Prop. 142 S (2010–2011)

Samtykke til at Noreg sluttar seg til reform av styresamansetjing, kvotar og røysterett i IMF

Til innhaldsliste

2 Endringar i kvotar og røysterett

Kvotane er den viktigaste finansieringskjelda for IMF, og den samla storleiken deira betyr såleis mykje for utlånskapasiteten til IMF. Den reforma IMF-organa no har vedteke, inneber ei dobling av dei samla kvotane, frå 238,4 mrd. SDR til 476,8 mrd. SDR, eller til om lag 4 125 mrd. kroner. Noregs kvote aukar frå om lag 1,88 mrd. SDR til om lag 3,75 mrd. SDR, eller til vel 32 mrd. kroner. For at kvoteauken skal tre i kraft, må statuttendringane bli ratifiserte av medlemsland med minst 70 prosent av kvotane, og statuttendringane om reform av IMF-styret må ha tredd i kraft.

Røystevekta i IMF byggjer på ein kombinasjon av kvotane og dei såkalla basisrøystene. Basisrøystene blir delte ut uavhengig av storleiken til medlemslandet og skal til kvar tid utgjere 5,5 prosent av den samla røystevekta. I 2008 blei det semje om ein formel for å rekne ut korleis kvotane skal delast mellom landa. Kvotedelane blir rekna ut som eit vege gjennomsnitt av produksjonen i landet (BNP), landets deltaking i internasjonal handel, variasjonen i landets betalingsbalanse og storleiken på landets internasjonale valutareservar.1 Omrekninga av BNP i dei ulike medlemslanda til ein felles valuta skal gjerast med 60 prosent vekt på kursane i valutamarknaden og 40 prosent vekt på såkalla kjøpekraftsparitetskursar (PPP). Bruk av kjøpekraftsparitetar aukar vekta til framveksande økonomiar og andre land som har eit lågt innanlandsk prisnivå. Formelen for fordeling av kvotar inneheld òg ein kompresjonsfaktor som reduserer skilnadene i utrekna kvotestorleik, men utan at rekkjefølgja mellom land blir endra. Dette favoriserer små økonomiar, det vil seie små og/eller fattige land.

Kvoteformelen gir eit godt utgangspunkt for kvotefordeling, og ei samanlikning med dei faktiske kvotane gir ein peikepinn på om land eller grupper er underrepresenterte eller overrepresenterte. Han blir likevel ikkje nytta mekanisk til å fastsetje nye kvotar. Også politisk skjønn verkar inn på det endelege resultatet. Under forhandlingane om den nye reforma i 2010 var fordelinga av kvotar eit vanskeleg spørsmål. Mange land, deriblant den nordisk-baltiske valkrinsen, ville at tildelinga i størst mogleg grad skulle vere regelbasert med utgangspunkt i den fastsette kvoteformelen frå 2008. Dei store framveksande økonomiane, men også USA, ønskte at kvotane i større grad skulle baserast på BNP enn det denne formelen legg opp til. Det endelege resultatet er eit kompromiss der kvoteformelen blir følgd eit stykke på veg, men der det òg er innslag av ad hoc-element som særleg favoriserer dei største landa. Kompromisset inneber grovt sett at 60 prosent av auken blir tildelt land som har lågare kvote enn det kvoteformelen tilseier. Den resterande delen blir fordelt etter særskilde kriterium, der mellom anna BNP har stor vekt. Det siste elementet favoriserer store land og råkar både små industriland og små framveksande økonomiar. Dette kan forklarast med at semja om 2010-reforma blei forhandla fram i G20, der berre store land er representerte. Låginntektslanda, som normalt også ville ha komme dårleg ut med eit slikt opplegg, fekk si stilling verna gjennom særskilde ordningar.

Reformforslaget som no er vedteke i IMF-organa, inneber ei overflytting av kvotedelar på seks prosentpoeng frå overrepresenterte til underrepresenterte land. Framveksande økonomiar og utviklingsland blir sterkare representerte. Dynamiske framveksande økonomiar får auka si røystevekt med om lag seks prosentpoeng, mellom anna som følgje av at nokre framveksande økonomiar blir mindre overrepresenterte. Vedlegg 2 viser kvote- og røystevekter etter medlemsland før 2008-reforma, i dag og med reforma frå 2010. Tabell 2.1 gir oversyn over fordelinga av kvote- og røystevekt for ulike grupper av land. Industrilanda si røystevekt går ned frå 57,9 prosent til 55,3 prosent, medan den samla røystevekta til framveksande økonomiar og utviklingsland går opp frå 42,1 prosent til 44,7 prosent. Det er særleg dei største landa som får auka innverknad. Etter reforma blir dei ti landa med størst røystevekt USA (16,5 prosent), Japan (6,1 prosent), Kina (6,1 prosent), Tyskland (5,3 prosent), Frankrike (4,0 prosent), Storbritannia (4,0 prosent), Italia (3,0 prosent), India (2,6 prosent), Russland (2,6 prosent) og Brasil (2,2 prosent). Røystevekta til dei fattigaste landa er den same som etter 2008-reforma.

