Prop. 109 L (2012–2013)

Endringar i inndelingslova

Til innhaldsliste

7 Val av revisor og sekretariatsmodell for kontrollutvalet

7.1 Gjeldande rett

Etter kommunelova vel kommunestyret eller fylkestinget sjølv revisjonsordning. Kommunelova § 78 nr. 3 seier at kommunestyret eller fylkestinget sjølv avgjer om kommunen eller fylkeskommunen skal tilsetje eigne revisorar, delta i eit interkommunalt samarbeid om revisjon eller inngå avtale med ein annan revisor. Kontrollutvalet skal innstille til kommunestyret eller fylkestinget om val av revisjonsordning og val av revisor, jf. kommunelova § 78 nr. 3 og nr. 4. Kommunelova § 77 nr. 10 pålegg kommunestyret og fylkestinget å sørgje for sekretærbistand til kontrollutvalet.

Etter inndelingslova § 26 kan fellesnemnda ved samanslåing få delegert myndigheit til å tilsetje eigen revisor. Denne kompetansen kunne kommunestyret eller fylkestinget elles ikkje ha delegert. Det gjer at den nye kommunen kan ha tilsett revisor frå dag éin.

Etter inndelingslova kan ikkje fellesnemnda velje kva revisjonsmodell den nye kommunen eller fylkeskommunen skal ha.

7.2 Høyringsnotatet

Departementet føreslo i høyringsnotatet at tilsetjing av revisor skal skje på bakgrunn av innstilling frå kontrollutvala. Vidare blei det føreslått at fellesnemnda kan få delegert myndigheit til å føre vidare deltaking i eit interkommunalt samarbeid om revisjon eller ein avtale med ein annan revisor. Det same blei føreslått å gjelde for kontrollutvalssekretariatet. Vedtaket i nemnda om å føre vidare deltaking i interkommunalt samarbeid om revisjon eller avtale med ein annan revisor, og fullmakt til å føre vidare ein avtale om sekretariat for kontrollutvalet skal skje på bakgrunn av innstilling frå kontrollutvala. Departementet la i høyringsnotatet til grunn at dersom dei opphavlege kommunane eller fylkeskommunane har nytta same revisor og hatt same sekretariat for kontrollutvalet, skal dette førast vidare.

7.3 Høyringa

Norges Kommunerevisorforbund (NKRF) peikar på at det er uheldig at det same organet fremjar budsjettframlegg og vel revisor, og tilrår å ta inn ei føresegn om at kommunestyret året etter konstitueringa må vedta revisjonsordning og velje revisor etter dei vanlege føresegnene i kommunelova.

7.4 Framlegget frå departementet

Departementet peikar på at framlegget frå NKRF ikkje er høyrt, og at departementet ikkje kan sjå at det er eit problem at fellesnemnda både førebur budsjettet og vel revisjonsordning. Kommunelova seier at kontrollutvalet skal innstille til kommunestyret eller fylkestinget om val av revisjonsordning og val av revisor, jf. § 78 nr. 3 og nr. 4. Departementet meiner at kontrollutvalet i dei opphavlege kommunane og fylkeskommunane bør innstille til fellesnemnda før desse avgjerdene blir tekne. Dette inneber at det er kontrollutvala som førebur saka for fellesnemnda. Kvart kontrollutval gjev si innstilling. Fellesnemnda kan med andre ord ta avgjerda på grunnlag av motstridande innstillingar. Sjølv om det ikkje er eit krav i kommunelova, legg departementet òg opp til at kontrollutvala ved samanslåing skal innstille til fellesnemnda om val av sekretariat for kontrollutvalet. Departementet meiner det er viktig at den nye kommunen kan ha organiseringa av revisjonen og kontrollutvalssekretariatet klarlagd frå dag éin. Departementet held fast ved framlegga i høyringsnotatet om at nemnda kan få delegert fullmakt til å føre vidare anten deltaking i eit interkommunalt samarbeid om revisjon eller ein avtale med ein annan revisor. Det same bør gjelde for kontrollutvalssekretariatet. Departementet held òg fast ved framlegget om at avgjerda i nemnda om å føre vidare deltaking i interkommunalt samarbeid om revisjon eller ein avtale med ein annan revisor, og fullmakt til å føre vidare ein avtale om sekretariat for kontrollutvalet, skal skje på bakgrunn av innstilling frå kontrollutvala.