Prop. 114 L (2010–2011)

Endringar i lov om folketrygd, lov om Statens pensjonskasse og i enkelte andre pensjonslover (presiseringar mv. i samband med pensjonsreforma)

Til innhaldsliste

3 Oppretting og presiseringar i folketrygdlova

3.1 Unntak frå krav om tre års trygdetid for rett til alderspensjon for personar som har fått uførepensjon på grunn av yrkesskade fram til fylte 67 år eller pensjon til attlevande ektefelle

For å få rett til alderspensjon må ein ha minst tre års trygdetid (butid), sjå folketrygdlova § 19-2 første ledd. For flyktningar er det gjort unntak frå kravet om tre års trygdetid i § 19-2 andre ledd.

Også to andre grupper kan få pensjon frå 67 år utan at dei oppfyller kravet om minst tre års trygdetid. Det gjeld personar som blir uføre på grunn av yrkesskade før dei er 67 år, og attlevande ektefellar når den avdøde hadde minst tre års trygdetid.

Den som blir ramma av ein yrkesskade eller yrkessjukdom, har rett til ytingar frå folketrygda etter særskilde føresegner. Vilkåret om at ein må ha vore medlem i minst tre år for å få uførepensjon, gjeld ikkje, og grunnpensjonen og tilleggspensjonen skal ikkje reduserast sjølv om vedkommande har mindre enn 40 års trygdetid eller poengår, sjå folketrygdlova § 12-18, jf. § 3-30.

Når det gjeld alderspensjon, går det fram av § 19-20 at pensjonen ikkje skal reduserast sjølv om vedkommande har mindre enn 40 års trygdetid eller poengår. Det er likevel ikkje gjort unntak frå kravet i § 19-2 første ledd om tre års trygdetid for personar som blir uføre på grunn av yrkesskade før dei er 67 år. Desse personane får likevel pensjon etter at dei har fylt 67 år, ved at dei, i samsvar med § 12-18 fjerde ledd, får uførepensjon livet ut.

Departementet viser til at det no er innført levealdersjustering og ny regulering i alderspensjonen i folketrygda. Uførepensjon utgjer derfor ikkje lenger den same ytinga som vedkommande ville fått som alderspensjonist. Ei vidareføring av gjeldande reglar betyr derfor at yrkesskadde som ikkje har tre års trygdetid, vil få ei høgare yting frå 67 års alder enn yrkesskadde som har meir enn tre års trygdetid, og som derfor har rett til alderspensjon frå 67 år. Ei slik forskjellsbehandling har ikkje vore tilsikta og vil vere urimeleg.

Departementet foreslår å gjere unntak frå kravet om minst tre års trygdetid for rett til alderspensjon for personar som har fått innvilga uførepensjon etter yrkesskade før dei er 67 år. Forslaget inneber at uførepensjon i alle tilfelle blir rekna om til alderspensjon ved fylte 67 år, også når vedkommande har mindre enn tre års trygdetid.

Departementet viser til lovforslaget, § 12-18 fjerde ledd og § 19-2 andre ledd bokstav a.

Dei nærmare reglane for berekning av alderspensjonen for den som har fått uførepensjon ved yrkesskade, blei frå 1. januar 2011 flytta frå § 19-11 til nye § 19-20. Departementet foreslår at tilvisinga til alderspensjon i oversikta over særfordelar ved yrkesskade i § 13-2 blir retta opp.

Departementet viser til lovforslaget, § 13-2 andre ledd.

Attlevande ektefellar som ikkje sjølve har tre års trygdetid, men der den avdøde hadde minst tre års trygdetid, får i dag alderspensjon frå fylte 67 år etter føresegnene i § 19-16 og § 19-20 andre ledd. Departementet meiner at unntaket frå treårskravet også bør gå direkte fram av føresegna om føregåande trygdetid i § 19-2.

Departementet viser til lovforslaget, § 19-2 andre ledd bokstav b.

3.2 Forskriftsheimel for å rekne om alderspensjon ved endring av medlemskap i folketrygda

Flyktningar får alderspensjon etter kapitla 19 og 20 rekna ut etter særlege reglar dersom dette er til fordel for pensjonisten. Mellom anna blir grunnpensjon, minste pensjonsnivå og garantipensjon rekna ut på bakgrunn av full trygdetid sjølv om trygdetida er mindre enn 40 år, slik at dei er sikra full minstepensjon. Desse fordelane kan ikkje eksporterast, sjå § 19-3 fjerde ledd andre punktum og § 20-10 femte ledd andre punktum. Det vil seie at dersom ein flyktning flyttar til utlandet (utan å oppretthalde medlemskap i folketrygda), skal alderspensjonen bli rekna ut etter dei ordinære reglane.

For rett til garantipensjon er det eit vilkår at ein er medlem i folketrygda eller at ein har minst 20 års trygdetid. Dersom ein alderspensjonist med mindre enn 20 års trygdetid flyttar til utlandet, vil pensjonisten ikkje få med seg garantipensjonen, men berre den opptente inntektspensjonen.

