Prop. 50 S (2009–2010)

Endringar i statsbudsjettet for 2009 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

6 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Kap. 1350 Jernbaneverket

Post 23 Drift og vedlikehald

På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4350, som er knytt til drift og vedlikehald, foreslår departementet å auka løyvinga på post 23 Drift og vedlikehald, med i alt 50,9 mill. kr, jf. omtalen av postane under kap. 4350.

Kap. 4350 Jernbaneverket

Post 01 Køyrevegsavgift

Det blir betalt køyrevegsavgift for malmtransporten på Ofotbanen. Som følgje av finanskrisa og dårlegare konjunkturar har det blitt mindre malmtransport enn lagt til grunn ved fastsetjinga av løyvinga for 2009. Det er knytt ugifter til desse inntektene. Departementet foreslår derfor å redusera løyvinga på kap. 4320, post 01 Køyrevegsavgift, med 13 mill. kr.

Post 02 Sal av utstyr og tenester mv.

Jernbaneverket har inntekter frå m.a. sal av jernbanetekniske tenester. Det er knytt utgifter til desse inntektene. Inntektene varierer frå år til år, noko som gjer det vanskeleg å fastsetja nivået ved budsjetteringa.

Sal av varer og tenester frå Jernbaneverket har vore større enn det som var lagt til grunn ved fastsetjinga av løyvinga for 2009. Dette har m.a. samanheng med høgare aktivitetsnivå i Jernbaneverket, noko som gir større utleige av personell frå Jernbaneverket til Jernbaneverkets underleverandørar. Departementet foreslår å auka løyvinga på kap. 4350, post 02 Sal av utstyr og tenester, med 121,9 mill. kr.

Post 06 Vidaresal av elektrisitet til togdrift

Jernbaneverket sel vidare elektrisitet. Det er utgifter knytt til dette. Inntektene kan variera frå år til år. Det kan vera vanskeleg å fastsetja nivået ved budsjetteringa. Inntektene i 2009 blir lågare enn budsjettert m.a fordi det har vore mindre godstrafikk på jernbanen som følgje av finanskrisa og dårlegare konjunkturar. Departementet foreslår å redusera løyvinga på kap. 4350, post 06 Vidaresal av elektrisitet til togdrift, med 58 mill. kr.