Prop. 114 L (2010–2011)

Endringar i lov om folketrygd, lov om Statens pensjonskasse og i enkelte andre pensjonslover (presiseringar mv. i samband med pensjonsreforma)

Til innhaldsliste

4 Presisering i lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser

4.1 Tillegg til alderspensjonen i folketrygda

Frå 1. januar 2011 blei det innført nye tillegg til alderspensjonen i folketrygda for å sikre at pensjon under utbetaling ikkje fell under minste pensjonsnivå, som er fastsett ut frå sivilstanden til den enkelte og inntekta og pensjonen til ein eventuell ektefelle. Tillegga blir utbetalte som eit kronetillegg til alderspensjonen og blir ikkje levealdersjusterte. Satsane for minste pensjonsnivå blir regulerte kvart år med lønnsveksten og deretter justerte for effekten av levealdersjustering for 67-åringar i reguleringsåret. Sjå nærmare omtale av desse tillegga i kapittel 2.

Tenestepensjon frå offentlege tenestepensjonsordningar blir samordna med pensjon frå folketrygda. Dette er ein del av bruttosystemet i offentleg sektor, og regelverket er nedfelt i lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser (samordningslova), med tilhøyrande forskrifter. Hovudregelen for samordning av tenestepensjon med pensjon frå folketrygda er at tenestepensjonsordningane kan gjere frådrag for grunnpensjonen i folketrygda med inntil ¾ av grunnbeløpet (G) i folketrygda og heile tilleggspensjonen/særtillegget/pensjonstillegget. Det inneber at i prinsippet heile alderspensjonen frå folketrygda, det vil seie alle pensjonskomponentane med unntak av ¼ G, skal gå til frådrag i tenestepensjonen. Det same gjeld pensjonskomponentane i avtalefesta pensjon berekna som ei folketrygdyting.

Det følgjer av bruttosystemet i offentleg sektor at dei nye tillegga, som ein del av alderspensjonen i folketrygda, er samordningspliktige.

4.1.1 Samordning med alderspensjonen i folketrygda

Tillegg etter folketrygdlova § 19-14 femte ledd er samordningspliktige, slik det er bestemt i samordningslova § 24 nr. 1 første ledd når det gjeld alderspensjonen i folketrygda, og uførepensjon jf. § 24 nr. 2. Tillegget blir samordna som særtillegg.

Tillegg berekna etter forskrift gjeven med heimel i folketrygdlova § 19-8 er også samordningspliktige, men dette er ikkje uttrykkeleg nemnt i samordningslova. Tillegget inngår likevel etter sin funksjon som ein del av basispensjonstillegget/pensjonstillegget etter folketrygdlova § 19-9, jf. § 19-8, og basispensjonstillegget er uttrykkeleg teke inn som samordningspliktig i samordningslova § 24 nr. 1 første ledd.

Departementet viser til at samordningsreglane er ein viktig del av dagens bruttosystem i offentleg sektor og i prinsippet inneber at alle pensjonskomponentane i pensjonane frå folketrygda og i avtalefesta pensjon skal gå til frådrag i tenestepensjonen. Departementet foreslår derfor at samordningslova § 24 nr. 1 første ledd blir klargjord slik at også tillegg som er berekna etter forskrift om alderspensjon i folketrygden, er samordningspliktige når det gjeld alderspensjonen og uførepensjonen i folketrygda.

Departementet viser til lovforslaget, § 24 nr. 1 første ledd tredje punktum.

4.1.2 Samordning med privat AFP etter AFP-tilskottslova kapittel 4 (overgangsordninga)

Dersom utbetalt AFP etter AFP-tilskottslova kapittel 4 utgjer eit lågare beløp enn det minste pensjonsnivået vedkommande ville hatt rett til som alderspensjonist etter folketrygdlova § 19-8, skal differansen utbetalast som eit tillegg til pensjonen (minstenivåtillegg). Dette går fram av forskrift 30. november 2010 nr. 1497 § 7. Ei tilsvarande føresegn er teken inn i forskrift 30. november 2010 nr. 1494 om omregning av avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse ved endringer i sivilstand mv. Slike tillegg er som nemnt nye pensjonselement i folketrygda frå 1. januar 2011, og tillegga kan også ytast i AFP.

