Prop. 57 S (2010–2011)

Utbygging og finansiering av ny E39 mellom Astad og Knutset i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

2 Dagens situasjon og prosjektomtale

Eksisterande veg har dårleg standard med busetnad som ligg tett inntil vegen. Store delar av strekninga har i dag nedsett fartsgrense. Det har i tillegg vore eit ønskje om å prioritera gang- og sykkelveg på strekninga, men ei utbygging langs eksisterande veg er relativt kostbar på grunn av terrengforholda og busetnaden langs vegen. Det er venta auka trafikk som følgje av at bompengeinnkrevjinga på Krifast blir avslutta rundt årsskiftet 2011/2012.

Prosjektet omfattar bygging av ein ny tofelts veg på 5,6 km frå Astad sentrum til Knutset. Den nye vegen blir bygd utanom eksisterande busetnad og vil gje 80-sone på heile strekninga. Bygging av ny veg medfører at det ikkje lenger vil vera nødvendig med ny gang- og sykkelveg langs den eksisterande vegen.

Figur 2.1 E39 Astad – Knutset

Figur 2.1 E39 Astad – Knutset

Prosjektet Knutset – Høgset skal, slik planen er i dag, førast ned på eksisterande E39 ved Knutset. Dersom utbygginga blir forlenga til Astad, vil ei slik nedføring bli unødvendig. Ein unngår derfor å bygga ned dyrka jord der nedføringa til eksisterande E39 skulle ha vore. Andre positive effektar ved å sjå heile strekninga i samanheng, er at tunnelmassane frå prosjektet Knutset – Høgset kan brukast på strekninga Astad – Knutset. Dette er ein fornuftig ressursbruk og gjer sitt til at anleggsdrifta blir meir effektiv. Ein konsekvens av å bygga heile strekninga i samanheng er at ferdigstillinga av prosjektet Knutset – Høgset vil bli utsett med om lag eitt og eit halvt år.

Utbygginga er planlagt starta vinteren 2011 med forventa trafikkopning i 2013, samtidig med Knutset – Høgset.