Prop. 119 S (2010–2011)

Ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

5 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

5.1 Igangsetjing av nye investeringsprosjekt på jernbane

I Prop. 1 S (2010-2011) har Samferdselsdepartementet gjort greie for rammene for Samferdselsdepartementet sine fullmakter for å gjennomføre dei prosjekta som er omtalte i proposisjonen og binding av framtidige budsjetterminar, jf. side 132. I budsjettet for 2011 er det sett av midlar til tre prosjekt med sikte på mogeleg start i 2011. Det manglar formelle fullmakter for å starte, gjennomføre og binde opp framtidige budsjetterminar. Konkret gjeld det desse prosjekta på kap. 1350, post 30 Investeringar i lina:

  • Betring av togtilbodet på Austlandet - banestraumforsyning

  • Betring av togtilbodet på Austlandet - ombygging av felles sikringsanlegg på Gardermobanen

  • Programområdet Stasjonar og knutepunktutvikling - Trondheim stasjon.

Før det kan løyvast midlar til start av prosjekta og anleggsarbeida kan setjast i gang skal det som hovudregel skal liggje føre ein detalj-/reguleringsplan for prosjekt med kostnader mellom 50 og 500 mill. kr, som grunnlag for godkjende kostnadsrammer, jf. Prop. 1 S (2010-2011).

Jernbaneverket har no gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av kostnadsutrekningane for alle prosjekta som inngår i arbeidet med nytt grunnrutetilbod på Austlandet i samband med innsettinga av nye tog som NSB AS har kjøpt. Kvalitetssikringa er gjennomført av Jernbaneverket utafor det vanlege opplegget for ekstern kvalitetssikring av store statlege investeringsprosjekt.

For to av prosjekta ligg det ikkje føre ferdig utarbeidde detaljplanar, slik at den eksterne kvalitetssikringa er gjennomført på hovudplannivå. På grunn av at det hastar med å kome i gang med arbeidet med å leggje til rette for å kunne ta imot dei nye toga til NSB, har Samferdselsdepartementet kome fram til at det for desse prosjekta kan gjerast unntak frå kravet om detaljplanar, slik at arbeida kan ta til i 2011 som planlagt. Dette gjeld arbeidet med å styrkje banestraumforsyninga og inngåing av kontrakt for ombygging av eit felles sikringsanlegg på Gardermobanen. I tillegg til dei to prosjekta legg departementet opp til å setje i gang eit arbeid med å betre tilkomsttilhøva på Trondheim stasjon. For dette prosjektet ligg det føre detalj-/reguleringsplan for arbeida som grunnlag for kostnadsramma.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at kontraktar som blir inngått og arbeid som Jernbaneverket set i gang på grunnlag av utarbeidd hovudplan, skal vere avgrensa til det som er nødvendig for å halde den planlagde framdrifta i prosjekta.

Innfasing av nye tog - banestraumforsyning

I samband med NSBs kjøp av nye tog og innføringa av ein ny grunnrutemodell med auka togtilbod for Austlandsområdet er det nødvendig å styrkje straumforsyninga til køyrestraumen. Jernbaneverket planlegg å løyse dette ved å kjøpe to nye mobile straumomformarar. Jernbaneverket har utarbeidd ein hovudplan for delprosjektet, med ei styringsramme på 188 mill. kr og ei kostnadsramme på 219 mill. kr. Kostnadsutrekninga i hovudplanen er kvalitetssikra av ekstern konsulent. Jernbaneverket planlegg kontraktsinngåing i tredje/fjerde kvartal i år. Innafor vedteke løyving til investeringar i budsjettet for 2010 på kap 1350, post 30, er det sett av 30 mill. kr til dette prosjektet. Samferdselsdepartementet legg opp til å gjennomføre prosjektet innafor ei kostnadsramme på 219 mill. kr, jf. forslag til vedtak.

