Prop. 50 S (2009–2010)

Endringar i statsbudsjettet for 2009 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.30 Vegformål

Kap. 1320 Statens vegvesen

Post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riks­vegar m.m.

I midten av mai 2009 var det ei ulykke på E6 Follotunnelen i Vestby kommune. Eit vogntog kom ut av kontroll og kolliderte med betongveggane på begge sider i tunnelen før det tok fyr. Dette førte til at strekninga var stengt i fleire veker. Arbeidet ser ut til å kosta om lag 20 mill. kr. Ein reknar med at forsikringsselskap dekkjer om lag 10 mill. kr. Utgiftene for staten blir dermed om lag 10 mill. kr.

I samband med raset på rv 70 Oppdølstranda i Møre og Romsdal, jf. nærare omtale under post 31 Rassikring, er kostnadene knytt til drift og vedlikehald rekna ut til om lag 2 mill. kr for umiddelbar opprydding og fjellrensk.

Realistisk budsjettering av inntekter

På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m. og post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap, foreslår departementet å auka løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald, med 76,5 mill. kr. Auken i løyvinga har ikkje nokon effekt på aktivitetsnivået i Statens vegvesen, jf. omtalen under kap. 4320, postane 01 og 03.

Oppsummering

På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet å auka løyvinga på kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar m.a., med i alt 88,5 mill. kr.

Post 30 Riksveginvesteringar

I samband med sprengingsarbeid på prosjektet E6 Vist – Jevika – Selli gjekk det 30. juni 2008 eit ras i Løsberga sør for Steinkjer, jf. omtale i St.prp. nr. 72 (2008-2009). Om lag 8 000 m3 steinmasse rasa ut. Raset førte til at jernbanen var stengt i to dagar, medan vegen var stengt til 11. juli 2008. Det blei oppretta omkøyring via kommunal veg ved Lø.

Oppryddingsarbeid og vidare forsiktig sprenging heldt fram, men 3. november 2008 skjedde det ei ny utgliding i dei same rasmassane. Etter dette var jernbanen stengt til 8. november, medan vegen var stengt til 16. februar 2009. Meirkostnadene knytt til oppryddingsarbeid, trafikkavvikling i periodane med stenging og godtgjersle til Jernbaneverket er no rekna ut til 67 mill. kr. For å dekkja delar av dei utgiftene som må betalast i 2009, er det behov for 32 mill. kr.

Realistisk budsjettering av inntekter

På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m., foreslår departementet å auka løyvinga på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, med 13 mill. kr. Auken i løyvinga har ikkje nokon effekt på aktivitetsnivået i Statens vegvesen, jf. omtalen under kap. 4320, post 01.

Oppsummering

På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet å auka løyvinga på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, med i alt 45 mill. kr.

Post 31 Rassikring

I juni 2009 gjekk det eit ras på rv 70 langs Oppdølstranda i Møre og Romsdal. For å kunna opna vegen att var det nødvendig med ein del tiltak. Det er vidare lagt opp til at staten gir midlar til båttransport også etter gjenopning av vegen og så lenge det er nødvendig med alternativ transport, jf. Prop. 1 S (2009-2010). Kostnadene knytt til oppryddingsarbeid, sikringsarbeid langs vegen, reparasjon av ferjekaiar og båttransport i 2009 er rekna ut til 43 mill. kr. Av dette blir det foreslått å dekkja 41 mill, kr over kap. 1320, post 31 Rassikring, medan 2 mill. kr blir dekt over post 23, jf. omtalen under kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

Samferdselsdepartementet foreslår å auka løyvinga på kap. 1320, post 31 Rassikring, med 41 mill. kr.

Kap. 4320 Statens vegvesen

Post 01 Salsinntekter m.m.

Statens vegvesen har inntekter frå m.a. tilbakebetaling frå bompengeselskapa av utlegg som Statens vegvesen har hatt i samband med kjøp av bompengebrikker og sal av kjennemerke. Det er knytt utgifter til desse inntektene. Inntektene kan variere frå år til år, noko som gjer at det kan vera vanskeleg å fastsetja nivået ved budsjetteringa. Det er derfor knytt ei meirinntektsfullmakt til posten.

Inntektene på post 01 er venta å utgjera om lag 190 mill. kr i 2009. Dette er 43 mill. kr meir enn det er budsjettert med. Det er knytt noko uvisse til prognosen på 190 mill. kr. Det blir foreslått å auka løyvinga på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m., med 43 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., og post 30 Riksveginvesteringar.

Post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap

Statens vegvesen mottek innbetalingar frå forsikringsselskap. Dette gjeld faktiske utgifter for skadar som køyretøy har påført m.a. vegutstyr. Refusjonane har ei tilsvarande utgiftsside. Inntektene kan variere frå år til år, noko som gjer at det kan vera vanskeleg å fastsetja nivået ved budsjetteringa. Det er derfor knytt ei meirinntektsfullmakt til posten.

Inntektene på post 03 er venta å utgjera om lag 90 mill. kr i 2009. Dette er 46,5 mill. kr meir enn det er budsjettert med. Omfanget av forsikringsskadar er vanskeleg å slå fast. Det blir foreslått å auka løyvinga på kap. 4320, post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap, med 46,5 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.