Prop. 57 S (2010–2011)

Utbygging og finansiering av ny E39 mellom Astad og Knutset i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

7 Samferdselsdepartementet si vurdering

Når prosjektet Knutset – Høgset er ferdig bygd, vil det vera god standard på om lag halvparten av E39 langs nordsida av Batnfjorden. Ein ny veg vidare til Astad vil gje vesentlege gevinstar for bilistar og andre trafikantar. Ved å bygga parsellane Knutset – Høgset og Astad – Knutset i samanheng vil ein samla sett få ei meir effektiv utbygging av strekninga.

Gjemnes kommune har bede om at det blir venta med oppstart av bompengeinnkrevjinga til innkrevjinga for Krifast er avslutta. Slik det ser ut i dag vil innkrevjinga på Krifast bli avslutta rundt årsskiftet 2011/2012, over eit år før Astad – Knutset er forventa ferdigstilt. Dersom prosjektet Astad – Knutset blir ferdig før innkrevjinga er avslutta, er Samferdselsdepartementet samd med Gjemnes kommune i å venta til innkrevjinga på Krifast er ferdig før innkrevjing startar på E39 Astad – Knutset.

Kristiansund kommune har som einaste høyringsinstans bede om at det ikkje blir kravd inn bompengar på eksisterande veg. Samferdselsdepartementet vil ikkje tilrå dette, då det av omsyn til trafikktryggleiken er ønskeleg å få all gjennomgangstrafikk over på ny veg.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer ei ordning som gjev fritak eller rabatt for lokalbefolkninga i visse delar av kommunen. Samferdselsdepartementet ser praktiske problem med ei slik ordning. Gjemnes kommune har heller ikkje bede om slike ordningar i sitt kommunestyrevedtak. Med det opplegget som her er valt, er det god samanheng mellom nytte og betaling. Samferdselsdepartementet finn derfor ikkje å kunna gå inn for fritak eller spesielle rabattordningar.

Samferdselsdepartementet har merka seg at det ikkje er gjort vedtak om kva for rabattsystem som skal brukast i bompengeordninga, men at det er lagt til grunn ein gjennomsnittstakst på 20 2009-kr. Samferdselsdepartementet støttar tilrådinga frå Statens vegvesen om eit system med flat brikkerabatt på 10 og 20 pst. Statens vegvesen Vegdirektoratet vil fastsetja endeleg takst- og rabattsystem etter uttale frå kommune og fylkeskommune.

Finansieringsplanen er svært robust i forhold til eventuell kostnadsauke eller redusert inntening, og sjølv pessimistiske prognosar vil ikkje gje ein lengre innkrevjingsperiode enn 12 år.