Tabell 2.1 Kvote- og røystevekt fordelt på utvalde land og grupper av land. Prosent

 

Kvotevekt

Røystevekt

 

Før 2008-reforma

I dag

Etter 2010-reforma

Før 2008-reforma

I dag

Etter 2010-reforma

Industriland

60,5

60,5

57,7

59,5

57,9

55,3

Store industriland

45,2

45,3

43,4

44,3

43,0

41,2

USA

17,1

17,7

17,4

16,7

16,7

16,5

Andre G7-land

28,1

27,7

26,0

27,6

26,3

24,7

Andre industriland

15,3

15,1

14,3

15,2

14,9

14,1

Utviklingsland og overgangsøkonomiar

39,5

39,5

42,3

40,5

42,1

44,7

Utviklingsland

32,1

32,4

35,1

32,9

34,5

37,0

Afrika

5,4

4,9

4,4

5,9

6,2

5,6

Asia

11,5

12,6

16,1

11,6

12,8

16,1

Midtausten, Malta og Tyrkia

7,6

7,2

6,7

7,6

7,3

6,8

Latin-Amerika og Karibia

7,6

7,7

7,9

7,8

8,2

8,4

Overgangsøkonomiar

7,4

7,1

7,2

7,6

7,6

7,7

Totalt

100,0

100,0

100,0

100,0

100,0

100,0

Memo

EU 27

32,4

31,9

30,2

32,0

30,9

29,4

Låginntektsland (PRGT-kvalifiserte)

3,4

3,2

3,2

3,9

4,5

4,5

Noreg

0,8

0,8

0,8

0,8

0,8

0,8

Den nordisk-baltiske valkrinsen

3,4

3,3

3,2

3,4

3,4

3,3

Kjelde: IMF

Røystevekta til den nordisk-baltiske valkrinsen går noko ned, frå 3,40 prosent til 3,28 prosent. Noreg si røystevekt er om lag uendra og vil etter reforma vere 0,77 prosent. Dei baltiske landa får noko høgare røystevekt, medan dei andre nordiske landa får noko redusert røystevekt. Dei tre største landa i valkrinsen er framleis Sverige, Noreg og Danmark, som får høvesvis 0,91, 0,77 og 0,71 prosent av røystene i IMF.

Det er òg semje om å gjennomføre ein brei gjennomgang av kvoteformelen innan januar 2013 og å framskunde neste gjennomgang av kvotane med to år til januar 2014. Guvernørrådet i IMF har uttrykt ei forventning om at gjennomgangen vil føre til ein ytterlegare auke i røystedelen til dynamiske framveksande økonomiar, i samsvar med den delen av verdsøkonomien desse landa står for, slik at røystevekta til framvaksande økonomiar og utviklingsland samla truleg aukar. Samstundes skal representasjonen til dei fattigaste medlemslanda vernast.

Den doblinga av kvotar som det no er semje om, styrkjer IMFs finansielle posisjon kraftig, og det kan vere rom for å redusere omfanget av andre finansieringskjelder for IMF-utlån. Ein vil i denne samanhengen vurdere å redusere storleiken på NAB-ordninga, som frå 11. mars i år har ei finansiell ramme på 367,5 mrd. SDR, jf. Prop. 58 S (2010–2011). Kor stor reduksjonen blir, vil mellom anna avhenge av kor stort ein vurderer behovet for lån frå IMF til å vere i tida framover. Gjennomgangen av NAB-ordninga skal vere klar innan november 2011 og få effekt samstundes med kvoteauken.

Fotnotar

1.

Kvotedel = (0,5*BNP + 0,30*openhet + 0,15*variabilitet + 0,05*valutareservar)K, der BNP er berekna med 60 prosent vekt på marknadskursar og 40 prosent vekt på kjøpekraftsparitetar, og K er ein kompresjonsfaktor på 0,95.