Prop. 25 L (2010–2011)

Endringar i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (heving av inntektsgrensa for rett til fullt bidragsforskott mv.)

Til innhaldsliste

2 Heving av inntektsgrensa for rett til fullt bidragsforskott

2.1 Gjeldande rett. Dagens inntektsgrenser

Forskotteringa av bidrag skal tryggje at barn busette i Noreg er sikra eit visst pengebeløp frå staten til underhald i saker der foreldra ikkje bur saman. Bidragsforskott er subsidiært i høve til underhaldsbidrag frå bidragspliktige, og vert berre betalt ut om bidraget er lågare enn forskottet eller ikkje vert betalt i tide. Det er den som har den faktiske omsorga for barnet som er forskottsmottakar. Eit viktig vilkår for ytinga er at det vert fastsett eit bidrag i saka etter reglane i barnelova og at bidrag innkrevjast gjennom det offentlege for å sikre at det offentlege får refusjon for forskottet. Fullt forskott utgjer p.t. kr.1 380 per månad.

Frå 2003 er forskottet inntektsprøvd og vert gitt med 50, 75 eller 100 prosent av fullt forskott. Retten til forskott fell bort dersom mottakaren har ei årleg inntekt på meir enn 320 gonger fullt bidragsforskott per barn per månad (no kr. 441 600). Grensene mellom 100 og 75 prosent og 75 og 50 prosent av fullt forskott er fastsette i ”Forskrift om gjennomføringen av bestemmelsene om inntektsprøving av forskott” 6. februar 2003 nr 0125:

  • Grensa for 100 prosent forskott skal svare til uredusert overgangsstønad etter folketrygdlova kapittel 15 tillagt ekstra barnetrygd og småbarnstillegg til barnetrygda for einslege forsørgjarar. Dette svarar no til kr. 170 900 pr. år. Denne grensa er eitt og same beløp for alle utan omsyn til barnetalet eller forsytaren sin sivilstatus.

  • Grensene mellom 75 og 50 prosent av fullt forskott er lik grensene for når bidragspliktige vert rekna å ha full forsytingsevne, dvs. den inntekta som er høg nok til å dekkje normerte avsetningar til underhald under omsyn til sjablongmessig rekna skatt og trygdeavgift. Ein tek omsyn til om mottakaren har ny ektemake/sambuar, eller om han/ho er einsleg forsytar. Grensene utgjer p.t. kr. 323 900 for einslige og kr. 290 000 for ektemakar/sambuarar, begge grenser på årsbasis, og vert auka med kr. 52 800 pr. barn dersom det er meir enn eitt barn i husstanden.

Retten til bidragsforskott fell bort dersom den einslege forsytaren har ei årleg inntekt over 320 gonger fullt forskott pr. barn pr månad (p.t. kr. 441 600). Denne grensa er eitt og same beløp for alle.

2.2 Departementet si vurdering og forslag

Ein bidragspliktig som bur aleine vert ikkje rekna for å ha evne til å betale bidrag dersom inntekta er under kr. 217 200 årleg, medan forskottsmottakarar etter gjeldande regelverk ikkje får fullt bidragsforskott dersom inntekta hans/hennar er meir enn kr. 170 900. Skilnaden mellom desse grensene synest ikkje logisk eller rimeleg. Ein einsleg forsytar bør kunne få maksimalt forskott når inntekta ikkje er høgare enn at forsytaren ville fått fritak for å betale bidrag.

I St. meld. nr. 19 vart det foreslått å heve grensa for 100 prosent forskott med om lag kr. 30 000. Arbeidsdepartementet meiner at grensa for å få fullt forskott og grensa for å betale bidrag bør vere dei same, og gjer difor framlegg om å heve inntektsgrensa for rett til maksimalt forskott med kr. 46 300 slik at grensene vert like. Dette er ei klar forbetring i høve til forslaget i stortingsmeldinga, og ein når difor ei større gruppe av forskottsmottakarar med låg inntekt. Inntektsgrensene for rett til 75 og 50 prosent forskott vert ikkje endra.

I St.meld. nr. 19 (2006–2007) vart det gjort framlegg om å endre terminologien i forskottsregelverket. Omleggjinga av skattereglane i samband med bidragsreforma, der forskottet gikk frå skattbar til skattefri inntekt, gjorde at 75 prosent forskott reelt var på nivå med tidlegare fullt forskott. Ein meinte difor at 75 prosent-satsen burde framstå som normalsatsen og dei to andre satsane som auka eller redusert sats. Departementet foreslår at dette vert følgt opp i samband med hevinga av grensa for maksimalt forskott, slik at:

  • 75 prosent av fullt forskott vert ”forskott”.

  • 100 prosent av fullt forskott vert ”forhøyet forskott ”, som svarar til forskott med ordinær sats pluss ein tredel.

  • 50 prosent av fullt forskott vert ”redusert forskott” som svarar til forskott med ordinær sats minus ein tredel.

Endringa av terminologien gjer det naudsynt med ei omskriving av lovteksten.

Departementet viser til § 5 i lovforslaget.