Tillegg etter folketrygdlova § 19-14 femte ledd er som nemnt samordningspliktige, slik det er bestemt i samordningslova § 24 nr. 1 første ledd når det gjeld alderspensjonen og uførepensjonen i folketrygda. Dette er ikkje lovregulert når det gjeld samordning av tenestepensjon med AFP i privat sektor etter AFP-tilskottslova kapittel 4 (overgangsordninga). Departementet meiner det er nødvendig å klargjere samordningsføresegnene slik at det uttrykkeleg går fram at tillegg etter folketrygdlova § 19-14 femte ledd som blir gjevne til avtalefesta pensjon, er samordningspliktige.

Tillegg etter forskrifta gjeven med heimel i folketrygdlova § 19-8 er på same måte som tillegg etter folketrygdlova § 19-14 femte ledd samordningspliktige. Som det går fram av punkt 4.1.1, har departementet foreslått at tillegga som er nemnde, blir tekne inn i samordningslova § 24 nr. 1 første ledd når det gjeld alderspensjon og uførepensjon i folketrygda. På same måte er tillegg berekna etter forskrifta gjeven i medhald av folketrygdlova § 19-8 som blir gjevne til avtalefesta pensjon, samordningspliktige. Departementet foreslår at samordningsføresegnene også blir klargjorde på dette punktet.

Departementet viser til lovforslaget, § 23 nr. 1 andre ledd første punktum.

4.1.3 Levealdersjustering av samordningsfrådraget for tillegga i alderspensjonen i folketrygda

Det går fram av samordningslova § 24 nr. 1 første ledd fjerde punktum at samordningsfrådraga for tillegg til alderspensjonen i folketrygda skal dividerast med det aktuelle forholdstalet (levealdersjusterast).

Dei tillegga som pensjonisten får utbetalt frå folketrygda, er likevel ikkje levealdersjusterte på vanleg måte. Departementet ser det derfor slik at heller ikkje samordningsfrådraget for tillegga bør levealdersjusterast. Det vil vere uheldig om tenestepensjonsordningane gjer frådrag med eit anna (større) beløp enn det vedkommande faktisk får utbetalt frå folketrygda, sidan funksjonen til tillegga er at utbetalt pensjon ikkje skal falle under det minste pensjonsnivået vedkommande har rett til. Departementet foreslår å endre samordningslova § 24 nr. 1 første ledd slik at samordningsfrådraget for tillegg etter folketrygdlova § 19-14 femte ledd og tillegg berekna etter forskrift til folketrygdloven § 19-8 ikkje skal dividerast med det aktuelle forholdstalet.

Departementet viser til lovforslaget, § 24 nr. 1 første ledd fjerde punktum.

4.1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet legg til grunn at endringane ikkje har økonomiske eller administrative konsekvensar.

4.2 Samordningsfritak for auka opptening av folketrygd etter uttak av heil tenestepensjon

4.2.1 Tilpassing til oppteningsreglane i folketrygda

Som nemnt i punkt 4.1 er hovudregelen for samordning av tenestepensjon med pensjon frå folketrygda at tenestepensjonsordningane kan gjere frådrag for grunnpensjonen i folketrygda med inntil ¾ av grunnbeløpet (G) i folketrygda og heile tilleggspensjonen/særtillegget/pensjonstillegget. For ein person som etter å ha teke ut heil tenestepensjon har opptening i folketrygda etter fylte 66 år, det vil seie åra vedkommande fyller 67, 68 og 69 år, skal auka tilleggspensjon likevel haldast utanfor samordninga. Dette går fram av samordningslova § 23 nr. 2 femte ledd bokstav b. Denne regelen om unntak frå samordning av offentleg tenestepensjon med tilleggspensjonen i folketrygda kom inn i lova med verknad frå 1. mai 1999. Bakgrunnen for lovendringa var at poengår i folketrygda som ikkje korresponderar med økt oppteningstid i tenestepensjonsordninga kunne slå uheldig ut. Blant anna ville opptening av tilleggspensjon etter fylte 67 år for enkelte grupper kunne vise seg å vere ulønnsamt etter samordning av offentleg tenestepensjon med alderspensjonen frå folketrygda.

