Prop. 25 L (2010–2011)

Endringar i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (heving av inntektsgrensa for rett til fullt bidragsforskott mv.)

Til innhaldsliste

3 Inntektsprøving av forskottsmottakarar med barn utan oppgitt far, einslege adoptantar m.v.

3.1 Gjeldande rett

Einskilde grupper forskottsmottakarar får etter gjeldande § 5 fyrste leddet andre punktumet fullt bidragsforskott inntil inntekta kjem opp i maksimalgrensa for rett til forskott. Denne bortfallsgrensa utgjer no kr. 441 600 pr. år. Dette gjeld

  • barn utan oppgitt far

  • barn adoptert av ein einsleg adoptant

  • barn med ein avliden forelder der barnet ikkje har rett til barnepensjon frå folketrygda eller tilsvarande yting frå utlandet.

3.2 Departementet si vurdering og forslag

I St.meld. nr. 19 (2006–2007) vart det framheva at det var vanskeleg å argumentere for å halde fram med særbehandlinga av desse gruppene etter omlegginga av skattereglane (sjå punkt 2.2), som førte til at det faktisk skjedde ei reell heving av den maksimale satsen for forskott. Det kunne da synast rimeleg at den høgaste satsen berre vert gitt til dei med lågast inntekt, og regelen om unntak frå full inntektsprøving vart difor foreslått oppheva.

Fritaket frå vanleg inntektsprøving kan opplevast som urimeleg gunstig i høve til einslege forsytarar med ein bidragspliktig som ikkje vil eller kan betale bidrag, Dei sistnemnte forsytarane får full inntektsprøving, sjølv om kan hende bidragspliktige i realiteten ikkje bidreg til oppfostringa av barnet. Eksempelvis kan innkrevjing føre til lite eller ingenting dersom den bidragspliktige bur i eit land Noreg ikkje har innkrevjingsavtale med. Fritaket frå vanleg inntektsprøving når bidragspliktige ikkje er kjent mv., er hevda å kunne verke som eit insentiv for forskottsmottakarar til ikkje å melde frå kven faren til barnet er.

Gruppene som i dag har fritak frå vanleg inntektsprøving vil generelt ikkje vere økonomisk verre stilte enn dei andre gruppene forskottsmottakarar. Til dømes kan einslege adoptantar ofte vere ressurssterke, godt vaksne personar som gjer eit medvitent val om å fostre eit barn aleine og som har økonomisk evne til dette. Det same kan òg gjelde dei som ikkje melder frå kven barnefaren er. I alle høve vil ein stor del av mottakarane framleis få maksimalt forskott, mellom anna på grunn av den hevinga av inntektsgrensa som er foreslått i punkt 2. Venteleg vil dette mellom anna gjelde alle i den vesle gruppa som får forskott av di dei ikkje har rett til barnepensjon. Felles for desse tre gruppene er at bidragsmottakar ikkje har nokon bidragspliktig å dele kostnadene til oppfostring av barnet med.

Departementet meiner etter dette at reglane om inntektsprøving av forskott bør vere dei same for alle, og foreslår oppheving av forskotteringslova § 7 sjette leddet om avgrensa inntektsprøving for forskottsmottakarar med barn utan oppgitt far, einslege adoptantar mv. Departementet viser til lovforslaget.