Prop. 24 S (2013–2014)

Fullmakt til å ta opp statslån o.a.

Til innhaldsliste

2 Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter

2.1 Statens lånebehov

I tråd med lov om Statens pensjonsfond blir det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet foreslått dekt ved ei overføring frå Statens pensjonsfond utland. Avdrag på statsgjelda, netto utlån og kapitalinnskot til statsbankane o.a. blir dekte ved nye låneopptak og/eller ved trekk på statens kontantbehaldning. Staten har ut frå forslaget i Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) eit brutto finansieringsbehov på 62,8 mrd. kroner i 2014, jf. tabell 2.1. Justert for postar som ikkje medfører transaksjonar, det vil for 2014 seie avsetjingar til Infrastrukturfondet og Klimafondet, har staten eit finansieringsbehov på om lag 37 mrd. kroner.

Tabell 2.1 Statens finansieringsbehov i 2013 og 2014. Mrd. kroner

20131

20142

A Oljekorrigert overskot på statsbudsjettet

-116,5

-137,5

B Overført frå Statens pensjonsfond utland

116,5

137,5

C Overskot før lånetransaksjonar (A+B)

0,0

0,0

D Utlån til statsbankane, aksjeteikning o.l., netto

74,0

62,8

E Statens netto finansieringsbehov (D-C)

74,0

62,8

F Gjeldsavdrag3

66,5

0,0

G Statens brutto finansieringsbehov (E+F)

140,6

62,8

1 Prop. 1 S (2013–2014), Gul bok, anslag på rekneskapen

2 Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014)

3 Dette gjeld avdrag på langsiktige statslån.

Kjelde: Finansdepartementet.

2.2 Behovet for lånefullmakter

Når ein vurderer statens lånebehov i marknaden, tek ein normalt utgangspunkt i statens finansieringsbehov, jf. tabell 2.1. Vidare tek ein omsyn til verknaden av statens transaksjonar på likviditeten i pengemarknaden. Pengemarknaden blir tilført likviditet når staten betaler avdrag på gjelda eller aukar netto utlån til statsbankane. Ved opptak av statslån i norske kroner inndrar ein likviditet frå marknaden. Utgangspunktet er at desse transaksjonane til staten skal verke nøytralt på likviditeten i pengemarknaden over tid.

Samla overskot på statsbudsjettet og Statens pensjonsfond utland vil isolert sett redusere likviditeten i pengemarknaden. Likviditeten blir i sin tur tilført marknaden gjennom kjøp av valuta (og sal av kroner) for Statens pensjonsfond utland. Til saman er verknaden på likviditeten i marknaden såleis lik null.

Nokre postar på statsbudsjettet påverkar ikkje likviditeten i pengemarknaden direkte, sjølv om dei påverkar balansen på statsbudsjettet og storleiken på statens kontantbehaldning. Dette gjeld mellom anna renter og overføringar frå Noregs Bank. I eit likviditetsnøytralt låneopplegg må ein korrigere for slike postar. Ein må også korrigere for enkelte lånetransaksjonar som inngår i finansieringsbehovet, men som ikkje har likviditetseffekt. For 2014 er det samla sett berekna at desse postane vil minke lånebehovet med om lag 25 mrd. kroner netto, jf. også omtalen i punkt 2.1.

Tabell 2.2 gjev ei samla oversikt over gjeldande lånefullmakter for 2013, saman med forslag til nye fullmakter for 2014. I tillegg ber departementet om at fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir førd vidare.

Tabell 2.2 Fullmakt til opptak av statslån i 2014. Mill. kroner

Fullmakt for 2013

Utnytta pr. 30.09.13

Forslag til ny fullmakt for 2014

Nye langsiktige lån

100 000

71 000

100 000

Kortsiktige marknadslån

250 000

173 858

200 000

Andre kortsiktige lån

uavgrensa

223 470

Uavgrensa

2.2.1 Fullmakt til å ta opp langsiktige lån i 2014

Statens lånebehov blir dekt ved opptak av nye langsiktige lån. Ein legg normalt opp til å jamne ut opptaka av langsiktige lån slik at store svingingar i finansieringsbehovet frå eitt år til eit anna ikkje fullt ut påverkar opplåningstakta. Sidan det ikkje er forfall av langsiktige obligasjonslån i 2014, og det er eit stort forfall i 2015, tek ein sikte på å dekke noko av finansieringsbehovet i 2015 ved opptak av nye lån i 2014.

Ein ber om at fullmakta for 2014 til å ta opp nye langsiktige lån blir sett til 100 mrd. kroner.

2.2.2 Fullmakt til å ta opp kortsiktige marknadslån i 2014

Fullmakta under kortsiktige marknadslån er utforma som ei ramme for maksimalt uteståande beløp. Som følgje av ordninga med byte av statspapir mot OMF var det ein kraftig auke i uteståande statskassevekslar, men forfall av byteavtalar har gjort at uteståande no er lågare. Ved inngangen til 2014 vil uteståande volum i byteordninga vere om lag 78 mrd. kroner. Statskassevekslane som blir nytta i byteordninga er omfatta av fullmakta for korte marknadslån. Ein ber om at fullmakta til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir sett til 200 mrd. kroner i 2014.

2.2.3 Fullmakt til å ta opp andre kortsiktige lån i 2014

Fullmakta for andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og eventuelle kontolån frå institusjonar som ved særskilte høve kan bli pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Fullmakta omfattar og eventuelle plasseringar gjevne som trygd frå motpartar i rentebytteavtalar. Størstedelen av andre kortsiktige lån er innskot frå operatørbanken for skattebetalingsordninga.

Låna under denne fullmakta er skyldnader av ein slik karakter at ein ikkje bør fastsetje ei særskilt beløpsgrense. Ein foreslår at Finansdepartementet for 2014 får fullmakt til å ta imot slike plasseringar som kontolån utan at det vert sett ei særskild beløpsgrense. Ein unngår då at staten må avvise innskot under tilvising til at fullmakta ikkje er stor nok.