Frå 1. januar 2010 blei den øvre alderen for pensjonsopptening i folketrygda heva frå 69 til 75 år. Endringa gjeld for personar som er fødde i 1943 eller seinare. Departementet har derfor vurdert om det er grunn til å endre unntaksføresegnene som er nemnde ovanfor. Ei utviding av føresegna til å omfatte opptening av tilleggspensjon til og med det 75. året, etter uttak av heil tenestepensjon, det vil seie for åra frå 70 til 75 år, kan seiast å vere ei naturleg følgje av endringa av oppteningsreglane i folketrygda. Departementet viser elles til at den alminnelege aldersgrensa i dei offentlege tenestepensjonsordningane er 70 år, det vil seie at heile tenestepensjonen som hovudregel seinast må takast ut ved denne alderen. Ut frå grunngjevinga for og formålet med føresegna meiner departementet at regelen bør tilpassast til endringa i folketrygda. Departementet viser til forarbeida til lovendringa i 1999, jf. Ot.prp. nr. 30 (1998-1999) Om lov om endringer i lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser. Der går det fram at det var ønskeleg med ei viss lemping av reglane for samordning når det gjeld auka opptening i folketrygda for visse grupper, særleg dei som får auka opptening i folketrygda like før eller etter pensjonering. Når grensa for opptening i folketrygda nå er heva, må reglane om samordningsfritak tilpassas dette, slik at også dei som har opptening i folketrygda mellom 70 og 75 år heller ikkje skal komme samordningsmessig uheldig ut. Vidare vil det verke inkonsekvent dersom det framleis berre er auka opptening i åra frå 67 til 69 år som skal haldast utanfor samordning. I så fall ville opptening fram til 67 år ha vært samordningspliktig, så ville opptening dei neste tre åra ha vært omfatta av samordningsfritaket, men deretter ville auka opptening etter 70 år ha vært samordningspliktig.

På denne bakgrunnen foreslår departementet å endre samordningslova § 23 nr. 2 femte ledd bokstav b med verknad frå 1. januar 2010 i samsvar med endringa i oppteningsreglane i folketrygda. Ei slik endring inneber at også auka opptening av tilleggspensjonen i folketrygda for åra da pensjonisten fylte 70 til 75 år – etter uttak av heil tenestepensjon – frå 2011 skal haldast utanfor samordninga. Departementet foreslår vidare å presisere i lova at føresegna berre gjeld etter uttak av heil tenestepensjon, noko som i dag går fram av forskrifta til føresegna.

Departementet viser til lovforslaget, § 23 nr. 2 femte ledd bokstav b.

4.2.2 Økonomiske og administrative konsekvensar

I samband med lovendringa frå 1. mai 1999 blei meirutgiftene berekna til ca. 2-3 millionar kroner i året samla for pensjonskassane i offentleg sektor, men da også inkludert meirutgiftene for samordningsfritak for auka tilleggspensjon som følgje av godskriving av omsorgspoeng. Statens pensjonskasse anslår at gjeldande samordningsfritak for økt opptening av folketrygd etter uttak av heil tenestepensjon for aldersgruppa 67-70 år utgjer ein meirutgift opp mot 5 millionar kroner i året. For aldersgruppa 70-75 år føreligg det førebels ingen data. Sjølv om dette er ei større aldersgruppe, er det rimeleg å leggje til grunn at forslaget til samordningsfritak for denne gruppa vil gje om lag dei same årlege meirutgiftene som for aldersgruppa 67-70 år, då yrkesaktiviteten er vesentleg lågare etter 70 år. Kommunal Landspensjonskasse (KLP) meiner at dei økonomiske konsekvensane er uvesentlege, både for pensjonsordninga for sjukepleiarar og i dei andre ordningane for kommunar, fylkeskommunar og helseføretak. Departementet viser elles til at gruppene det vedkjem, for ein stor del vil ha full opptening i folketrygda allereie på det tidspunktet dei tek ut heil tenestepensjon.

Til forsida