Prop. 54 S (2010–2011)

Samtykke til ratifikasjon av avtale om hamnestatskontroll i fiskeria av 22. november 2009

Til innhaldsliste

5 Gjennomføring i norsk rett

Dei tiltaka som avtalen legg opp til vil ikkje kreve lovendring. Ved Ot.prp. nr. 98 for 2005-2006 vart det introdusert endringar i gjeldande lovverk med sikte blant anna på å gjennomføre NEAFC sitt hamnestatsregime, som langt på veg fell saman med dei tiltaka som no blir globale gjennom denne avtalen. Havressurslova av 6. juni 2008 vidarefører dei relevante lovheimlane frå Ot.prp. nr. 98 for 2005-2006.

Gjennomføring av den globale hamnestatsavtalen i Noreg gjer det nødvendig med nokre endringar i forskrifter, som vil vere vedtekne og i kraft før konvensjonen trer i kraft for Noreg.

Når det gjeld Svalbard er det lagt til grunn at det finst tilstrekkeleg lovheimel for å introdusere tiltak av denne typen på Svalbard om nødvendig. I dag er det ikkje fiskemottak på Svalbard, og det har så langt ikkje vore behov for praktisk gjennomføring der. Det blir likevel lagt opp til at avtalen også kan gjennomførast på Svalbard. Havressurslova gjeld i sjøterritoriet og i indre farvatn på Svalbard, men det vil være nødvendig å gje enkelte delar av den verknad for landterritoriet gjennom forskrift, jf. Havressurslova § 4, første og andre ledd.

Endringane vil kome på plass i god tid før avtalen trer i kraft. Når nødvendige forskriftsendringar er på plass vil Norge varsle depositaren om mellombels bruk av avtalen, jf. artikkel 32.