Prop. 54 S (2010–2011)

Samtykke til ratifikasjon av avtale om hamnestatskontroll i fiskeria av 22. november 2009

Til innhaldsliste

7 Vurdering og tilråding

Eit globalt samarbeid mellom hamnestatar er nødvendig for å møte utfordringane som følgjer av ulovleg, urapportert og uregulert fiske med internasjonalt landingsmønster. Frå og med 1. mai 2007 vart det innført felles føresegner om kontroll av landingar av frosen kvitfisk i NEAFC-partane sine hamner. Tiltaka har hatt stor effekt og det er konstatert nedgang i overfisket og ikkje minst at større kvanta blir landa i heimlege trakter (Noreg og Russland) – fordi det er blitt mykje vanskelegare å lande svartfisk ulovleg i utanlandske hamner.

Mange av fartøya som tidlegare dreiv svartfiske i farvatna våre har no flytta seg til andre delar av verda. Ein global hamnestatsavtale er viktig for ikkje berre å skuve problema vekk frå nærområda våre, men å hjelpe til med ansvarleg forvaltning og matvaretryggleik globalt. Mange av dei tiltaka Noreg har etablert og gjennomført dei siste åra vil gjennom denne avtalen bli internasjonale minimumsstandardar.

Noreg er tent med ei slik opprusting av tiltaka mot UUU-aktivitetar. Eit sentralt poeng for Noreg med ein global avtale har vore å bidra til at problemet med UUU-fiske blir løyst globalt og ikkje berre i nærområda våre. Sett i samanheng med handelstiltak som blant anna EU har vedteke for å sikre at ikkje UUU-fisk blir importert til den indre marknaden, blir det danna ei grense rundt dei viktigaste marknadene mot ulovleg fisk og fiskeprodukt. Dette vil kome lovlydige fiskarar over heile verda til gode, det vil verne om reproduksjonsevna til fiskebestandane og bidra til at konsumentane kan stole på at den fisken dei kjøper er ei etisk god vare, hausta innanfor forsvarlege rammer.

Fiskeri- og kystdepartementet tilrår at avtalen blir ratifisert. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.