Prop. 142 S (2010–2011)

Samtykke til at Noreg sluttar seg til reform av styresamansetjing, kvotar og røysterett i IMF

Til innhaldsliste

4 Finansdepartementets vurdering og tilråding

Ved å auke kvotane styrkjer ein den finansielle posisjonen til IMF. Dette er viktig for å sikre at IMF har finansiell kapasitet til å finansiere dei lånebehova som oppstår, og for å sikre at tilliten til institusjonen held seg. Kvotereforma medverkar òg til at byrdene ved å finansiere verksemda blir godt fordelte mellom dei landa som har økonomisk styrke til å bidra. Med denne reforma er den styrkinga av lånekapasiteten til IMF som det var internasjonal semje om våren 2009, fullført.

Finansdepartementet ser det som svært positivt at reforma medverkar til at utviklingsland og framveksande økonomiar får ei sterkare rolle i IMF. Det er viktig at organisasjonen har eit styresett som sikrar global relevans og legitimitet. Noreg og den nordisk-baltiske valkrinsen har derfor støtta kompromissforslaget som det blei semje om. Som nemnt i Finansmarknadsmeldinga 2010 er ein likevel skuffa over at kvoteformelen i stor grad blei sett til sides ved fordelinga av delar av kvoteauken. Særleg er det eit tankekors at store land blei favoriserte til skade for små. Multilaterale organisasjonar bør i stor grad etablere og følgje faste reglar, slik at heile medlemskrinsen blir behandla på ein konsistent måte. Det er òg skuffande at det ikkje blei semje i denne runden om å styrkje posisjonen til IMFC.

Den politiske tilsegna frå medlemslanda om at det også i framtida skal vere 24 representantar i IMF-styret, er viktig for å gi styret ei brei og demokratisk samansetjing. Ein reduksjon i talet på styremedlemmer ville gjort styret mindre representativt for mangfaldet blant medlemslanda. Samstundes er ein frå nordisk-baltisk side skuffa over at eit styre med 24 medlemmer ikkje blir nedfelt i statuttane for IMF.

Den nordisk-baltiske valkrinsen har slutta opp om den politiske lovnaden om å redusere talet på styrerepresentantar frå europeiske industriland med to. Truleg kan ein delvis nå dette målet ved at deltakarlanda i dei ulike valkrinsane byter på å ha styreposisjonen. I den nordisk-baltiske valkrinsen er det lang tradisjon både for rotasjon om ulike verv og for eit nært samarbeid der ein gjennom ein open, demokratisk og regelbasert prosess avgjer kva synspunkt valkrinsen skal fremje i ulike saker. Slike samarbeidsformer ser til no ikkje ut til å vere like vanlege i andre valkrinsar. Prosessen med å redusere talet på styrerepresentantar frå europeiske industriland kan såleis på ulike måtar opne for at fleire land deltek aktivt i utforminga av dei posisjonane som blir fremja i IMF-styret. Prosessen kan samstundes få konsekvensar for samansetjinga av den nordisk-baltiske valkrinsen. Dersom det blir aktuelt å auke talet på land, er ein i valkrinsen samde om å leggje vekt på å halde ved lag dei gode arbeidsmetodane ein har etablert, mellom anna rotasjon av posisjonar og demokratisk koordinering av synspunkta som skal fremjast i IMF-organ.