Prop. 142 S (2010–2011)

Samtykke til at Noreg sluttar seg til reform av styresamansetjing, kvotar og røysterett i IMF

Til innhaldsliste

3 Endringar i organiseringa av IMFs styre

Reforma endrar òg styresamansetjinga i IMF. Fram til no har dei fem største medlemslanda i IMF (USA, Japan, Tyskland, Frankrike og Storbritannia) peika ut sine eigne styrerepresentantar, medan dei andre representantane har blitt valde av eitt eller fleire medlemsland. Det er semje om å endre dette slik at alle medlemmer i styret må veljast. Samstundes skal dei fem største landa no kunne vere med i valkrinsar. For å unngå at ein valkrins får urimeleg stor røystevekt, skal det ved kvart val fastsetjast ei øvre grense for røystevekta til ein valkrins. For å fjerne ordninga med utpeika styrerepresentantar må ein endre statuttane til IMF. Den nye ordlyden går fram av vedlegg 1. Statuttendringane som medfører reform av IMF-styret, krev ratifisering i minst 60 prosent av medlemslanda med til saman minst 85 prosent av røystene.

I IMF-statuttane heiter det at IMF skal ha eit styre med 20 medlemmer. Styret kan med 85 prosents fleirtal vedta at det skal vere fleire eller færre medlemmer enn dette. Sidan byrjinga av 1990-åra har styret nytta dette høvet til å vedta at det skal ha 24 medlemmer. USA har dei siste åra hevda at talet på medlemmer bør reduserast for å gjere arbeidet meir effektivt. Dei fleste andre land har hevda at ein liten reduksjon – til dømes frå dei noverande 24 medlemmene til 20 medlemmer – ikkje er nok til at det får noko særleg å seie for effektiviteten, men derimot vil gjere det vanskelegare å sikre at alle regionar i verda er godt representerte. I samband med reforma har styret og guvernørrådet i IMF forplikta seg politisk til å halde storleiken på styret i IMF på same nivå som i dag, det vil seie 24 medlemmer, på permanent basis. Denne endringa er ikkje nedfelt i statuttane for IMF, så styret må framleis gjere vedtak om dette med 85 prosents fleirtal annakvart år.

Guvernørrådet har òg gått inn for at valkrinsar med sju eller fleire medlemsland kan utnemne to varamedlemmer til styret. Vidare har europeiske industriland forplikta seg til å redusere talet på styremedlemmer med to. Ein skal her rekne med kor stor del av tida eit europeisk industriland har styrerepresentanten. Dersom det gir andre land enn europeiske industriland auka tilgang til styrestolen, kan såleis også rotasjon i eksisterande valkrinsar vere ein del av løysinga. Når ein tek omsyn til rotasjon, har Europa i dag om lag 8,3 av dei 24 representantane i IMF-styret. Dei europeiske styremedlemmene vil truleg bli erstatta med medlemmer frå framveksande økonomiar. Reduksjonen i talet på styrerepresentantar frå europeiske industriland er ei politisk forplikting. Gjennomføringa skal skje etter at kvoterevisjonen er sett i verk, det vil seie tidlegast mot slutten av 2012. Det er opp til dei europeiske landa å komme fram til korleis dette skal organiserast. Samansetjinga av styret skal vurderast særskilt kvart åttande år.