Prop. 3 L (2012–2013)

Endringar i jordskifteloven

Til innhaldsliste

8 Merknader til føresegna

Etter gjeldande jordskiftelov § 7 femte ledd skal dommarar ved jordskiftedomstolane ha eksamen frå Norges landbrukshøgskole, som har skifta namn til Universitetet for miljø- og biovitenskap. Namnet på universitetet er i lovforslaget teken ut. Lovforslaget gjer slutt på Universitetet for miljø- og biovitenskap sin einerett på utdanning av kandidatar som kan bli jordskiftedommarar.

Ved ei oppheving av utdanningsmonopolet meiner departementet det er tenleg å presisere i lova at utdanninga for jordskiftedommarar skal vere på mastergradsnivå. Dette er i samsvar med det nivået jordskifteutdanninga i dag har ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. Det er ikkje meininga å gjere nemnande endringar i krava til dei grunnleggjande komponentane i utdanninga, eller i kravet til utdanningsnivå. Jordskiftekandidatar som er utdanna før ordninga med mastergrad blei innført har eit utdanningsnivå som kvalifiserar for jordskiftedommar.

Som etter gjeldande lov, skal fagkrinsen fastsetjast av departementet. Denne kompetansen kan departementet delegere til Domstoladministrasjonen, jf. kongelig resolusjon av 12. mai 2006. Det er mellom anna av faglege og praktiske grunnar tenleg at Domstoladministrasjonen fastset fagkrinsen for jordskifteutdanninga etter jordskifteloven § 7 femte ledd. Departementet vil delegere slik myndigheit til Domstoladministrasjonen, sjå over under punkt 6.

Føresegnene i denne paragrafen er ikkje til hinder for endringar i utdanningssektoren.