Prop. 3 L (2012–2013)

Endringar i jordskifteloven

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

Jordskifteloven § 7 femte ledd har i dag slik ordlyd:

”Dommarar til jordskifteoverrett og jordskifterett og jordskiftedommar med allment løyve må ha eksamen frå Norges landbrukshøgskole med fagkrins fastsett av departementet.”

Det er etter dette eit krav for dommarar ved jordskiftedomstolane at ein er utdanna ved Norges landbrukshøgskole. Norges landbrukshøgskole har skifta namn til Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB).