf. inndelingslova § 28. Kommunelova blei endra med verknad frå 1. januar 2001 slik at kontroll med kommunebudsjetta berre skal skje på særlege vilkår, jf. kommunelova § 60. Ved lovlegkontroll er det dermed ein skilnad mellom kommunelova og inndelingslova.

I forarbeida til inndelingslova (Ot.prp. nr. 41 (2000–2001) blei det peika på at erfaringar viser at særleg investeringar har ein tendens til å auke sterkt før vedtak om samanslåing blir sette i verk. Statleg kontroll i tida før ei samanslåing kan òg hindre at den nye kommunen får handlingsfridomen sin svekt som følgje av overinvesteringar i samanslåingskommunane før iverksetjinga.

Oppgåvene til fellesnemnda når det gjeld økonomiplanen

Inndelingslova § 26 seier i dag at det ved samanslåing av kommunar eller fylkeskommunar skal opprettast ei fellesnemnd til å samordne og førebu samanslåinga. Føresegna slår mellom anna fast at fellesnemnda skal ta hand om det førebuande arbeidet med budsjettet for det første driftsåret etter at samanslåinga er sett i verk. Andre arbeidsoppgåver og fullmakter for nemnda blir fastsette i reglement som alle kommunestyra eller fylkestinga må vedta.

Kommunane kan gje fellesnemnda relativt vide fullmakter. Grunnlaget er då til stades for at fellesnemnda kan bli eit effektivt organ som kan gjere naudsynte vedtak på vegner av den nye kommunen i fasen mellom vedtaket om samanslåing og tidspunktet for iverksetjinga. Kommunane bør sjølve avgjere kva oppgåver nemnda skal ha. For å unngå at ei eventuell usemje skal lamme arbeidet, opnar lova for at kvar av kommunane eller fylkeskommunane kan bringe usemja inn for departementet, sjå § 26 fjerde ledd.

Fellesnemnda skal ikkje ha innverknad på drifta i dei eksisterande kommunane. Det er dei valde kommunestyra i dei einskilde kommunane som er ansvarlege for den daglege drifta i kommunane så lenge kommunane er sjølvstendige einingar. Reglane om lovlegkontroll i kommunelova § 59 gjeld òg for avgjerder som er tekne i fellesnemnda.

6.2 Høyringsnotatet

Etter kommunelova skal kommunestyret eller fylkestinget kvart år vedta ein rullerande økonomiplan for dei neste fire åra. Inndelingslova seier ikkje noko eksplisitt om kva ansvar fellesnemnda har for arbeidet med ein felles økonomiplan. Departementet skreiv i høyringsnotatet at det er rimeleg at fellesnemnda òg tek hand om det førebuande arbeidet med å rullere økonomiplanen, på same vis som med budsjettet, i det siste året før samanslåinga. Departementet føreslo vidare å endre lova slik at staten kan kontrollere budsjettet medan samanslåinga blir greidd ut, i motsetnad til dagens krav om at staten skal kontrollere budsjettet. Framlegget om lovlegkontroll etter skjønn er i notatet grunngjeve med at det ikkje er naudsynt å føre kontroll i kvart tilfelle og i heile perioden mellom utgreiinga og gjennomføringa. Praksis hos Fylkesmannen tyder òg på at lovlegkontroll av budsjetta blir gjennomført i varierande grad ut frå ei skjønnsvurdering av behovet for kontroll. Framlegget vil difor berre stadfeste praksis. Tilfella der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke, kan reise mange av dei same spørsmåla som ei samanslåing. Departementet foreslo difor at framlegga òg skal gjelde i desse tilfella.

6.3 Høyringa

Ingen av høyringsinstansane har uttalt seg mot desse framlegga.

Til framlegget om at fellesnemnda skal førebu arbeidet med den fireårige økonomiplanen, har høyringsinstansane peika på at det vil fremje eit langsiktig perspektiv og gje ei realistisk oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden.

6.4 Framlegget frå departementet

Departementet viser til vurderingane i høyringsnotatet når det gjeld behovet for å samordne delar av regelverket for samanslåingar med dei generelle økonomiføresegnene i kommunelova. Til framlegget om å endre § 28 om lovlegkontroll, vil departementet trekkje fram at det er tilstrekkeleg at departementet kan føre kontroll med budsjetta. Departementet viser til at ingen høyringsinstansar har gått mot framlegga og held fast ved framlegga i høyringsnotatet.