Prop. 142 S (2010–2011)

Samtykke til at Noreg sluttar seg til reform av styresamansetjing, kvotar og røysterett i IMF

Til innhaldsliste

6 Kort om prosessen med å velje ny IMF-leiar

Dominique Strauss-Kahn trakk seg 18. mai i år som administrerande direktør for IMF, og viseadministrerande direktør, amerikanaren John Lipsky, fungerer nå som sjef og styreleiar. IMF speler for tida ei sentrale rolle i mange kriseramma land, mellom anna i Europa, og det er viktig å få ein ny IMF-leiar på plass relativt raskt, og før Lipsky sin periode er over i august i år.

20. mai vedtok IMF-styret prosedyrar som skal sikre at valet av ny leiar skjer på en open, kvalifikasjonsbasert og transparent måte. Prosedyrane er eit resultat av eit pågåande arbeid med å betre rutinane for val til leiande stillingar i IMF og har desse hovudpunkta:

  • Den nye IMF-leiaren må ha eit framifrå rulleblad frå arbeid på høgt nivå med utforming av økonomisk politikk. Vedkommande må ha ein sterk fagleg bakgrunn og ha demonstrert dei leiareigenskapane og diplomatiske evnene som skal til for å leie ein global institusjon. Styret peiker vidare på ei rekke ønskja eigenskapar, mellom anna evna til å levere strategiske visjonar for det faglege arbeidet i IMF, byggje konsensus i viktige politiske og institusjonelle spørsmål og samarbeide nært med IMF-styret, og dokumentert forståing av dei politiske utfordingane som dei ulike medlemslanda i IMF står ovanfor. Vedkommande må òg ha eit sterkt engasjement for multilateralt samarbeid og vere god å kommunisere.

  • Styremedlemmer og guvernørar i IMF kan nominere kandidatar i perioden 23. mai til 10. juni. IMF vil halde namna hemmelege fram til utløpet av perioden.

  • Etter utløpet av nominasjonsperioden blir lista med nominerte lagd fram for IMF-styret. Dersom lista inneheld fleire enn tre namn, vil styret halde namna hemmelige fram til det har korta lista ned til tre namn. I utveljinga av dei tre skal styret leggje vekt på eigenskapar, og ikkje nasjonalitet. Kortlista på tre personar skal offentleggjerast.

  • Deretter skal styret kalle inn kandidatane til intervju, drøfte sterke og svake sider ved kandidatane og til slutt velje ein av dei. Valet kan skje ved simpelt fleirtal, men styret skal søkje konsensus. Prosessen skal vere avslutta innan 30. juni i år.

Noreg og den nordisk-baltiske valkretsen støtta denne prosedyren då han blei drøfta i styret. Vurderinga til Finansdepartementet er at han er i tråd med det synspunktet Noreg har fremja over lengre tid om at val til leiande posisjonar og verv i IMF skal skje på bakgrunn av kvalifikasjonar og ønskjelege eigenskapar, ikkje på bakgrunn av nasjonalitet.

Då fristen for å nominere kandidatar gjekk ut den 10. juni, var desse to namna på lista:

  • Den franske økonomi-, finans- og næringsministeren, Christine Lagarde.

  • Den mexicanske sentralbanksjefen, Augustin Carstens.

Opphavleg var også sentralbanksjefen i Kasakhstan, Grigory Marchenko, og den israelske sentralbanksjefen Stanley Fischer blant dei nominerte, men Marchenko trakk sitt kandidatur. Fischer er heller ikkje på lista ettersom han er eldre enn 65 år som er aldersgrensa for å søkje stillinga som administrerande direktør. Styret vurderte om ein skulle endre denne grensa for å la Fischer stille som kandidat, men fann det uheldig å endre reglane for ein prosess som allereie er i gang.

Kandidatane vil no bli intervjua av IMF sitt styre, som så innan 30. juni i år vil ta eit val om kven som blir den neste administrerande direktøren.

Frå norsk side har ein lagt vekt på at ein skal respektere den prosessen styret har lagt opp til og ikkje ta stilling til kven som bør bli administrerande direktør før lista med dei nominerte føreligg og kandidatane har presentert seg og synspunkta sine overfor styret i IMF. Det er viktig for legitimiteten og effektiviteten til IMF at den nye administrerande direktøren kan bidra til at internasjonale samarbeidsprosessar utviklar seg i ein god retning, og at ho eller han evner å løyse dei krevjande oppgåvene organisasjonen står oppe i på ein god måte.