Prop. 54 LS (2012–2013)

Endringar i sjøloven (reglar om passasjeransvar, m.a. gjennomføring av forordning (EF) nr. 392/2009) og samtykke til ratifikasjon av 2002-protokollen til Aten-konvensjonen om transport av passasjerar og deira reisegods til sjøs, 1974, m.m.

Til innhaldsliste

6 Tilhøvet mellom forordninga og konvensjonen

Aten-forordninga gjennomfører ikkje 2002 Aten-konvensjonen artikkel 2 nr. 1, artikkel 17, artikkel 17bis, artikkel 19 og artikkel 22.

2002 Aten-konvensjonen artikkel 2 nr. 1 fastlegg verkeområdet for konvensjonen. I Aten-forordninga er denne erstatta av forordninga artikkel 2, som utvidar verkeområdet.

2002 Aten-konvensjonen artikkel 17 er føresegna som regulerer jurisdiksjon, medan artikkel 17bis regulerer anerkjenning og fullbyrding av rettsavgjerder. Bakgrunnen for at desse reglane ikkje er med i Aten-forordninga, er at dei har ei side til rådsforordning 44/2001 av 22. desember 2000 om domsmyndigheit og om anerkjenning og fullbyrding av dommar i sivile og kommersielle saker (Brussel I). Rådets vedtak 12. desember 2011 (2012/23/EU) gjeld dette spørsmålet. Når EU tiltrer konvensjonen, skal EU gje ei erklæring om at medlemsstatane har avstått kompetanse til fellesskapet på dei områda som er regulerte i artikkel 10 og artikkel 11 i 2002-protokollen, og at EU har nytta denne kompetansen til å vedta forordning 44/2001, jf. rådsvedtaket artikkel nr. 2. Vidare skal det gå fram av erklæringa at rettsavgjerder frå ein domstol i EU-landa om spørsmål som gjeld Aten-konvensjonen, skal verte anerkjende og fullbyrda etter dei relevante reglane i EU, jf. rådsvedtaket artikkel 2 nr. 3(1). Av erklæringa skal det òg gå fram at rettsavgjerder frå ein domstol i eit tredjeland om spørsmål som gjeld Aten-konvensjonen, og som er omfatta av Lugano-konvensjonen, skal verte anerkjende og fullbyrda i EU-statane etter reglane i Lugano-konvensjonen, jf. rådsvedtaket artikkel 2 nr. 3(3). Dette gjeld både Lugano-konvensjonen 30. oktober 2007 om domsmyndigheit og om anerkjenning og fullbyrding av dommar i sivile og kommersielle saker og, der dette er relevant, Lugano-konvensjonen 16. september 1988 om domsmyndigheit og om anerkjenning og fullbyrding av dommar i sivile og kommersielle saker. Reglane i 2002 Aten-konvensjonen artikkel 17 om kompetent domstol skal gå framfor reglane i EU, jf. rådsvedtaket fortala premiss (4). EU deponerte eit tiltredingsdokument til 2002 Aten-konvensjonen 15. desember 2011, og har gjeve ei slik erklæring.

2002 Aten-konvensjonen artikkel 19 har ein regel om at konvensjonen ikkje skal ha innverknad på rettar og plikter som følgjer av internasjonale konvensjonar som gjeld avgrensing av ansvar for eigarar av sjøgåande skip. Slik departementet vurderer det, er det nok først og fremst den internasjonale konvensjonen om avgrensing av ansvar for sjørettslege krav 1976, som endra ved 1996-protokollen (1996 LLMC) ein tenker på her. Aten-forordninga artikkel 5 fastslår at forordninga ikkje har innverknad på rettar og plikter etter nasjonal lovgjeving som gjennomfører 1996 LLMC og framtidige endringar i den nemnde konvensjonen. Departementet vurderer det slik at Aten-forordninga artikkel 5 tek høgde for det sentrale i 2002 Aten-konvensjonen artikkel 19, slik at det ikkje har praktiske konsekvensar at Aten-forordninga ikkje gjennomfører 2002 Aten-konvensjonen artikkel 19.

2002 Aten-konvensjonen artikkel 22 har reglar om at ein konvensjonsstat, i samband med signering, ratifikasjon, aksept, godkjenning eller tiltreding til konvensjonen, skriftleg kan gje melding om at staten ikkje vil la konvensjonen gjelde der passasjerar og bortfraktarar er statsundersåttar i den aktuelle staten. Etter denne føresegna står ein stat fritt til når som helst å trekkje ei slik melding. Når denne regelen ikkje er gjennomført i forordninga, har det samanheng med at EU vil at reglane skal vere obligatoriske i EU/EØS. Manglande gjennomføring av artikkelen har ingen annan konsekvens enn at Noreg, innanfor verkeområdet av forordninga, ikkje kan gje slik melding.

Til forsida