Prop. 109 L (2012–2013)

Endringar i inndelingslova

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei einskilde føresegnene

Merknader til inndelingslova

Til § 2

Overskrifta blir endra frå ”virkeområde” til ”verkeområde”. Endringa er berre ei språkleg retting.

Til § 3 andre ledd

Føresegna får ein ny bokstav b, slik at definisjonen av ”deling” òg omfattar prosessen der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke. Føresegnene som gjeld for ”deling” vil dermed òg gjelde for desse tilfella.

Sjå bakgrunnen for føresegna i kapittel 4.

Til § 5

Ved at definisjonen av ”deling” i § 3 blir endra til òg å omfatte prosessen der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke, blir myndigheita til å ta avgjerd om deling i desse tilfella den same som der ein kommune eller fylke blir delt i to eller fleire nye einingar. Dette er òg bakgrunnen for at ”to eller fleire nye einingar” blir teke bort frå lovteksten i første punktum. Stortinget skal framleis gjere vedtak når deling av eit fylke inneber to eller fleire nye fylke (jf. § 3 andre ledd bokstav a), men òg når delinga inneber at dei einskilde delane blir lagde til andre fylke (jf. § 3 andre ledd bokstav b).

”Eller kommunane” er føydd til i andre punktum for å fange opp at føresegna no òg omfattar prosessen der ein kommune blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar. Dersom Kongen skal kunne gjere vedtak i desse tilfella, må alle kommunar saka gjeld ha slutta seg til forslaget.

I tredje punktum er det presisert at dersom éin kommune har uttalt seg mot deling, skal saka leggjast fram for Stortinget for avgjerd. Presiseringa blir gjort fordi føresegna òg skal gjelde for deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b. I desse tilfella er det nok at minst éin kommune uttalar seg mot deling for at saka må leggjast fram for Stortinget for avgjerd.

Til § 6

Føresegna fastset at Kongen skal kunne flytte inntil éin kommune til eit anna fylke, utan omsyn til innbyggjartal og areal. Dersom grensejusteringa gjeld meir enn éin kommune, må Stortinget ta avgjerd om overføring til nytt fylke. Føresegna hindrar ikkje at regjeringa kan sende ei sak til Stortinget også om regjeringa kunne ha teke avgjerda sjølv. Regjeringa skal leggje fram for Stortinget saker til avgjerd når det er spørsmål om endra fylkestilknyting for to eller fleire kommunar, også der Kongen tilrår å avslå søknaden.

Sjå bakgrunnen for føresegna i kapittel 5.

Til § 12 første og andre ledd

I første ledd blir”lagt” endra til ”lagde”. Endringa er berre ei språkleg retting. ”Eller deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b” er føydd til i føresegna.

I andre ledd er”eller deling”føydd til i føresegna. ”Eller kommunane” er føydd til i føresegna for å fange opp at føresegna no òg omfattar prosessen der ein kommune blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar. Det inneber at det blir to eller fleire kommunestyre som må gjere vedtak i medhald av denne føresegna når deling skal skje etter § 3 andre ledd bokstav b.

Til § 15 første ledd, første punktum:

Overskrifta er endra til ”Økonomisk kompensasjon”. Endringa er berre ei forenkling.

”Og deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b”er føydd til i føresegna. Dette inneber at eingongskostnader som er direkte knytte til prosessen med deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b, skal kompenserast på line med alminnelege samanslåingar. Omgrepet ”samanslåingsprosessen” er erstatta med ”desse prosessane”. Dette for å fange opp at både prosessen med samanslåing og prosessen med deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b skal gje grunnlag for kompensasjon etter føresegna.

Til § 17 andre ledd bokstav a

I andre ledd blir”lovpålagt” endra til ”lovpålagde”. Endringa er berre ei språkleg retting.

Til § 20

Endringane er berre redaksjonelle.

Til § 23 første ledd

I første ledd er ”såframt” endra til ”så framt”. Endringa er berre ei språkleg retting.

Til § 25

Endringane i føresegna er gjorde for å fange opp prosessen der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke.

Ordet ”revisoreining” er bytt ut med ordet ”revisor”. Endringa er berre redaksjonell for å bringe ordvalet i samsvar med kommunelova § 78 nr. 4 første punktum.

Sjå bakgrunnen for føresegna i kapittel 4.

Til § 26 første ledd første punktum

I første ledd er ”og ved deling som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b” og ”eller delinga” føydd til. Føresegna seier at ei fellesnemnd skal opprettast ved prosessen der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke på same måte som ved samanslåing. Kommunen eller fylkeskommunen som skal slutte å eksistere, kjem dermed til å velje representantar til minst to fellesnemnder. Det kommunestyret eller fylkestinget som skal slutte å eksistere, kan velje dei same personane til begge fellesnemndene.

Til § 26 tredje ledd

I tredje ledd er ”med økonomiplanen og”, ”eller delinga som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b” og ”økonomiplanen” føydd til. ”Virkeperiode” er erstatta med ”verkeperiode”. Fellesnemnda får myndigheit til å ta hand om det førebuande arbeidet med å rullere økonomiplanen, på same vis som med budsjettet, i det siste året før samanslåinga eller der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke.

Til § 26 femte ledd

Femte ledd andre punktum blir endra frå ”Dette gjeld også kommunestyret/fylkestinget si fullmakt til å tilsetje administrasjonssjef og revisor” til ”Dette omfattar også tilsetjing av administrasjonssjef og revisor.” Endringa er berre redaksjonell.

Etter tredje punktum skal tilsetjing av revisor skje på bakgrunn av innstilling frå kontrollutvala. Fellesnemnda kan etter fjerde punktum få delegert myndigheit til å føre vidare deltaking i interkommunalt samarbeid om revisjon eller føre vidare ein avtale med ein annan revisor. Slike vedtak skal skje på bakgrunn av innstilling frå kontrollutvala.

Sjå bakgrunnen for føresegna i kapittel 7.

Til § 27

Etter første ledd første punktum blir føresegna om konstituering av nytt kommunestyre eller fylkesting gjort gjeldande for prosessen der ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke.

”Eller delinga som nemnt i § 3 andre ledd bokstav b” er føydd til i andre ledd.

Til § 28

Medan samanslåing blir greidd ut, kan staten kontrollere budsjettet etter ei skjønsmessig vurdering av behovet for kontroll. Staten kan òg kontrollere budsjettet medan det blir greidd ut om ein kommune eller eit fylke skal bli delt, og dei einskilde delane skal bli lagde til andre kommunar eller fylke.