Prop. 54 S (2010–2011)

Samtykke til ratifikasjon av avtale om hamnestatskontroll i fiskeria av 22. november 2009

Til innhaldsliste

4 Nærare om dei enkelte føresegnene i konvensjonen

Konvensjonen har ein innleiande fortale, ein hovuddel med artiklar og fem vedlegg knytt til inspeksjon og informasjonsutveksling. I det følgjande blir artiklane til konvensjonen og vedlegg med tekniske reglar omtalt. Reglane som er tekne inn i konvensjonen sine vedlegg, har enklare endringsprosedyrar enn artiklane til konvensjonen.

4.1 Føresegnene i konvensjonen

Konvensjonen innleier med ein fortale, som viser til behovet for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske og at hamnestatstiltak kan vere med og sikre langsiktig berekraftig forvaltning av dei viltlevande marine ressursane. Det blir vist til det folkerettslege rammeverket for slike tiltak.

Artikkel 1 inneheld nødvendige definisjonar. Sjølve uttrykket «UUU-fiske» er tidlegare definert i FAO sin internasjonale handlingsplan av 2001 for å førebyggje, forhindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske, og uttrykket blir brukt på same måte her.

Artikkel 2 gir formålet med avtalen, som er å førebyggje, forhindre og eliminere UUU-fiske ved å gjennomføre effektive hamnestatstiltak og dermed sikre langsiktig bevaring og berekraftig bruk av levande marine ressursar og marine økosystem.

Artikkel 3 gir bruksområdet til avtalen. Avtalen gjeld for UUU-fiske og for fiskerelatert aktivitet til støtte for slikt fiske. Som fiskerelatert aktivitet blir rekna generelt dei operasjonane som støttar og gjer det mogleg å drive UUU-fiske til havs. Partane skal bruke avtalen for å sikre at framande fartøy som kjem til deira hamner ikkje er involverte i slik aktivitet.

Artikkel 4 inneheld tolkingsføresegn om forholdet til andre folkerettslege reglar. Enkelte atterhald om bruken har vore nødvendig å ta inn for dei tilfelle der det for eksempel blir fiska i havområde der det er usemje om kva stat som har jurisdiksjon.

Artikkel 5 og 6 i konvensjonen slår fast at statane skal sørgje for samarbeid både mellom forskjellige samfunnssektorar nasjonalt og med andre statar internasjonalt. Statane skal støtte forvaltninga til kvarandre og utveksle informasjon med kvarandre og med FAO.

Artikkel 7 i konvensjonen seier at det skal peikast ut hamner der det er tilstrekkeleg kapasitet til å kontrollere at det ikkje skjer brot på avtalen.

Artikkel 8 gir reglar om førehandsmelding ved anløp til hamn, slik at hamnestaten får tilgang på nødvendige opplysningar.

Artikkel 9 gir ei plikt til ikkje å tillate hamneanløp for fartøy dersom hamnestaten er kjent med at fartøyet har drive ulovleg, urapportert og uregulert fiske eller fiskerirelaterte aktivitetar. Hamnestaten kan likevel sleppe fartøyet inn for å inspisere fartøyet og gjere andre passande tiltak som er minst like effektive som å nekte løyve, for å førebyggje, forhindre, og eliminere UUU-fiske og fiskerelatert aktivitet til støtte for slikt fiske.

Artikkel 10 gir unntak for force majeure og havsnaud.

Artikkel 11 går gjennom avgrensingar i bruk av hamna som skal tre i kraft dersom det blir avdekt at fartøy som har kome i hamn har teke del i ulovleg, urapportert og uregulerte fiske eller fiskerelaterte aktivitetar til støtte for slikt fiske.

Artikkel 12 stiller krav om å ha eit tilstrekkeleg tal inspeksjonar for å sikre at målet med avtalen blir oppfylt. Føresegna viser også til forhold som det er særleg viktige å prioritere for inspeksjon, slik som fartøy som tidlegare er nekta anløp til hamn etter avtalen, eller der andre statar har oppmoda om at fartøyet blir inspisert.

Artikkel 13 og 14 inneheld krav til kvaliteten på dei inspeksjonane som hamnestaten skal gjennomføre for å sikre at fartøy som nyttar hamna deira ikkje bruker denne som base for UUU-fiske og fiskerelatert aktivitet til støtte for slikt fiske. Krava skal både sikre at inspeksjonen er eigna til å avdekkje aktuelle forhold, og at gjennomføringa av inspeksjonen skjer på ein forsvarleg måte med respekt for både inspektør og fartøy.

Artikkel 15 seier at resultat av inspeksjon skal delast med fartøya sin flaggstat og andre relevante statar.

Artikkel 16 opnar for at informasjon kan formidlast elektronisk. Statane skal velje designerte kontaktpunkt for slik informasjon og formidle desse til FAO.