Når det gjeld alderspensjon etter kapittel 19, er det i § 19-3 femte ledd gjeve ein forskriftsheimel for å kunne gje nærmare reglar om omrekninga. Det er ikkje tilsvarande heimel for å fastsetje forskrift om omrekning for alderspensjon etter kapittel 20. Departementet forslår at det blir gjeve ein slik heimel i § 20-10.

Departementet viser til lovforslaget, § 20-10 nytt sjette ledd.

3.3 Presiseringar og språkleg oppretting

3.3.1 Tilvising til alderspensjon etter folketrygdlova kapittel 20

Føresegnene om ny alderspensjon, som består av inntektspensjon og garantipensjon, går fram av folketrygdlova kapittel 20, medan føresegnene om dagens alderspensjon går fram av folketrygdlova kapittel 19, jf. kapittel 3. Personar som er fødde frå og med 1963, får alderspensjon utelukkande etter kapittel 20, medan personar som er fødde til og med 1953, utelukkande får alderspensjonen sin etter kapittel 19. For personar som er fødde i åra 1954–1962, er alderspensjonen sett saman av forholdsmessige delar berekna etter dei to kapitla.

Departementet foreslår å setje inn tilvisingar til alderspensjon etter kapittel 20 der det i dag er vist til alderspensjon etter kapittel 19, i dei andre delane av folketrygdlova.

Departementet viser til lovforslaget, § 2-9 første ledd, § 2-13 første ledd og § 22-10 tredje ledd.

3.3.2 Berekning av alderspensjon ved gradert yrkesskade

Personar som fram til 67 års alder hadde uførepensjon på grunn av yrkesskade, får alderspensjonen berekna etter særføresegnene for yrkesskade, sjå § 3-30 tredje ledd. Er pensjonisten mindre enn 100 prosent ufør på grunn av yrkesskaden, skal berre ein forholdsmessig del av alderspensjonen bereknast etter særføresegnene, jf. § 3-30 tredje ledd andre punktum. Lovføresegnene er utforma med tanke på tidlegare reglar for alderspensjon utan fleksibelt uttak og levealdersjustering. Departementet foreslår å endre ordlyden i føresegna for å føre vidare dagens reglar om at berre ein så stor del av alderspensjonen som svarer til den særskilde uføregraden fastsett etter § 12-18 andre ledd, skal bereknast etter særføresegnene om yrkesskade.

Departementet viser til lovforslaget, § 3-30 tredje ledd andre punktum.

3.3.3 Tilpassing av forvaltningsmessige føresegner som følgje av at alderspensjonen ikkje blir gradert mot inntekt

Ein del av ytingane frå folketrygda blir graderte eller avkorta mot anna inntekt. Når det skjer ei endring som verkar inn på retten til den ytinga ein person får, kan arbeids- og velferdsetaten fatte nytt vedtak i samsvar med § 21-6. Gjeld det ei endring som verkar inn på graderinga av ei yting til livsopphald, kan det gjerast nytt vedtak berre dersom det er ei vesentleg endring.

Når ei slik yting blir utbetalt med eit for stort beløp fordi inntekta til mottakaren er høgare enn det som var lagt til grunn da ytinga blei berekna, blir dette avrekna ved trekk i framtidige ytingar, jf. § 22-16.

Fram til 1. januar 2008 blei alderspensjonen for dei mellom 67 og 70 år utbetalt uavkorta når pensjonisten i tillegg til pensjonen hadde ei årleg pensjonsgjevande inntekt som var mindre enn to gonger grunnbeløpet. Dersom inntekta var høgare, gjekk 40 prosent av den overskytande inntekta til frådrag i pensjonen, slik at pensjonen blei gradert. Reglane for avkorting av alderspensjon mot inntekt blei oppheva for 67-åringar frå 1. januar 2008, for 68-åringar frå 1. januar 2009 og for 69-åringar frå 1. januar 2010.

Frå 1. januar 2010 kan pensjonistar fritt kombinere alderspensjonen med pensjonsgjevande inntekt utan at pensjonen blir avkorta/gradert. Departementet foreslår å ta ut tilvisingane til alderspensjon i § 21-6 første ledd og § 22-16 andre ledd. Feilutbetaling av ektefelle- og barnetillegg etter kapittel 3, etterlatnepensjon/overgangsstønad etter kapitla 15, 16 og 17 og uførepensjon etter kapittel 12 kan etter gjeldande føresegn avreknast i alderspensjon. For å føre vidare gjeldande rett foreslår departementet ei språkleg tilpassing av § 22-16 tredje ledd.

Departementet viser til lovforslaget, § 21-6 første ledd og § 22-16 andre og tredje ledd.

3.3.4 Oppheving av reglane for barnetillegg til mottakarar av tidsavgrensa uførestønad

Ved lov 11. desember 2009 nr. 112 blei reglane for barnetillegg i §§ 3-25 til 3-26 tilpassa endringane i alderspensjonen. Endringane tredde i kraft 1. januar 2011.

