Prop. 119 S (2010–2011)

Ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

2.1 Utsleppsløyve på lufthamnene i Avinor

I samband med Stortinget si behandling av Riksrevisjonen sin kontroll med forvaltninga av statlege selskap for 2008, jf. Dokument 3:2 (2009–2010), viste kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 132 S (2009–2010) til at Avinor AS ”i hele perioden 2003–2008 [har] manglet utslippstillatelser og hatt brudd på gitte utslippstillatelser i et betydelig antall lufthavner.” Vidare heitte det at ”Komiteen forutsetter at departementet rydder opp i disse forholdene og imøteser at Stortinget får en redegjørelse”.

For å vareta flytryggleiken er det nødvendig å avise rullebanesystema og flya i vintersesongen. Saman med brannøvingar fører dette til utslepp av kjemikaliar til vatn og grunn. Desse utsleppa er løyvepliktige etter forureiningslova. Avinor er ansvarleg for å skaffe seg løyve for dette.

Avinor sende i alt 33 utsleppssøknader til miljøvernavdelingane hos fylkesmennene i 2003 og 2004. Alle desse søknadene var ferdigbehandla i midten av mars 2011. Dette inneber at alle lufthamnene i Avinor no skal ha gyldige utsleppsløyve.

I utsleppsløyva blir det m.a. stilt krav om miljørisikoanalysar og tiltak som reduserer risikoen. I perioden 2008-2010 har Avinor gjennomført miljørisikoanalysar på alle dei lufthamnene der Avinor har ansvaret for dette. Analysane har omfatta Avinor si eiga verksemd og verksemda til andre aktørar på eigedomane til Avinor. I denne samanhengen blei det avdekt einskilde brot på utsleppsløyva. For å få ei samla og styrt oppfølging av brota har Avinor skipa eit konsernovergripande prosjekt. Formålet med prosjektet er å redusere risikoen for skadelege utslepp og å greie ut og gjennomføre nødvendige tiltak i perioden 2011-2013.

Avinor har eit eige system for registrering og overvaking av kjemikalieforbruket på lufthamnene sine. Selskapet varslar forureiningsstyresmaktene dersom det i periodar er fare for at utsleppsløyva blir brotne.