Prop. 77 L (2010–2011)

Endringar i aksjelova mv.

Til innhaldsliste

6 Departementets vurderingar

Departementet foreslår ei endring av aksjelova § 16-16 første ledd i samsvar med framlegget i høyringsnotatet. Forslaget går ut på at det ikkje skal vere eit krav etter føresegna at varselet må vere kome fram til selskapet, men at det er tilstrekkeleg at Brønnøysundregistra har sendt selskapet varsel om at vilkåra for å løyse opp selskapet etter § 16-15 er oppfylt.

Ingen av høyringsinstansane har gått imot forslaget om endringa i § 16-16 første ledd, men Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) har i si høyringsfråsegn foreslått at det i staden skal sendast rekommandert varsel i samband med kunngjeringa etter § 16-16 andre ledd. NHO har blant anna vist til omsynet til rettstryggleiken for selskapa.

Departementet sitt utgangspunkt er at ei avgjerd om å løyse opp og avvikle eit selskap er inngripande. Ei avgjerd om oppløysing vil kunne ha stor verknad både for selskapet og for personar med interesser i selskapet. Tingretten treffer avgjerd om oppløysing utan ytterlegare prøving av grunnlaget for oppløysinga. Dette gjer varslings- og kunngjeringsreglane viktige. Ved vurderinga av den framlagte endringa har det såleis frå departementet si side vore eit klart siktemål at varslings- og kunngjeringssystemet skal vareta rettstryggleiken til selskapa.

I tilfelle av at det ligg føre ein grunn til å løyse opp selskapet etter § 16-15, er varslingsreglane lagt opp slik at selskapet skal få to varsel, begge med rommelege fristar til å bringe forholdet i orden. Første varsel skjer direkte til selskapet, med ein fire vekers frist til å rette opp forholdet, jf. § 16-16 første ledd. Andre varsel skjer ved kunngjering i Føretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret og i ei avis som er alminneleg lese på forretningsstaden til selskapet, med frist på ein månad til å rette opp forholdet, jf. § 16-16 andre ledd.

Det er departementet si vurdering at systemet for varsling om oppløysing på bakgrunn av forhold som nemnt i aksjelova § 16-15 i tilstrekkeleg grad vil vareta omsynet til selskapa sin rettstryggleik utan at det må stillast krav om at varselet etter § 16-16 første eller andre ledd skal vere kome fram til selskapet.

Departementet vil i denne samanhengen peike på at oppløysingsgrunnane i aksjelova § 16-15 er forhold som ligg innanfor kunnskaps- og kontrollsfæren til selskapa. Varselet og kunngjeringa gjeld forhold som ein må kunne vente at selskapet har kjennskap til frå før. At selskapet ikkje har sendt inn årsrekneskap, er til dømes eit omstende selskapet er kjent med sjølve. For nokre av forholda som er omfatta av § 16-15, er det også slik at lova oppstiller krav om at selskapa skal bli varsla av vedkommande rolleinnehavar ved fråtreden. Som Brønnøysundregistra peikte på i si høyringsfråsegn, skal selskapa få varsel frå styremedlem ved fråtreden før tenestetida er ute, jf. aksjelova § 6-7 første ledd. Dette gjeld også for revisor sin fråtreden, jf. lov 15. januar 1999 nr. 2 om revisjon og revisorer § 7-1 tredje ledd. At det blir sendt varsel om tvangsoppløysing, er etter dette noko selskapet bør kunne sjå for seg på førehand.

Departementet viser òg til det som blei sagt i høyringsbrevet om at kunngjeringssystemet er modernisert dei siste åra. Det ligg no vel til rette for at selskapa skal kunne varslast gjennom den elektroniske kunngjeringsdatabasen, og det ligg til rette for ein føresetnad om at selskapa følgjer med i kunngjeringsdatabasen.

Eit krav om at varselet om tvangsoppløysing etter § 16-16 må vere kome fram til selskapet, vil i praksis innebere at Brønnøysundregistra må leggje om systemet frå varsling ved ordinær utsending av post til varsling ved rekommandert sending. Som det går fram av punkt 4 ovanfor, har bakgrunnen for lovforslaget i hovudsak vore at ei slik omlegging vil føre til eit meir kostbart og tidkrevjande varslingssystem for Brønnøysundregistra. I det noverande systemet hos Brønnøysundregistra blir varsel etter § 16-16 første ledd handsama automatisk i systemet, etter ei automatisk melding om avvik frå føresegna i aksjelova § 16-15. Ei omlegging til rekommandert utsending av varsel vil innebere at handsaming og kontroll av utsendingar i stor grad må skje manuelt. Ei slik løysing vil, slik departementet ser det, ikkje vere i samsvar med utviklinga mot eit automatisert registreringssystem i Brønnøysundregistra. Departementet viser til arbeidet over fleire år med sikte på å auke elektronisk kommunikasjon mellom registra og brukarane, elektroniske oppslag mot ulike register, abonnementsordningar m.m. Det er departementet si oppfatning at den framlagte endringa i § 16-16 første ledd vil leggje til rette for den mest effektive handhevinga av selskapa si plikt til å syte for at dei formelle forholda etter aksjelova § 16-15 er i samsvar med lova.

Ein regel som inneber at varsel etter § 16-16 må skje ved rekommandert brev, vil, som det blei peikt på i høyringsbrevet, føre til at det blir mogleg for useriøse selskap å trenere saker om tvangsoppløysing. Eit selskap som veit det står i fare for å bli tvangsoppløyst, kan hindre dette ved å la vere å hente ut rekommanderte brev. Ved eit krav om at varsel skal vere kome fram hos selskapet, vil oppløysingsprosessen såleis kunne stanse opp i dei sakene der det er størst behov for oppløysing av selskapet. Tvangsoppløysing etter aksjelova §§ 16-15 flg. er ein sanksjon mot pliktbrot frå selskapet si side. Dersom slike selskap får drive vidare til tross for at det er grunnlag for å løyse dei opp etter §§ 16-15 flg., kan det svekke tilliten til aksjeselskapsforma.

Når det gjeld tilfelle der selskapet ikkje er registrert med riktig adresse i Brønnøysundregistra, vil det vere slik at heller ikkje ei utsending av rekommandert brev vil nå selskapet.

Departementet foreslår òg å følgje opp forslaget om endring av aksjelova § 16-17. Departementet finn det hensiktsmessig at det går klart fram av lova at det ikkje er avgjerande for tingretten sin kompetanse etter § 16-17 at varsel er sendt etter § 16-16 første ledd, men at varsel er kunngjort etter § 16-16 andre ledd. Det kan vere vanskeleg å dokumentere at varsel er sendt, men med ein slik regel unngår ein at ein får opp påstandar om at Føretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret ikkje har sendt varsel etter § 16-16 første ledd.