Prop. 24 S (2013–2014)

Fullmakt til å ta opp statslån o.a.

Til innhaldsliste

5 Opplåninga i 2013

5.1 Langsiktige lån

Statens opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden har sidan 1991 i hovudsak skjedd gjennom auksjonar av obligasjonar. Det er for tida fem referanselån i marknaden, jf. tabell 5.1.

Fram til midten av november har det blitt avvikla 19 auksjonar, med eit samla volum på 56 mrd. kroner. Resultat av auksjonane hittil i år er oppsummert i tabell 1.1 i vedlegg 1.

Ein indikator på kor vellukka ein auksjon har vore, er den effektive renta ein har oppnådd i auksjonen sett i høve til rentenivået i andrehandsmarknaden på same tidspunktet. Ei slik samanlikning er enklast å gjere i dei tilfella der ein utvidar eit lån som allereie er prisnotert i marknaden. Det normale i ein auksjon av norske statsobligasjonar er at den effektive renta ein oppnår ligg mellom kjøps- og salsrenta i andrehandsmarknaden på auksjonstidspunktet.

Den gjennomsnittlege renta i auksjonane i 2013 fram til midten av november er 2,22 prosent. Gjennomsnittleg har auksjonsrenta vore 62 rentepunkt lågare enn midtrenta i rentebytemarknaden. I 2012 var renta i gjennomsnitt 110 rentepunkt under midtrenta.

Det er viktig for staten at det er interesse for auksjonane, slik at ein kan oppnå best mogleg resultat i form av låge lånekostnader. Ein måte å måle denne interessa på er forholdet mellom samla bodvolum og volum som blir lagt ut i auksjonen («bid-to-cover»). I dei auksjonane som har vore gjennomførde hittil i år har dette forholdstalet variert mellom 1,50 og 4,39, jf tabell 1.1 i vedlegg 1.

5.2 Kortsiktige lån

5.2.1 Statskassevekslar

Den alminnelege kortsiktige opplåninga i marknaden skjer gjennom sal av statskassevekslar. Dette er papir utan kupongrente der avkastninga er knytt til underkursen dei blir lagde ut til. Med dagens opplegg blir det opna nye veksellån med 12 månaders løpetid fire gonger i året. Forfall er knytt til oppgjersdato for standardkontraktar i dei internasjonale marknadene, såkalla IMM-datoar. Den kortsiktige opplåninga medverkar til eit komplett tilbod av statspapir med ulike løpetider. I tillegg er den kortsiktige opplåninga lagt opp slik at ein tek omsyn til balansen i pengemarknaden.

Den gjennomsnittlege renta i auksjonane i 2013 fram til midten av oktober er 1,63 prosent. Jamfører ein resultatet av auksjonane i kortsiktige statspapir med tilsvarande rente i pengemarknaden, ventar ein at renta på statspapir skal liggje under denne, jf. at investeringar i statspapir blir rekna som kredittrisikofrie. Renta staten har oppnådd i auksjonane hittil i år har gjennomsnittleg vore 31 rentepunkt under midtrenta i pengemarknaden på auksjonstidspunktet. I 2012 var renta i gjennomsnitt 101 rentepunkt under midtrenta. Resultat av auksjonane hittil i år er oppsummert i tabell 1.2 i vedlegg 1.

5.2.2 Andre kortsiktige lån

Andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og dessutan eventuelle kontolån frå institusjonar som ved særlege høve kan blir pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten, jf. avsnitt 2.3.3.

Ved utgangen av september 2013 var dei totale plasseringane under fullmakta for andre kortsiktige lån om lag 223 mrd. kroner. Ein har då ikkje rekna med kontolån frå ordinære fond (kontogruppe 81 i statsrekneskapen)1. Den største plasseraren er operatørbanken som forvaltar likviditeten i samband med visse skatte- og avgiftsbetalingar. Denne operatørbanken skal etter dagens ordning plassere den likviditeten banken får ved slike statlege betalingar som uforrenta kontolån til staten. Slike kontolånsplasseringar varierer mykje gjennom året. Per 30. september 2013 var det uteståande kontolån på om lag 110 mrd. kroner under denne ordninga. Hovuddelen av kontolåna frå operatørbanken er no knytt til ordninga for innbetaling av skatt på inntekt og folketrygdavgift til kommunekasserarane. Desse er pålagde å ha eigen kassefunksjon og eigen bankkonto for innbetalte skatte- og trekkbeløp. Denne skattebetalingsordninga er ikkje omfatta av staten si ordinære konsernkontoordning.

Fotnotar

1.

Kontolån av denne typen er ikkje å rekne som lån i vanleg forstand, mellom anna fordi kreditor, som er eit fond under eit departement, ikkje på noko tidspunkt kan disponere hovudstolen.