Prop. 119 S (2010–2011)

Ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

4.1 Ny avtale for kystruta Bergen - Kirkenes

Samferdselsdepartementet orienterte i Prop. 1 S (2010-2011) om at kystruta Bergen – Kirkenes tur/retur var lyst ut på konkurranse, med oppstart av ny avtale seinast 1. januar 2013.

Det kom inn berre eit tilbod - frå noverande operatør Hurtigruten ASA. Ved eitt tilbod opnar regelverket for etterfølgjande forhandlingar. Det har derfor vore forhandla med selskapet om tilbodet, m.a. med sikte på å redusere det statlege vederlaget.

Forhandlingane er no fullførde. Samferdselsdepartementet og Hurtigruten ASA har skrive under ny avtale for ein periode på åtte år. Staten har rett til å forlengje avtalen med eitt år. Avtalen vil gjelde frå 1. januar 2012. Etter den nye avtalen vil kystruta Bergen - Kirkenes ha daglege, heilårlege seglingar mellom Bergen og Kirkenes, og til 32 mellomliggjande hamner. Det vil òg bli tilbydd godskapasitet.

Den nye avtalen har ei samla ramme på 5 120 mill. 2011-kr, noko som svarer til eit årleg gjennomsnitt på 640 mill kr. Utbetalingsprofilen er fallande, frå 700 mill. kr i 2012 til 580 mill. kr i 2019 (alt i 2011-kr). Avtalt vederlag for dei enkelte år er gjort med atterhald om at Stortinget stiller nødvendige løyvingar til disposisjon ved dei årleg budsjettvedtaka.