Prop. 57 S (2010–2011)

Utbygging og finansiering av ny E39 mellom Astad og Knutset i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

3 Planstatus, kostnadsoverslag og trafikkgrunnlag

Det ligg føre godkjent reguleringsplan for strekninga. Kostnadsoverslaget er 142 mill. 2010-kr. Netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til –90 mill. kr, med netto nytte per budsjettkrone (NNB) på –0,6. Nettonytte over totale kostnader er rekna til –0,3.

Det er lagt opp til at innkrevjing vil skje både på ny og eksisterande veg via to bomstasjonar nord for Astad. Trafikkteljingar viser at årsdøgntrafikken (ÅDT) i dag er på om lag 1900 køyretøy på denne strekninga.

Prosjektet E39 Renndalen – Staurset langs Vinjefjorden vart opna for trafikk hausten 2010. Dette vil truleg føra til at ein større del av trafikken mellom Trondheim og Molde/Ålesund vil velja å køyra E39. Det er derfor lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 2 pst. fram til 2013. I tillegg vil bompengeinnkrevjinga på Krifast bli avslutta før innkrevjinga av bompengar på Astad – Knutset startar opp. Som følgje av dette er det lagt til grunn at trafikken vil auka med 20 pst. Ut frå dette er ÅDT rekna til om lag 2400 køyretøy i 2013. Den vidare veksten i trafikken etter opning er rekna til 0,9 pst. per år. Dette er noko høgare enn fylkesprognosen som ligg til grunn for arbeidet med Nasjonal transportplan 2010-2019. Dette skuldast forventa overføring av trafikk til E39 frå andre ruter som følgje av at det blir bygd ny veg langs Vinjefjorden.