Prop. 50 S (2009–2010)

Endringar i statsbudsjettet for 2009 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Kap. 1313 Luftfartstilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Aktiviteten i luftfartssektoren er i 2009 høgare enn venta. Den auka aktiviteten inneber særleg ein auke i utskrivinga av flygedugleiksbevis. For Luftfartstilsynet har dette ført til at tilsynsverksemda har auka. Utgiftene til tilsynsverksemda har dermed blitt høgare. Samstundes har inntektene frå denne verksemda auka. Departementet foreslår derfor å auka løyvinga på kap. 1313, post 01 Driftsutgifter, med 9 mill. kr. Inntektene blir auka tilsvarande, jf. kap. 4313, post 01.

Kap. 1314 Statens havarikommisjon for transport

Post 01 Driftsutgifter

I Statens havarikommisjon for transport blir det oppretta eit fast sekretariat som kan tre i funksjon viss det blir aktuelt å oppnemna ein særskild granskingskommisjon i samband med ei ulykke i petroleumssektoren. I tillegg til dei faste årlege utgiftene for sekretariatet, jf. omtale i Prop. 1 S (2009-2010), er det eingongskostnader ved starten. Desse er rekna til 220 000 kr og er rammeoverført frå budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Samferdselsdepartementet foreslår å auka løyvinga på kap. 1314, post 01 Driftsutgifter, med 220 000 kr.

Kap. 4313 Luftfartstilsynet

Post 01 Gebyrinntekter

Samferdselsdepartementet foreslår å auka løyvinga på kap. 4313, post 01 Gebyrinntekter, med 9 mill. kr, jf. omtalen under kap. 1313, post 01 Driftsutgifter.

Kap. 5619 Renter av lån til Oslo Lufthavn AS

Post 80 Renter

Låneavtalen mellom staten og Oslo lufthavn AS er samansett av fleire gjeldsbrev. I gjeldsbreva er det m.a. fastsett reglar om renta og når ho skal fornyast.

Nivået på NIBOR-renter og på 5-års statsobligasjonsrenter har blitt lågare enn det som var lagt til grunn ved budsjetteringa. For lånet til Oslo Lufthavn AS utgjer dette ein reduksjon på om lag 24,2 mill. kr.

Staten har i 2009 gitt avdragsfridom på lånet. Dette aukar renteinntektene med om lag 4 mill. kr.

Samferdselsdepartementet foreslår å redusera løyvinga på kap, 5619, post 80 Renter, med i alt 20,2 mill. kr.