Innfasing av nye tog - ombygging av felles sikringsanlegg på Gardermobanen

I samband med innfasinga av NSBs nye tog og førebuinga av ny grunnrute for Austlandet er det planlagt ombyggingar på Lillestrøm stasjon, Frogner stasjon og Eidsvoll stasjon. Desse stasjonane er styrte av eit felles sikringsanlegg for Gardermobanen og «nedre del» av Hovudbanen. For å halde framdrifta i arbeidet på desse stasjonane planlegg Jernbaneverket å inngå kontrakt om ombygginga av sikringsanlegget sommaren 2011. Kostnadene til denne ombygginga er no inkludert i prosjektkostnadene for dei tre nemnde stasjonane. Jernbaneverket arbeider med å skilje ut ombygginga av sikringsanlegget som eit eige delprosjekt. For ikkje å forseinke framdrifta av ombygginga av dei tre stasjonane ber Samferdselsdepartementet om fullmakt til at Jernbaneverket kan halde fram med arbeidet på dei tre stasjonane, men likevel slik at Jernbaneverket i 2011 berre kan inngå kontraktar som gjeld ombygginga av sikringsanlegga.

På Eidsvoll skal det byggjast parkeringsspor. Det ligg føre ein hovudplan med ei ekstern kvalitetssikra styringsramme på 176 mill. kr og ei kostnadsramme på 203 mill. kr. I statsbudsjettet for 2011 er det innafor Jernbaneverket sitt investeringsbudsjett sett av 15 mill. kr til prosjektet. Detaljplanarbeidet er sett i gang og blir vidareført i 2011. Anleggsarbeidet på parkeringsspora skal etter planen ta til og gjennomførast i 2012. Prosjektet blir gjennomført innafor ei kostnadsramme på 203 mill. kr, jf. forslag til vedtak.

På Frogner stasjon blir det no planlagt å byggje om stasjonen med bygging av kryssingsspor. Som grunnlag for arbeidet ligg det føre ein hovudplan med ei ekstern kvalitetssikra styringsramme på 301 mill. kr og ei kostnadsramme på 329 mill. kr. I statsbudsjettet for 2011 er det innafor Jernbaneverket sitt investeringsbudsjett sett av 7 mill. kr til prosjektet. Arbeidet med regulerings- og detaljplanen for prosjektet er sett i gang. Byggjearbeida skal etter planen ta til tidleg i 2012 og vere ferdig i 2013. Prosjektet blir gjennomført innafor ei kostnadsramme på 329 mill. kr, jf. forslag til vedtak.

På Lillestrøm stasjon blir det planlagt to ulike prosjekt. Eitt gjeld parkeringsspor for tog, og eitt gjeld forlenging av spor 13 til Kongsvingerbana.

For parkeringsspora ligg det føre ein hovudplan. Det blir arbeidd med ein detaljplan. Hovudplanen er eksternt kvalitetssikra med ei styringsramme på 299 mill. kr og ei kostnadsramme på 362 mill. kr. I statsbudsjettet for 2011 er det innafor Jernbaneverket sitt investeringsbudsjett sett av 14 mill. kr til bygging av parkeringsspora. Anleggsarbeida er planlagt gjennomført i 2012. Prosjektet blir gjennomført innafor ei kostnadsramme på 362 mill. kr, jf. forslag til vedtak.

For forlenginga av spor 13 mot Kongsvingerbanen ligg det føre ein hovudplan med ei ekstern kvalitetssikra styringsramme på 137 mill. kr og ei kostnadsramme på 156 mill. kr. Innafor Jernbaneverket sitt investeringsbudsjett for 2011 er det sett av 10 mill. kr til sporforlenginga. Arbeidet med detaljplanar er i gang. Anleggsarbeida er planlagt gjennomført i 2012. Prosjektet blir gjennomført innafor ei kostnadsramme på 156 mill. kr, jf. forslag til vedtak.

Programområdet Stasjonar og knutepunktutvikling - Trondheim stasjon

På Trondheim stasjon har Jernbaneverket planlagt tiltak for å utbetre plattformer og tilkomstar for å følgje opp Statens jernbanetilsyns dispensasjon frå tryggleiksforskrifta. Jernbaneverket har no gjennomført detaljplanlegging for dei tiltaka som må gjennomførast, og tek sikte på byggjestart hausten 2011. Detaljplanen for prosjektet har ei styringsramme på 142 mill. kr og ei kostnadsramme på 160 mill. kr. Jernbaneverket har innafor vedteke investeringsløyving i budsjettet for 2011 sett av 20 mill. kr til mogeleg oppstart av prosjektet. Samferdselsdepartementet legg opp til at Jernbaneverket kan starte prosjektet i 2011. Prosjektet blir gjennomført innafor ei kostnadsramme på 160 mill. kr, jf. forslag til vedtak.