Prop. 54 S (2010–2011)

Samtykke til ratifikasjon av avtale om hamnestatskontroll i fiskeria av 22. november 2009

Til innhaldsliste

2 Forhandlingane

Hausten 2006 oppmoda FN gjennom Generalforsamlinga sin resolusjon 61/105, FNs matvareorganisasjon FAO om å utarbeide ein global bindande avtale om hamnestatskontroll for fartøy som landar fisk i hamn frå fiskefeltet. Bakgrunnen var at det var nødvendig med globalt samarbeid mellom hamnestatar for å møte utfordringane som følgje av ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) med internasjonalt landingsmønster. Gjennom hamnestatskontroll samarbeider statar om ikkje å ta i mot fisk i hamn når fangsten er i strid med ansvarleg forvaltning.

Dei folkerettslege instrumenta om kontroll med fisket i internasjonalt farvatn kviler i stor grad på at dei statane som fiskar samarbeider om forvaltninga. Statane blir einig om reguleringar, kontrollerer eigne fartøy og sanksjonerer brot i tråd med avtalar om forvaltninga til havs. Likevel skjer overfiske i område utanfor statars fiskerijurisdiksjon, med fartøy frå statar som ikkje evnar eller ønskjer å drive ansvarleg fiske. Omfanget er svært usikkert, men verdien av globalt overfiske har vore vurdert til mellom 50 og 100 milliardar kroner årleg. Når flaggstaten sin kontroll med fisket sviktar, er det behov for eit bakanforliggjande kontrollsystem.

Folkeretten gir hamnestaten høve til å kontrollere framande fartøy i eiga hamn. Gjennom nærare krav om kontroll i hamner, kan statane samarbeide om tiltak mot fartøy som er involverte i UUU-fiske, for å støtte opp om fiskeriforvaltning andre stader i verda. Målet er på sikt å hindre eller gjere det mindre lønnsamt å lande fisk som er fanga utanfor ansvarleg berekraftig forvaltning.

Forhandlingane om ein bindande avtale om hamnestatskontroll i fiskeria starta etter at Noreg fremma forslag om ein slik avtale under revisjonskonferansen for FN-avtalen om fiske på det opne hav i FN i New York 22- 26. mai 2006. Revisjonskonferansen sa seg samd i at det var behov for eit slikt arbeid, og hausten 2006 bad FN i Generalforsamlingsresolusjon 61/105 om at FAO skulle setje i gang arbeidet. I 2007 inviterte FAO medlemslanda sine til forhandlingar.

FAO har etter dette halde fire rundar med tekniske konsultasjonar. I tillegg vart det halde eit møte i november 2008, der det vart semje om den endelege utforminga av nødvendige tekniske vedlegg til avtalen.

Under vegs i forhandlingane har det vore brei geografisk oppslutning om avtalen og verdien av å få dette på plass. Noreg har, i tillegg til å vere initiativtakar og pådrivar, finansiert til saman ca. 2/3 av forhandlingane. I tillegg har Nordisk Råd støtta arbeidet.