Prop. 125 L (2010–2011)

Endringar i offentleglova

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til § 25

I overskrifta blir det føydd til at paragrafen også regulerer innsyn i lønnsoppgåver.

Nytt fjerde ledd gjev høve til å gjere unntak frå innsyn for oppgåver over lønn, trekk osv., men opplysningar om bruttolønn og andre godtgjeringar fell utanfor unntaket.

Fyrste punktum slår fast at det kan gjerast unntak frå innsyn for skriftlege oppgåver over utrekna lønn eller godtgjering, kva trekk som er gjorde osv. Unntaket omfattar oppgåver som det følgjer av arbeidsmiljølova § 14-15 femte ledd at arbeidstakarar skal ha ved lønnsutbetalingar, og i tillegg oppgåver over utrekna lønn, trekk osv. gjennom eit kalenderår eller ein annan periode. Både oppgåver som gjeld utbetaling frå organ som er omfatta av offentleglova, og oppgåver som gjeld utbetaling frå andre aktørar, er omfatta av unntaket.

Andre punktum fastset at unntaket i fyrste punktum ikkje omfattar opplysningar om bruttoutbetalingane, anten det gjeld lønn eller andre formar for godtgjeringar. Lønnsutbetalingar omfattar alle former for lønn, både vanleg lønn og overtidsbetaling og liknande. Avgrensinga gjeld uavhengig av korleis lønna er fastsett. Dette kan til dømes følgje av tariff, annan tabell, kva som gjeld for bransjen eller vere individuelt fastsett. Andre godtgjeringar omfattar til dømes møtegodtgjering, reisegodtgjering, gode som fri bil, fri telefon og liknande, og elles alle gode av økonomisk verdi som går fram av slike oppgåver. Avgrensinga frå unntaket gjeld uavhengig av kva slags aktør lønna eller godtgjeringa kjem frå, men opplysningar om lønn frå private aktørar kan vere omfatta av teieplikt.

Tredje punktum bestemmer at innsyn i opplysningar som nemnde i andre punktum kan gjevast gjennom at den som krev innsyn, får utlevert ei oppstilling over opplysningane som eit særskilt dokument. Dersom organet på førehand har utarbeidd ei oversikt som gjev ei oppstilling over dei bruttoutbetalingane som innsynskravet gjeld, vil såleis utlevering av denne oversikta oppfylle innsynskravet. Har organet ikkje utarbeidd noka slik oversikt, kan dette gjerast i samband med handsaminga av innsynskravet. Gjeld innsynskravet berre ein eller nokre få arbeidstakarar, kan det vere at organet finn det enklast å gje innsyn i form av sladda lønnsoppgåver.

Til overskrifta i § 26

Overskrifta bør i større grad enn i dag gje uttrykk for kva paragrafen inneheld. Når fødselsnummer blir regulert i paragrafen, bør fødselsnummer òg nemnast i overskrifta.

Nytt femte ledd gjev høve til å gjere unntak frå innsyn for fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon. Unntaket gjeld i alle tilfelle der heile fødselsnummer går fram av eit dokument. I tillegg omfattar unntaket tilfella der personnummer, som er dei fem siste sifra i norske fødselsnummer, går fram utan at fødselsdatoen er med. Dokumentet elles er ikkje omfatta av unntaket, og unntaket omfattar ikkje tilfelle der ein fødselsdato går fram utan at resten av fødselsnummeret er med. Utanlandske fødselsnummer er derimot omfatta av unntaket. Nummer med tilsvarande funksjon vil vere identifikasjonsnummer som fungerer tilsvarande som fødselsnummer. Dette omfattar D-nummer, DUF-nummer og tilsvarande utanlandske nummer. Organisasjonsnummer og liknande nummer for føretak og næringsdrivande er ikkje omfatta av unntaket.

Til iverksetjingsregelen

Etter framlegget skal endringane tre i kraft straks, det vil seie den dagen Kongen sanksjonerer lovvedtaket. Endringane vil få verknad også for innsynskrav som er sette fram, men som ikkje er ferdighandsama, før lova tek til å gjelde.

Til forsida