Artikkel 17 gir partane ei plikt til å sørgje for at inspektørar har nødvendig kunnskap og opplæring til å handtere inspeksjonar etter denne avtalen.

Artikkel 18 tilviser ytterlegare tiltak som skal setjast i verk dersom inspeksjon etter dei føregåande føresegnene gir klart grunnlag for å tru at eit fartøy har drive UUU-fiske eller fiskerelatert aktivitet til støtte for slikt fiske. Slike tiltak er likevel minimumstiltak, og føresegna slår fast at hamnestaten står fritt til å setje i verk andre tiltak den ønskjer i samsvar med folkeretten.

Artikkel 19 inneheld føresegner for å sikre at eigaren, operatøren, sjefen eller representanten til fartøyet kan få tilgang til relevante opplysningar om inspeksjonen og om kva slags klagerett som er tilgjengeleg.

Artikkel 20 inneheld særskilte føresegner om flaggstatane sitt ansvar for å kontrollere deira eigne fartøy, mellom anna for å skaffe opplysningar om fangst som er teken av deira fartøy, og for å sørgje for at fartøya deira samarbeider med hamnestaten.

Artikkel 21 inneheld føresegner om bistand for utviklingsland. Når avtalen er trådd i kraft skal partane etablere ei arbeidsgruppe som skal vurdere dei spesielle behova til partar med status som utviklingsland i samband med gjennomføringa av avtalen. Partane skal ta omsyn til rapportane og eventuelle tilrådingar frå arbeidsgruppa og setje i verk passande tiltak.

Artikkel 22 har føresegn om korleis tvisteløysing skal gå føre seg. Tvistar kan løysast ved forhandlingar, gransking, mekling, mellomkomst, skilsdom, rettsleg avgjerd eller med andre fredelege middel som dei sjølve vel. Tvistar som ikkje blir løyst slik, kan med samtykke frå partane i tvisten bli bringa inn for Den internasjonale domstol eller Den internasjonale havrettsdomstol for avgjerd.

Artikkel 24 seier at FAO fører tilsyn med avtalen. Fire år etter at avtalen trådde i kraft skal det kallast inn til eit møte for å gå gjennom og evaluere kor effektiv avtalen er. Det kan haldast fleire slike møte dersom partane fastset det.

Artikkel 26 fastset at avtalen krev ratifikasjon, godtaking eller godkjenning.

Artikkel 27 fastset at avtalen er open for tiltreding etter at perioden for underteikning er ute.

Artikkel 28 er ein særregel som dekkjer forholdet til EU si framtidige tiltreding.

Artikkel 29 seier at avtalen trer i kraft tretti dagar etter datoen då det 25. ratifikasjons-, godtakings-, godkjennings- eller tiltredingsdokumentet er deponert hos depositaren.

Artikkel 30 og 31 dekkjer atterhald og erklæringar. Det er ikkje høve til å ta atterhald eller gjere unntak frå avtalen, men det er mogleg å gi erklæring eller fråsegn med sikte på blant anna å harmonisere eigne lover og forskrifter med føresegnene i denne avtalen, så sant slik erklæring eller fråsegn ikkje går ut på å utelukke eller modifisere den juridiske verknaden.

Artikkel 32 seier at avtalen skal brukast mellombels av statar eller regionale organisasjonar for økonomisk integrasjon som samtykkjer i at den blir brukt mellombels ved å varsle depositaren skriftleg om dette.

Artikkel 33 inneheld føresegner om korleis avtalen kan endrast.

Artikkel 34 gir føresegner om endring av vedlegga. Vedlegga utgjer ein integrert del av avtalen, men fordi vedlegga må ta høgde for den tekniske utviklinga av hamnestatskontrollen, er det lettare å endre vedlegga enn å endre sjølve avtalen.

Artikkel 35 gjeld oppseiing av avtalen. Kvar part kan sei opp avtalen når som helst etter eitt år frå datoen då avtalen trådde i kraft for vedkomande part, som får verknad eitt år etter meddeling om slik oppseiing til depositaren.

FAO vil vere depositar for avtalen.

4.2 Vedlegg

Vedlegg A til avtalen fastset kva for opplysningar som minimum skal gis på førehand av fartøy som søkjer anløp i hamn.

Vedlegg B gir prosedyrer for gjennomføring av hamnestatskontrollinspeksjon.

Vedlegg C inneheld eit standardisert format for korleis rapporten frå hamnestatskontrollinspeksjonar skal førast.

Vedlegg D inneheld føresegner for å standardisere og straumlinjeforme utveksling av informasjon.

Vedlegg E inneheld retningslinjer for opplæring av nasjonale inspektørar, for å sikre at dei er i stand til å handtere krava som følgjer av avtalen.