Prop. 3 L (2012–2013)

Endringar i jordskifteloven

Til innhaldsliste

6 Departementets vurderingar

Departementet er einig med dei høyringsinstansane som har uttalt seg om opphevinga av utdanningsmonopolet. Departementet viser til det som generelt har skjedd på utdanningssektoren og til at det er tilslutning til forslaget i høyringsrunden.

Departementet deler Domstoladministrasjonen sin bekymring for rekrutteringssituasjonen og er einig i at opphevinga av utdanningsmonopolet bør fremjast som eiga sak nå.

Rekrutterings- og kompetansetilhøve er generelt noko som krev planleggjing og oppfølgjing på lang sikt. Det er difor viktig at ein kjem i gang med dette så tidleg som mogleg, for ikkje å tape for mykje tid.

Departementet foreslår på denne bakgrunn utdanningsmonopolet oppheva, slik at det ikkje lenger skal vere noko krav til utdanning frå eit bestemt universitet for å bli jordskiftedommar eller jordskifteoverdommar.

Ved ei oppheving av utdanningsmonopolet meiner departementet det er tenleg å presisere i lova at utdanninga for jordskiftedommarar skal vere på mastergradsnivå. Dette er i samsvar med det nivået jordskifteutdanninga i dag har ved Universitetet for miljø- og biovitenskap.

Som etter gjeldande lov, skal fagkrinsen fastsetjast av departementet. Departementet kan delegere myndigheit etter jordskifteloven til Domstoladministrasjonen, jf. kongelig resolusjon av 12. mai 2006. Det er av faglege og praktiske grunnar tenleg at Domstoladministrasjonen fastset fagkrinsen etter jordskifteloven § 7 femte ledd. Domstoladministrasjonen har det overordna administrative og økonomiske ansvaret for jordskiftedomstolane, og grunnlag for å vurdere det kompetansebehovet som til ein kvar tid gjer seg gjeldande. Domstoladministrasjonen arbeider og aktivt opp mot utdanningsinstitusjonane for å sikre rett kompetanse ut frå jordskiftedomstolane sine behov. Departementet vil delegere slik myndigheit til Domstoladministrasjonen.