Prop. 57 S (2010–2011)

Utbygging og finansiering av ny E39 mellom Astad og Knutset i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

5 Finansierings- og bompengeopplegg

I tråd med Statens vegvesen sitt handlingsprogram er det lagt til grunn 30 mill. kr i statlege midlar, fordelt med 15 mill. kr i perioden 2010-2013 og 15 mill. kr i perioden 2014-2019. Vidare er det lagt til grunn 112 mill. kr i bompengar til prosjektet, noko som inneber at vel 78 pst. av utbyggingskostnadene er føresett dekka med bompengar. Det er lagt opp til at bompengeselskapet i perioden 2010-2013 forskotterer 15 mill. kr av dei statlege midlane mot refusjon i perioden 2014-2019. Det er lagt til grunn byggjestart vinteren 2011 med forventa trafikkopning i 2013.

Tabell 5.1 Finansieringsplan (Mill. 2010-kr)

2010-2013

2014-2019

Sum

Statlege midlar

15

15

30

Bompengar

127

-15

112

Sum

142

0

142

Samferdselsdepartementet har ei fullmakt frå Stortinget til å inngå avtaler om forskottering av midlar til vegformål utover gitt løyving på kap. 1320 Statens vegvesen, postane 30, 31, 36 og 37.

Tradisjonelt er forskotteringar gjort av kommunar, fylkeskommunar, næringsliv m.m. Det er etter kvart også blitt ein del tilfelle der bompengeselskap forskotterer statlege midlar, slik det er forslag om i denne proposisjonen. Samferdselsdepartementet har til no ikkje rekna forskottering med bompengar inn i dei samla forskotteringane som blir omfatta av fullmaktsgrensa. Samferdselsdepartementet legg opp til å endra denne praksisen.

Fullmaktsgrensa for 2010 er heva frå 1 500 mill. kr til 2 100 mill. kr gjennom handsaminga av Prop. 47 LS (2010-2011), jf. nærare omtale der. Fullmaktsgrensa for 2011 som vart vedtatt ved handsaminga av Prop. 1 S (2010-2011), er på 1 500 mill. kr. Den nye praksisen som det er lagt opp til, inneber at både tidlegare vedtekne forskotteringar med bompengar og forskottering i bompengesaker som det er planar om å leggja fram i 2011, vil måtte vera innafor fullmakta. Det er på den bakgrunn nødvendig å heva fullmakta vesentleg. Samferdselsdepartementet vil derfor koma tilbake med forslag for Stortinget til å heva fullmaktsgrense tidleg i 2011.

Ein eventuell kostnadsauke opp til 10 pst. skal dekkast etter same prosentvise fordeling med statlege midlar og bompengar opp til kostnadsoverslaget. Auke ut over 10 pst. er staten sitt ansvar og må følgjeleg bli finansiert med statlege midlar. Tilsvarande skal kostnadsreduksjonar på inntil 10 pst. fordelast mellom staten og bompengeselskapet etter same prosentvise fordeling som i finansieringsplanen. Kostnadsreduksjonar utover 10 pst. tilfell staten. Auka inntening eller lågare kostnader for bompengeselskapet enn opphavleg rekna med skal nyttast til å redusera innkrevjingstida.

Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing i automatiske bomstasjonar på ny og gamal veg. Innkrevjinga startar når prosjektet opnar for trafikk i 2013. Trafikkføresetnadene går fram av kap. 3.

Det er lagt til grunn ein gjennomsnittleg takst på 20 kr i 2009-prisnivå. Kor høg grunntaksten må vera, vil avhenga av rabattsystemet. Det er lokalt ikkje gjort vedtak om rabattsystem. Statens vegvesen har tilrådd at det blir lagt opp til eit system med 20 pst. rabatt for dei som inngår AutoPASS-avtale med bompengeselskapet og ein flat brikkerabatt på 10 pst. for dei med brikke frå andre bompengeselskap. Dette vil gje ein takst for lett bil på 21–25 2010-kr og med dobbel takst for tunge køyretøy. Eit takstsystem med rabattar frå 30 til 50 pst. vil føra til auka grunntakst. Strekninga er ein del av TERN-vegnettet, og fell dermed inn under verkeområdet for Eurovignettdirektivet. Det er i Eurovignettdirektivet ei maksimal grense for Rabatt på 13 pst. Norge prøver å få unntak frå dette kravet og har derfor førebels ikkje implementert direktivet.

Takstane er føresett justerte i samsvar med prisutviklinga. Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn føresett, er det lagt til grunn at selskapet etter avtale med Vegdirektoratet kan auka takstane med inntil 20 pst. og forlenga innkrevjingsperioden med inntil 5 år. Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Lånerente: 8 pst.

  • Årleg prisstigning: 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 2 mill. kr

  • Årsdøgntrafikk i opningsåret 2013: 2400 køyretøy

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 9,5 år. Dersom det blir lagt til grunn ei lånerente på 6,5 pst., er innkrevjingsperioden rekna til 8,5 år.

Det er i tillegg rekna på eit pessimistisk alternativ med følgjande føresetnader:

  • Lånerente: 8 pst.

  • 10 pst. kostnadsauke

  • 10 pst. trafikkbortfall

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til 12 år. Prosjektet ligg følgjeleg an til å få ein relativt kort nedbetalingsperiode og er robust i høve til endringar i føresetnadene.

Innkrevjinga er basert på AutoPASS-systemet. Betaling vil skje ved bruk av elektronisk brikke eller ved etterskottsvis fakturering basert på videofotografering av registreringsnummeret på køyretøyet. Det blir også lagt opp til å kunna betala ved nærliggande servicestasjonar som har avtale med bompengeselskapet. I St.meld. nr. 17 (2006-2007) gjekk regjeringa inn for at det framleis må vera tilbod om anonyme løysingar i samanhengar der det ikkje er naudsamt å identifisera seg. Samferdselsdepartementet har nedsett ei arbeidsgruppe som skal sjå på personvernutfordringane i heilautomatiske bomstasjonar, og moglegheita for å utvikla ei anonym betalingsløysing som eit suplement til dagens AutoPASS-løysing. Arbeidet pågår.

Med det føreslåtte innkrevjingsopplegget og dei føresetnadene som ligg til grunn for bompengevurderingane, vil trafikantane betala om lag 200 mill. kr i bompengar. Av dei innbetalte bompengane vil om lag 112 mill. kr gå til å dekka anleggskostnader, 22 mill. kr til innkrevjing og drift av bompengeselskapet og om lag 66 mill. kr til å dekka finansieringskostnader.