Prop. 125 L (2010–2011)

Endringar i offentleglova

Til innhaldsliste

2 Fødselsnummer

Opplysningar om fødselsnummer og liknande identifikasjonsnummer er normalt ikkje omfatta av teieplikt, jf. forvaltningslova § 13 andre ledd. I visse tilfelle kan slike opplysningar likevel vere omfatta av teieplikt gjennom føresegner i særlover, jf. til dømes barnevernlova § 6-7. Det er heller ikkje noka unntaksføresegn i offentleglova i dag som opnar for å gjere unntak frå innsyn for slike opplysningar. Derimot er det fastsett i offentlegforskrifta § 7 at fødselsnummer, personnummer og nummer med tilsvarande funksjon ikkje skal gjerast tilgjengelege på Internett.

Kjennskap til ein person sitt fødselsnummer er ofte ein føresetnad for såkalla identitetstjuveri, der personar mellom anna har henta ut andre sin post og oppretta abonnement og skipa gjeld i andre sitt namn, og kan gje tilgang til personleg informasjon om andre. Sjølv om det i desse tilfella ofte er tale om ein ukritisk bruk av fødselsnummer som legitimasjon eller til anna som det ikkje er skikka for, ser Justisdepartementet eit klart behov for å kunne gjere unntak frå retten til innsyn for fødselsnummer. På den andre sida har fødselsnummer ein sentral funksjon med å identifisere enkeltmenneske, som må kunne nyttast av både private og offentlege aktørar. Slike nummer kan såleis ikkje generelt vere omfatta av teieplikt. Departementet går difor inn for å innføre ein heimel i offentleglova for å gjere unntak frå innsyn for fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon. Det er ikkje noko ved omsyna og føremåla bak innsynsretten, jf. føremålsføresegna i offentleglova § 1, som tilseier at det må vere rett til innsyn i opplysningar om fødselsnummer.

Unntaket skal etter framlegget gjelde uavhengig av kva slags dokument fødselsnummeret står i, men vere avgrensa til å gjelde fødselsnummeret. Dokumentet elles må det gjevast innsyn i, om ikkje andre unntaksheimlar gjer seg gjeldande. Unntaket inkluderer personnummer, som er dei fem siste sifra i eit norsk fødselsnummer. Fødselsdatoen åleine er normalt informasjon av heilt ålmenn karakter, og det er ikkje grunn til å gjere unntak for denne i tilfelle der ikkje resten av fødselsnummeret er med. Unntaket må derimot omfatte identifikasjonsnummer som har den same funksjonen som fødselsnummer. Dette gjeld D-nummer og DUF-nummer, som blir tildelte av skatteetaten og utlendingsstyresmaktene, til utlendingar som ikkje har norsk fødselsnummer. Vidare må unntaket omfatte utanlandske fødselsnummer og tilsvarande utanlandske identifikasjonsnummer. Organisasjonsnummer og andre liknande nummer som gjeld føretak og næringsdrivande, skal ikkje vere omfatta av unntaket.

Framlegget inneber ikkje eit forbod mot å levere ut fødselsnummer, slik at dette framleis vil kunne gjerast dersom det er sterkt behov for det, eller det ikkje er behov for unntak. Meirinnsyn skal vurderast på vanleg måte etter offentleglova § 11, men sidan omsyna og føremåla bak innsynsretten ikkje gjer seg gjeldande for fødselsnummer, vil det sjeldan vere aktuelt med meirinnsyn.

Til forsida