Prop. 114 L (2010–2011)

Endringar i lov om folketrygd, lov om Statens pensjonskasse og i enkelte andre pensjonslover (presiseringar mv. i samband med pensjonsreforma)

Til innhaldsliste

9 Presisering i lovene om personskadetrygd

9.1 Regulering av pensjonar etter lovene om krigspensjonering og lov om yrkesskadetrygd

Frå 1. januar 2011 blir uføre- og etterlatnepensjonar etter lovene om krigspensjonering og lov om yrkesskadetrygd regulerte med lønnsveksten fram til fylte 67 år. Frå og med månaden etter fylte 67 år blir pensjonane regulerte i samsvar med lønnsveksten med eit frådrag på 0,75 prosent. Dette er dei same reguleringsprinsippa som er innførte for uføre- og etterlatnepensjonar frå dei offentlege tenestepensjonsordningane som eit ledd i tilpassinga til dei nye reglane for regulering av alderspensjon i folketrygda.

I mellom anna lov om Statens pensjonskasse § 42 andre ledd er det gjeve ei særskild reguleringsføresegn for den første reguleringa av uføre- og etterlatnepensjonar etter fylte 67 år når dette overgangstidspunktet, det vil seie månaden etter fylte 67 år, er i månadene juni til april. Ved den første reguleringa skal frådraget på 0,75 prosent da setjast forholdsmessig ned ut frå når i perioden overgangen skjedde. Denne særskilde reguleringsføresegna bør også gjelde ved regulering av pensjonar frå personskadetrygdene.

9.2 Midlertidig lov 29. juni 1951 nr. 34 om tillegg til lover av 13. desember 1946 om 1) Krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner og 2) Krigspensjonering for militærpersoner

Det går fram av midlertidig lov 29. juni 1951 nr. 34 om tillegg til lover av 13. desember 1946 om 1) Krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner og 2) Krigspensjonering for militærpersoner del III nr. 4 at krigspensjon under utbetaling skal regulerast med lønnsveksten fram til fylte 67 år og frå da av i samsvar med lønnsveksten med eit frådrag på 0,75 prosent. Vidare følgjer det av føresegna at dei reguleringsfaktorane som Kongen fastset etter folketrygdlova § 19-14 åttande ledd, skal nyttast ved reguleringa. Departementet foreslår å ta inn i denne føresegna ei presisering om at frådraget på 0,75 prosent blir sett ned forholdsmessig ved første gongs regulering etter fylte 67 år når overgangen (frå månaden etter fylte 67 år) skjer i månadene juni til april. Forslaget er ei oppfølging av tilsvarande reguleringsføresegner som elles gjeld for offentleg tenestepensjon.

Departementet viser til lovforslaget, del III nr. 4.

9.3 Lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd

Det følgjer av lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd § 57 nr. 1 at satsane for mellom anna uførepensjonar og enkjepensjonar skal regulerast med lønnsveksten fram til fylte 67 år og frå da av i samsvar med lønnsveksten med eit frådrag på 0,75 prosent. Vidare følgjer det av føresegna at dei reguleringsfaktorane som Kongen fastset etter folketrygdlova § 19-14 åttande ledd, skal nyttast ved reguleringa. Departementet foreslår at det i § 57 nr. 1 andre ledd blir teke inn ei presisering om at det nemnde frådraget på 0,75 prosent blir sett ned forholdsmessig ved første gongs regulering etter fylte 67 år når overgangen (frå månaden etter fylte 67 år) skjer i månadene juni til april. Forslaget er ei oppfølging av tilsvarande reguleringsføresegner for offentleg tenestepensjon.

Departementet viser til lovforslaget, § 57 nr. 1 andre ledd.

9.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaga har verken økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida