Prop. 125 L (2010–2011)

Endringar i offentleglova

Til innhaldsliste

3 Lønnsoppgåver

I samband med utbetaling av lønn skal arbeidstakaren ha ei skriftleg oppgåve over utrekninga av lønna og eventuelle trekk m.m., jf. arbeidsmiljølova § 14-15. Dersom slike oppgåver kjem frå organ som er omfatta av offentleglova, er dei å rekne som saksdokument etter offentleglova § 4. Dei er såleis omfatta av innsynsretten etter § 3. Oppgåver frå private aktørar over lønn og trekk vil vere saksdokument som er omfatta av innsynsretten, dersom dei i samband med ei sak kjem inn til eit organ som er omfatta av offentleglova, til dømes som dokumentasjon. Det er inga føresegn i offentleglova i dag som generelt opnar for å gjere unntak frå innsyn for slike oppgåver.

Opplysningar om lønn og andre godtgjeringar frå organ som er omfatta av offentleglova, er ikkje å rekne som personlege tilhøve og såleis ikkje omfatta av teieplikt av den grunn. For opplysningar om lønn og andre godtgjeringar frå private er utgangspunktet det motsette. Om opplysningane ikkje avslører meir enn det ein kan lese av offentleg tilgjengelege skattelister, eller at lønna følgjer offentleg kjende tariffsatsar eller andre standardar, vil dei likevel ikkje vere å rekne som personlege. Elles vil oppgåver over lønn og trekk kunne innehalde andre opplysningar som er omfatta av teieplikt. Opplysningar om private bankkontonummer og bidragstrekk vil typisk vere omfatta av teieplikt. Det same gjeld andre opplysningar som avslører personlege tilhøve, som til dømes betalingsvanskar.

I den seinare tida er det sett fram nokre omfattande krav om innsyn i lønnsoppgåver i det offentlege. Sidan slike oppgåver normalt inneheld fødselsnummer, reiser desse innsynskrava dei problema knytte til innsyn i fødselsnummer som er omtala i punkt 2 ovanfor. Vidare har innsynskrava synt at innsyn i slike dokument medfører mange og til dels vanskelege og usikre vurderingar av kva det skal gjerast unntak for på grunn av teieplikta. I tillegg kjem at det er mykje arbeid knytt til klargjering av oppgåvene for innsyn. Samstundes er det klart at det er stor offentleg interesse knytt til korleis det offentlege disponerer over fellesskapsmidlane. Etter Justisdepartementet si vurdering bør det difor kunne gjerast unntak frå innsyn for lønnsoppgåver dersom forvaltninga gjev innsyn i bruttolønna og andre godtgjeringar på annan måte. Føremåla bak innsynsretten gjer seg i liten grad gjeldande for dei opplysningane som såleis fell utanfor innsynsretten.

Unntaket skal omfatte både dei oppgåvene arbeidstakarane får ved kvar lønnsutbetaling og årsoppgåver o.l. som viser utbetalingar, trekk osv. over eit lengre tidsrom.

Innsynskrav i oppgåver over lønn og trekk er mest aktuelt i samband med utbetaling av lønn eller annan godtgjering frå offentlege aktørar, men dersom eit krav skulle gjelde oppgåver som viser lønn frå private aktørar, blir unntakshøvet det same. Det kan i slike tilfelle tenkjast at det skal gjerast unntak òg for opplysningane om bruttolønna og andre godtgjeringar, men då etter reglane om teieplikt.

Framlegget inneber ikkje noko forbod mot å gje innsyn i oppgåver over utrekna lønn, trekk osv., utanom opplysningar som er omfatta av teieplikt. Det er opp til det enkelte organ korleis det vil handtere innsynskrav som gjeld slike oppgåver. Meirinnsyn skal vurderast på vanleg måte etter offentleglova § 11, men sidan omsyna bak innsynsretten i liten grad gjer seg gjeldande for dei opplysningane som er omfatta av dette unntaket, vil det sjeldan vere aktuelt å gje meirinnsyn.

Til forsida