Prop. 25 L (2010–2011)

Endringar i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (heving av inntektsgrensa for rett til fullt bidragsforskott mv.)

Til innhaldsliste

4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

4.1 Ikraftsetjing

Departementet foreslår at lova skal gjelde frå 1. mai 2011 og at endringane òg får verknad for saker der forskott er innvilga med verknad for tidsrom før denne datoen. Av omsyn til den administrative førebuinga kan endringane ikkje gjelde frå 1. januar som foreslått i budsjettet.

4.2 Økonomiske konsekvensar

Per desember 2009 var det 50 640 barn som fekk 75 prosent bidragsforskott og det er denne gruppa som vert påverka av forslaget om heving av satsen for å få maksimalt forskott (etter forslaga her ”forhøyet forskott”). Inntektsfordelinga blant desse forskottsmottakarane er ikkje kjent, slik at anslag over kostnadene ved heving av inntektsgrensa er usikre. Ein reknar at utgiftene til dette tiltaket om lag svarar til innsparinga ved å oppheve særregelen for barn utan oppgitt far mv. Arbeids- og velferdsdirektoratet opplyser at det kan vere om lag 7 100 barn i den sistnemnte gruppa. Ein reknar med at utgiftene til utbetaling av bidragsforskott i 2011 vil auke med 14,1 millionar kroner på grunn av endringspakka, medan inntektene av refusjon i bidrag i 2011 aukar med 17,5 millionar kroner.

Som nemnt i innleiinga inkluderer endringsforslaga til beste for einslege forsytarar òg ei heving av inntektsgrensa for fritak for gebyr ved fastsetjing og endring av barnebidrag. Det er lagt til grunn at dette vil føre til ein inntektsreduksjon for staten i 2011 på 1,7 millionar kroner, slik at endringane samla vert rekna å gi ei innsparing på 1,7 millionar kroner i 2011.

Dei økonomiske utslaga på årsbasis er rekna til ei samla innsparing på 2,7 millionar kroner.

I budsjettforslaga er det lagt til grunn at endringa vil gjelde frå 1. januar 2011. Utsett iverksetjing til 1. mai som foreslått i proposisjonen her, gjer det naudsynt med tilsvarande justeringar på dei aktuelle budsjettpostane. Forslag om dette vert lagt fram i Revidert nasjonalbudsjett.

4.3 Administrative konsekvensar

Endringane gjer det naudsynt med ei revurdering av forskottet til dei barna som etter gjeldande reglar får 75 prosent forskott, men som etter dei nye reglane vil få den høgaste satsen. Tilsvarande må ein revurdere forskottet i sakene utan oppgitt far. Arbeids- og velferdsdirektoratet må varsle den delen av forskottsmottakarane som kan bli omfatta av endringane. Dette er særleg viktig i høve til dei som vil kunne få redusert forskottsbeløpet. Endringane er venta å kunne få verknad for om lag 36 000 barn.

Til hjelp ved revurderinga må det gjerast endringar i IKT-systema slik at omrekninga av ytingane kan skje maskinelt. Dette vil også leggje til rette for framtidig maskinell inntektskontroll og maskinell omrekning av ytingar, slik at meirarbeidet ved omlegginga fører til forenkling og administrativ innsparing i høve til det framtidige kontrollarbeidet.