Prop. 3 L (2012–2013)

Endringar i jordskifteloven

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei ulike utdanningsinstitusjonane må sjølv vurdere om dei vil etablere dette utdanningstilbodet. Spørsmål om finansiering av nye utdanningstilbod må vurderast i samanheng med spørsmålet om etablering av tilbodet. Departementet legg elles til grunn at den samfunnsmessige vinninga vert større enn ulempene ved ei eventuell utgiftsauke ved at ei betre rekruttering til jordskiftedomstolane vil gi betre effektivitet og kortare saksbehandlingstid ved jordskiftedomstolane. For Landbruks- og matdepartementet sin del legg ein til grunn at endringa ikkje får innverknad av noko slag.