Arbeidsavklaringspengar blei innførte frå 1. mars 2010, og reglane om tidsavgrensa uførestønad blei oppheva frå same tidspunkt. Mottakarar av tidsavgrensa uførestønad hadde fram til 1. mars 2010 rett til barnetillegg etter §§ 3-25 og 3-26. Ytingane blei rekna om til arbeidsavklaringspengar etter nærmare reglar, og det blir gjeve barnetillegg til mottakarar av arbeidsavklaringspengar etter § 11-16 fjerde ledd.

Departementet foreslår at tilvisingane til mottakarar av tidsavgrensa uførestønad blir sletta i § 3-25 første ledd og § 3-26 femte ledd.

Departementet viser til lovforslaget, § 3-25 første ledd og § 3-26 femte ledd.

3.3.5 Oppretting i føresegnene om krav til minsteinntekt for rett til dagpengar

For å få rett til dagpengar må ein medlem ha hatt ei brutto arbeidsinntekt av ein viss storleik fastsett etter grunnbeløpet, sjå § 4-4. Det går fram av femte ledd at i dei tilfella Stortinget vedtek ei endring i grunnbeløpet med tilbakeverkande kraft, skal endringa i kravet til minsteinntekt først gjelde frå og med den andre påfølgjande måndagen etter at Stortinget har gjort vedtak.

Frå 2011 blir ikkje grunnbeløpet fastsett av Stortinget, men av Kongen. Departementet foreslår å justere ordlyden i føresegna i tråd med denne endringa.

Departementet viser til lovforslaget, § 4-4 femte ledd.

3.3.6 Tilvisingar til minste pensjonsnivå

Frå 1. januar 2011 er tidlegare føresegner om minstepensjon for alderspensjonistar erstatta av satsar for minste pensjonsnivå, jf. § 19-8. Nye alderspensjonistar får eit pensjonstillegg i staden for særtillegg, jf. § 19-9 og § 3-3 første ledd siste punktum, sjå nærmare under punkt 2. I § 3-1 er det ei oversikt over komponentar i pensjonane frå folketrygda, under dette særtillegg. Departementet foreslår å tilpasse andre ledd slik at det går fram at alderspensjonistar som ikkje har rett til tilleggspensjon eller har liten tilleggspensjon, har rett til pensjonstillegg og ikkje særtillegg som før.

Det er gjeve felles føresegner om minste pensjonsyting etter folketrygdlova for ein pensjonist som har full trygdetid (40 år) og får ei ugradert yting. Personar som får uførepensjon eller pensjon til attlevande ektefelle, er framleis omfatta av føresegnene om særtillegg og minstepensjon i §§ 3-3 og 3-4, medan den minste pensjonsytinga for alderspensjonistar frå 1. januar 2011 går fram av § 19-8 om minste pensjonsnivå. Departementet foreslår å tilpasse § 3-4 i tråd med dette og ta inn ei tilvising til § 19-8.

I § 11-4 fjerde ledd og § 12-4 tredje ledd er det vist til ”minstepensjon etter § 19-8”. Departementet foreslår at dette blir retta opp til ”minste pensjonsnivå etter § 19-8”.

Departementet viser til lovforslaget, § 3-1 første ledd, § 3-4 første ledd, § 11-4 fjerde ledd og § 12-4 tredje ledd.

3.3.7 Oppretting i føresegnene om opptening av alderspensjon for uførepensjonistar

Personar som blir uføre, kan i dag få medrekna framtidige pensjonspoeng i tillegg til dei pensjonspoenga dei tente opp fram til dei blei uføre. Den som mottek uførepensjon med framtidige poeng, får godskrive poeng for kvart år han eller ho har motteke slik pensjon etter nærmare reglar. Uførepensjonisten trong ikkje vere medlem i trygda (busett i Noreg) for å få slik godskriving. Gjennom endringslov 4. juni 2010 nr. 17 blei reglane for godskriving og opptening av pensjonspoeng ført vidare i ny alderspensjon (inntektspensjon), men med nødvendige tilpassingar. Sjå nærmare om bakgrunnen i Prop. 82 L (2009–2010) punkt 4.4.

Ved utforminga av reglane for opptening av ny alderspensjon for uførepensjonistar i § 20-7 a første ledd, blei omgrepet ”medlem” nytta i staden for ”den som mottek uførepensjon”. Dermed blei reglane endra slik at ein må vere medlem av trygda for å få godskrive slik opptening. Denne endringa var ikkje tilsikta, og departementet foreslår at dette blir retta opp.

Departementet viser til lovforslaget, § 20-7 a første ledd.

3.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget i punkt 3.1 vil isolert sett gje ei innsparing. Denne innsparinga er likevel svært marginal, då det er yttarst få personar som får uførepensjon etter særreglane i § 12-18 fjerde ledd (mellom 0 og 5 personar kvart år).

Forslaga har elles ikkje nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida