Prop. 54 LS (2012–2013)

Endringar i sjøloven (reglar om passasjeransvar, m.a. gjennomføring av forordning (EF) nr. 392/2009) og samtykke til ratifikasjon av 2002-protokollen til Aten-konvensjonen om transport av passasjerar og deira reisegods til sjøs, 1974, m.m.

Til innhaldsliste

13 Særskilde merknader til dei enkelte paragrafane

Til § 175 nr. 1

I første ledd nr. 1 foreslår departementet at ansvarsgrensa aukar frå 175.000 SDR til 250.000 SDR, jf. punkt 9.3.

Til § 402

Det er teke inn ei tilvising til § 418. Samstundes vert § 430 andre ledd oppheva. Endringa er ein konsekvens av at reglane om ansvar for skade på passasjerar og reisegods etter forslaget følgjer av § 418. Ettersom Aten-forordninga og 2002 Aten-konvensjonen etter forslaget vert inkorporerte i norsk rett, jf. merknadene til utkastet § 418 nedanfor og punkt 7.3 om valet av gjennomføringsmåte, vil det følgje direkte av 2002 Aten-konvensjonen artikkel 18 kva for artiklar som kan fråvikast ved avtale mellom partane.

Til § 404

Tilvisinga til § 418 og § 419 er erstatta med ei tilvising til § 418. Endringa er ein konsekvens av at reglane om ansvar for skade på passasjer og reisegods etter forslaget følgjer av § 418.

Til § 418

Første ledd inkorporerer Aten-forordninga i norsk rett, jf. punkt 7.3 om valet av gjennomføringsmåte. Forordninga skal gjelde som norsk lov innanfor sitt verkeområde.

Andre ledd gir nærare reglar om nasjonal passasjertransport med skip som ikkje fell under klasse A og klasse B i direktiv 98/18/EF, jf. punkt 8.3 om spørsmålet om utviding av verkeområdet til ansvarsregimet ved sjøulykker.

Etter andre ledd første punktum skal reglane i forordninga gjelde for all nasjonal passasjertransport. Forordninga gjeld i utgangspunktet ikkje for skip som ikkje er omfatta av klasse A og B i direktiv 2009/45/EF (tidlegare direktiv 98/18/EF) artikkel 4.

Andre ledd første punktum utvidar verkeområdet av forordninga til nasjonal passasjertransport, men med visse tilpassingar. For det første er det presisert at bortfraktarens ansvar ikkje omfattar medansvar for terrorhendingar, jf. punkt 8.3 for ein nærare grunngjeving for dette unntaket. Med atterhald for unntaket for terroransvar følgjer omfanget av bortfraktarens ansvar av Aten-forordninga. For det andre er det bestemt at forsikringsmodellen etter Aten-konvensjonen artikkel 4bis ikkje gjeld for nasjonal passasjertransport med skip som ikkje fell inn under klasse A og klasse B, jf. punkt 8.3 for ei nærare grunngjeving for dette. Dette inneber òg at det ikkje gjeld sertifikatplikt for nasjonal passasjertransport med slike skip.

Etter andre ledd andre punktum er det eit krav om ansvarsforsikring for skip som ikkje fell inn under klasse A og klasse B, men likevel berre for skip som er sertifisert til å føre meir enn 12 passasjerar, jf. punkt 8.3 om bakgrunnen for dette. Ansvarsforsikringa etter andre ledd andre punktum skal omfatte det ansvaret for skade på personar og deira reisegods som bortfraktaren kan få etter § 418 andre ledd første punktum, det vil seie ansvaret etter Aten-forordninga, slik denne gjennomfører 2002 Aten-konvensjonen, men med unntak for medansvar for terrorhendingar, og med eigne reglar om ansvar for utstyr til passasjerar med funksjonshemming. Den nedre grensa for kva for skip som er omfatta av regelen om tvungen ansvarsforsikring, er i samsvar med 2002 Aten-konvensjonen artikkel 4bis nr. 1.

Tredje ledd inkorporerer 2002 Aten-konvensjonen i norsk rett, men likevel slik at dette gjeld utanfor verkeområdet for Aten-forordninga. Grunnen til dette er at Aten-forordninga til dels supplerer 2002 Aten-konvensjonen, og at Aten-forordninga heller ikkje gjennomfører alle føresegnene i konvensjonen. For å oppfylle pliktene Noreg har etter EØS-retten, bør ein gjere det klart at føresegnene i forordninga har forrang innanfor verkeområdet for forordninga.

Fjerde ledd gjev departementet heimel til i forskrift å gje nærare reglar om forsikring, forsikringsbevis, sertifikat og ilegging av gebyr. Føresegna byggjer på sjøloven § 186 fjerde ledd og § 198.

Til §§ 418 a til 423

Føresegnene svarer til §§ 418 til 423 i gjeldande lov, men slik at dei berre regulerer forseinking.

I § 422 første ledd foreslår departementet å auke ansvarsgrensa for forseinking av passasjerar til 4694 SDR for kvar passasjer. Grensa er i samsvar med det som gjeld ved lufttransport, jf. forskrift 6. januar 2011 nr. 9 om fraktførarens ansvar for skade ved lufttransport av passasjerar, reisegods og gods § 1 andre ledd. Sjå punkt 10.3 for grunngjevinga for denne løysinga.

I § 422 andre ledd foreslår departementet at ansvarsgrensa for tap eller skade av reisegods i 2002 Aten-konvensjonen òg vert lagt til grunn ved forseinking av reisegods, jf. punkt 10.3.

Til § 428

Paragrafen vert endra slik at det går fram at han berre gjeld for krav om erstatning for forseinking. I første ledd er formuleringa «kommet til skade eller» fjerna. Vidare er noverande andre ledd foreslått oppheva. Som ein konsekvens av at ansvar for skade på passasjerar og deira reisegods vil følgje direkte av internasjonale rettsakter, jf. § 418, vil eventuelle avgrensingar i kven som kan fremje krav om erstatning for død eller skade på passasjerar måtte forankrast i desse rettsaktene.

Til § 429

Første ledd er foreslått endra slik at det klart går fram at vernetingsreglane ikkje gjeld for tvistar om skade på personar og deira reisegods.

Andre ledd er på same vis endra til ikkje å gjelde tvistar om skade på personar og deira reisegods.

I tredje ledd, som er nytt, er det forslag om eigne reglar om verneting og anerkjenning og fullbyrding av dommar som gjeld ansvar for skade på passasjerar og deira reisegods. Som nemnt gjennomfører ikkje Aten-forordninga artikkel 17 og artikkel 17bis i 2002 Aten-konvensjonen, sjå punkt 5. Det er derfor naudsynt å gje eigne reglar for å gjennomføre prinsippa som er vedtekne av Rådet, jf. rådsvedtaket 2012/23/EU. For ei nærare utgreiing om dette, sjå punkt 11.3.

Tredje ledd første punktum bestemmer i tråd med rådsvedtaket 2012/23/EU fortalen premiss (4) at vernetingsreglane i 2002 Aten-konvensjonen artikkel 17 gjeld for krav etter § 418.

Tredje ledd andre punktum gjennomfører rådsvedtak 2012/23/EU artikkel 3 nr. 3, som bestemmer at reglane om anerkjenning og fullbyrding av dommar i Lugano-konvensjonen 2007 skal gjelde.

Etter tredje ledd tredje punktum går det fram at 2002 Aten-konvensjonen artikkel 17bis gjelder for krav etter § 418 som ikkje fell inn under verkeområdet til Aten-forordninga.

Til § 430

I første ledd er paragraftilvisingane endra for å reflektere endringane i nytt avsnitt IV §§ 419 følgjande.

Andre ledd vert foreslått oppheva. Høvet til å fråvike reglane om ansvar for skade på passasjerar og deira reisegods ved avtale på førehand følgjer no direkte av 2002 Aten-konvensjonen, jf. § 402, jf. § 418. Sjå òg merknaden til § 402.

Til § 431

I første og andre ledd er verkeområdet for regelen avgrensa til å gjelde for forseinkingsansvar ved at orda «for forsinkelse» er tilføydd etter «ansvaret» i begge ledd. Endringa er ei konsekvensendring av at reglane om ansvar for skade på passasjer og deira reisegods etter forslaget vil følgje direkte av internasjonale rettsakter som er inkorporerte i norsk rett, jf. § 418.

Til § 432

I første punktum foreslår departementet på bakgrunn av endringane i avsnitt IV i kapittel 15 å oppheve tilvisinga til § 422 første ledd. Vidare vert heimelen avgrensa til berre å gjelde passasjerfrakt i innanriksfart med skip som ikkje er omfatta av klasse A og B i direktiv 2009/45/EF, og som fører 12 passasjerar eller mindre. Dette har samanheng med at passasjerskip i internasjonal fart mellom Noreg og utlandet er underlagd tvungen forsikringsplikt etter dei internasjonale rettsaktene som er inkorporerte i lovforslaget § 418 første og tredje ledd. Det same gjeld for innanriksfart med skip av klasse A og B etter direktiv 2009/45/EF, jf. lovforslaget § 418 første ledd. For innanriksfart med skip som ikkje er omfatta av klasse A og B, og som er sertifisert til å føre meir enn 12 passasjerar, stiller lovforslaget § 418 andre ledd andre punktum opp eit legalkrav om ansvarsforsikring. I andre punktum foreslår departementet å utvide forskriftsheimelen slik at Kongen kan gje reglar som stiller krav til forsikring m.m. etter første punktum, og om forsikringsbevis. Forslaget har samanheng med lovforslaget § 418. Sjå òg punkt 8.3.

Til forsida