Prop. 25 L (2010–2011)

Endringar i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (heving av inntektsgrensa for rett til fullt bidragsforskott mv.)

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei einskilde paragrafane

Til § 5

Paragrafen vert endra på grunn av forslaga om heva inntektsgrense, for å få maksimalt forskott og endringar i terminologien, slik at 75 prosent av fullt forskott vert ”forskott”, medan satsane 100 og 50 prosent av fullt forskott vert ”forhøyet” og ”redusert” forskott. Vidare vert regelen om unntak frå vanleg inntektsprøving for barn utan oppgjeven far oppheva.

Etter forslaget til endringar i første leddet vert grensa for maksimalt forskott knytta direkte til regelen i barnelova § 71 første leddet andre punktumet om bidragsevne, slik at dei to grensene heile tida vil følgje kvarandre. Det vert presisert at ein skal leggje til grunn bidragsevnevurderinga for ein einsleg bidragspliktig utan barn. Leddet vert elles omskrive som følgje av endringane i terminologi. Noverande tredje punktumet om unntak frå vanleg inntektsprøving for barn utan oppgjeven far går ut.

Endringane i tredje leddet har samband med den endra terminologien.

Ein viser til punkt 2 og 3.

Til endringane i § 7

§ 7 noverande sjette leddet viser til særregelen om unntak frå vanleg inntektsprøving for barn utan oppgjeven far mv., og må opphevast som følgje av at unntaket går ut. Noverande sjuande og åttande leddet vert da nye sjette og sjuande leddet.

Ein viser til punkt 3.